Elias Canetti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elias Canetti

Fødd25. juli 1905
Ruse
Død14. august 1994
Zürich
NasjonalitetStorbritannia, Bulgaria
Områderoman
Yrkeskribent, aforismeforfatter, skodespelforfattar, kjemikar, essayist
Alma materUniversitetet i Wien
EktefelleVeza Canetti
MedlemDeutsche Akademie für Sprache und Dichtung
Bayerische Akademie der Schönen Künste

Elias Canetti (25. juli 190513. august 1994) var ein tyskspråkleg bulgarsk-fødd sefardisk-jødisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981).

Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande jødespansk og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi. Han vart stort sett buande i Wien fram til han og kona Veza laut flykte derifrå etter at Austerrike vart innlemma i det nazistiske Tyskland i 1938. Dei flytte til England i 1939 og vart buande der til etter krigen. Frå 1970-åra heldt han stadig meir til i Sveits, der han så vart buande frå 1980-åra til han døydde i Zürich den 13. august 1994.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1932 - Die Hochzeit
  • 1956 - Die Befristeten

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1935 - Die Blendung (norsk omsetjing: Forblindelsen, 1993)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • 1960 - Masse und Macht
  • 1969 - Der andere Prozess: Kafkas Briefe an Felice
  • u.å. - Hitler nach Speer
  • 1975 - Das Gewissen der Worte

Sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 - Die Gerettete Zunge
  • 1980 - Die Fackel ihm Ohr: Lebensgeschichte 1921-1931
  • 1985 - Das Augenspiel: Lebensgeschichte 1931-1937

Foreløpig uklassifisert[endre | endre wikiteksten]

  • 1934 - Komoedie der Eitelkeit
  • 1965 - Aufzeichnungen 1942-48
  • 1968 - Die Stimmen von Marrakesch
  • u.å. - Die Provinz des Menschen Aufzeichnungen 1942-1972
  • 1974 - Der Ohrenzeuge. Fuenfzig Charaktere
  • 1987 - Das Geheimherz der Uhr: Aufzeichnungen
  • u.å. - Die Fliegenpein
  • u.å. - Nachträge aus Hampstead