Romain Rolland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Romain Rolland (fødd 29. januar 1866 i Clamecy, departementet Nièvre i regionen Bourgogne; død 30. desember 1944 i Vézelay) var ein fransk forfattar, musikkritikar og pasifist.

I 1915 fekk han som den tredje franskmannen Nobelprisen i litteratur «såsom en hyllning åt den upphöjda idealismen i hans författarskap samt åt den medkänsla och den sanning med vilka han tecknat olika människotyper.»[1][2]

Romain Rolland i 1915
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1915

Liv[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Rolland var sønn av ein notarius og fekk ei høgborgarleg oppseding og utdanning. Den musikalske mora inspirerte sonen til ei tidleg musikkinteresse, og han starta å skrive i elleve-års alderen. I 1880 selde faren praksisen slik at familien kunne flytte til Paris der sonen hadde større moglegheiter til å førebu seg på å komme inn på eliteskolane. I 1889–1891 var Rolland stipendiat ved Ecole française de Rome for å samle materiale til en musikkhistorisk doktoravhandling om operaen før Lully og Scarlatti. Han tok doktorgraden på temaet i 1895 og blei dosent i kunsthistorie ved École Normale Supérieure. I 1904 fekk han ein dosentstilling i musikkhistorie ved Sorbonne.

Program til Piscator sin iscenesetting av Die Zeit wird kommen (1903) av Rolland, Central-Theater, Berlin, 17. november 1922

I åra før første verdskrigen var Rolland på lange danningsreiser i Vest- og Mellom-Europa. Han skreiv skjønnlitteratur og biografiar, til dømes om Beethoven (1903), Michelangelo, Händel og Tolstoj. Han skreiv òg fleire drama, men desse blei korkje publisert eller spelt før mange år seinare.

Rolland tok i 1903 til med det verket som gjorde han kjend: tibindsverket Jean-Christophe (trykt 1904–1912). Hovedkarakteren er den (fiktive) tyske komponisten Johann-Christoph Krafft som i ung alder slår seg ned i Frankrike der han med god hjelp av ein fransk venn blir assimilert og foredlar kunsten sin ved å kombinere sin medfødde «tyske energi» med den «franske ånd». I dette verket samanfatta Rolland interessene og ideala sine: synet på musikk, sosiale spørsmål og mellomstatleg forståing.[3] Jean-Christophe blei ein stor suksess, etter 1918 var serien òg høgt skatta av mange tyskarar som hadde sett seg lei på krigspropagandaen om tysk-fransk fiendskap og ønskte ei forsoning mellom landa.

I Paris oktober 1910 blei Rolland påkjørd av ein bil og var skada i fleire månader. Ulykka var nok ein medverkande årsak til at han i 1912 bestemte seg for å seie frå seg professortittelen og leve som fri forfattar.

Rolland under første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då første verdkrigen braut ut var Rolland i Sveits. Forstøkt såg han krigen som undergangen til Europa og blei værande i Sveits der det framleis var mogleg å publisere usensurert. Han engasjerte seg i humanitært arbeid i den sveitsiske Raudekrossen og gav ut ein krigskritisk artikkelserie i Journal de Genève, «Au-dessus de la mêlée» (om lag «Over krigsgnyet»). I desse artiklane kritiserte han dei krigførande partane for at dei i staden for å arbeide for ein forhandlingsfred berre var opptekne av å gå for ein avgjerande siger på slagmarka, trass i dei enorme menneskelege lidingane det førde med seg. I Frankrike betrakta dei på Rolland som ein upatriotisk «indre fiende», i Tyskland visste dei knapt nok av han. Etter at artikkelserien blei gjeven ut i bokform (Paris, 1915), fekk den større merksemd under andre halvdel av krigen, og blei raskt omsett til fleire europeiske språk – rett nok ikkje til tysk. Ved sida av romanserien Jean-Christophe var artikkelserien sterkt medverkande til at Rolland i 1915 fekk Nobelprisen i litteratur. Prispengane gav han til Raudekrossen.

Fordi Rolland kritiserte krigspolitikken til dei to krigførande partane blei han ein symbolfigur under første verdskrigen, ikkje berre for den transnasjonale antikrigsrørsla, men òg for den internasjonale arbeidarrørsla. I april 1917 inviterte Lenin han til å komme til det revolusjonære Russland, men Rolland avslo ved å påberope seg ein posisjon som partilaus «intellektuell vaktbikkje».

Rolland som engasjert intellektuell[endre | endre wikiteksten]

I 1919 stifta Rolland og Henri Barbusse gruppa Clarté, ei fredsrørsle av venstreintellektuelle, og eit tidsskrift med same namnet.[4] I 1923 grunnla Rolland tidsskriftet Europe som framfor alt arbeidde for at det skulle komme til ei forsoning mellom Frankrike og Tyskland. Romanen Clérambault, histoire d’une conscience libre pendant la guerre frå 1920 er eit uttrykk for denne transnasjonale pasifismen.

