Toni Morrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Toni Morrison (døypt Chloe Ardelia Wofford; fødd 18. februar 1931 i Lorain, Ohio) er ein amerikansk forfattar. Ho blir rekna som ei av dei viktigaste representantane for afroamerikansk litteratur og fekk i 1993 Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Grunngjevinga var at ho var ei «som genom en romankonst präglad av visionär kraft och poetisk pregnans levandegör en väsentlig sida av amerikansk verklighet».[1][2]

Toni Morrison i 2008
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1993

Liv[endre | endre wikiteksten]

Toni Morrison var det andre barnet til Ramah Willis og George Wofford og voks opp i ein afroamerikansk arbeidarfamilie. Ho las mykje i barndomen; favorittforfattarar var Jane Austen og Leo Tolstoj. Takk vere faren fekk ho kjennskap til den afroamerikanske munnlege forteljartradisjonen.

I 1949 byrja ho å studere engelsk litteratur ved Howard University i Washington (D.C.), eit «svart» universitet. Ho blei Bachelor of Arts i engelsk i 1953 og Master of Arts ved Cornell University i 1955. Frå 1955 til 1957 underviste ho i engelsk litteratur ved ved Texas Southern University i Houston, og vendte i 1957 attende til Howard University, no som dosent. Året etter gifta ho seg med den jamaicanske arkitekten Howard Morrison som ho fekk to søner med. Etter at dei vart skilde i 1964, flytta ho til Syracuse, New York, der ho arbeidde som lærebokredaktør. Eit og eit halv år seinare fekk ho jobb som redaktør ved Random House sitt hovudkvarter i New York City. I løpet av dei seksten åra ho var her (frå 1967 til 1983) spelte ho ei viktig rolle i etableringa av afroamerikansk litteratur, og gav blant anna ut bøker av Toni Cade Bambara, Angela Davis, og Gayl Jones.

Debutboka til Toni Morrison, The Bluest Eye, kom i 1970. Både dette verket og Sula (1974) fekk god kritikk, men det var først med Song of Solomon (1977) ho opplevde den store publikumssuksessen.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Toni Morrison på Miami Book Fair (1986)
  • The Bluest Eye (1970, De blåeste øyne 1994)
  • Sula (1973, Sula 1995)
  • Sangen om Salomon (1977, Song of Solomon 1979)
  • Tar Baby (1981, Dukke i bek 1981)
  • Beloved (1987, Elskede 1988) (filmet 1998)
  • Jazz (1992, Jazz 1992)
  • Playing in the Dark (1993) (artiklar om litteratur, ikkje omsett) (Svensk utgåve Mörkt spel)
  • Paradise (1998, Paradis 1998)
  • Love (2003, Kjærlighet' 2004)
  • A Mercy (2008, En nåde' 2009)

Litteratur om Toni Morrison[endre | endre wikiteksten]

  • Barbara von Bechtolsheim: Wer sich der Luft hingibt, vermag