Rolland sympatiserte med den russiske oktoberrevolusjonen og med det franske kommunistpartiet som blei stifta i 1920. Han blei en av tidas mange prokommunistiske intellektuelle, og på invitasjon frå Maksim Gorkij reiste han i 1935 til Moskva, der Stalin oppfatta han som ein representant for den franske intelligentsiaen. Frå 1936, under den store terroren og Moskvaprosessane mot angjevelege forrædarar i det sovjetiske kommunistpartiet, distanserte Rolland seg frå makthavarane i Sovjetunionen. Etter Münchenavtalen og ikkje-åtakspakta mellom Sovjetunionen og det nasjonalsosialistiske Tyskland braut han mellombels med Sovjetmaktene.

Seine år[endre | endre wikiteksten]

I 19922 leigde Rolland Villa Olga i Villeneuve ved Genfersjøen. Her møtte han blant andre Mahatma Gandhi.[5] Ei gate i Villeneuve er oppkalla etter Rolland.[6]

I starten av 1920-åra sette Rolland i gang med eit nytt stort romanprosjekt, L’Âme enchantée (utgjeve på dansk under namnet Den fortryllede sjæl), som kom ut i åra 1922 til 1933. Handlinga avspeglar at forfattaren hadde vorte interessert i austleg filosofi og mystisisme. Han skreiv òg ein artikkelserie om Gandhi som blei gjeve ut under tittelen Mahatma Gandhi (1924).

På slutten av 1920-åra starta han på ein monografi om Beethoven som var planlagt i fem bind. Verket blei ikkje ferdig, men fire bind kom ut (1928, 1930, 1937 og det siste posthumt i 1945).

I 1937 trekte Rolland seg tilbake til valfartsstaden Vézelay i Burgund der han planla å leve livskvelden sin i fred. Han skreiv memoarar og sluttførde blant anna ei påbegynt forteljing om barndomen sin, Voyage intérieur (trykt i 1942) og ei bok om forfattaren Charles Péguy (1943) som han hadde arbeidd med lenge. Innan han døydde opplevde han at nesten heile Frankrike var frigjort.

Etter at han var død blei den omfangsrike og mangfaldige korrespondansen hans gjeve ut. Ei rekke verk kom i ettertrykk i fleire årtier etter han gjekk bort. Men i dag er Rolland ein lite lest forfattar, kanskje fordi den danna borgarlege lesekrinsen han skreiv for praktisk talt ikkje finst lengre.[7]

Dyrevernaren Rolland[endre | endre wikiteksten]

Ei mindre kjent side ved Romain Rolland er at han var ein engasjert forkjempar for dyrevernet. Han nemnte dyreplageri og kjenslekulde mot dyr sine lidingar som «ein dei verste syndene til menneskeslekta.» Vidare skreiv han: «eg kan aldri tenke på desse millionar umælande og tolmodig uthaldne lidande utan å føle ei nedtrykt medkjensle. Når menneske kan gjere seg skuldige i så mykje liding, kva rett har dei då til å klage om dei sjølve lir vondt?»

Omsettingar til norsk og dansk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Antoinette, 1935, 151 sider, omsett til bokmål av Ragna Thiis
  • Jean-Christophe, København, 1916-1918, omsett til dansk av E. Tuxen
  • Den fortryllede sjæl, København: Haase, 1923–1924, omsett til dansk

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Klepsch: Romain Rolland im Ersten Weltkrieg. Ein Intellektueller auf verlorenem Posten, Kohlhammer, Stuttgart 2000, ISBN 3-17-016587-9.
  • Stefan Zweig: Romain Rolland. Der Mann und das Werk. Rütten & Loening, Frankfurt a. M. 1921
  • Wolfgang Schwarzer: Romain Rolland 1866 - 1944. i Jan-Pieter Barbian (red.): Vive la littérature! Französische Literatur in deutscher Übersetzung. Hg. & Verlag Stadtbibliothek Duisburg. ISBN 9783892796565 s. 30f.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "as a tribute to the lofty idealism of his literary production and to the sympathy and love of truth with which he has described different types of human beings".
  2. Nobeltildelinga i 1915 på nobelprize.org
  3. John Cruickshank, "Rolland, Romain", i Anthony Thorlby (red.), The Penguin Companion to Literature 2: European Literature. Harmondsworth: Penguin, 1969, s. 661.
  4. Må ikkje forvekslast med den svenske studentrørsla Clarté som inspirert av den franske gruppa blei grunnlagt i 1923
  5. Jeanlouis Cornuz: Les caprices: les désastres de la guerre. l'age d'homme, 2000 på books.google.de
  6. Avenue Romain Rolland (46°24′15″ N 6°55′54″ EMal:Koord/input/feil2Mal:Koord/input/feil2)
  7. Gert Pinkernell: Namen, Titel und Daten der französischen Literatur

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romain Rolland
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Romain Rolland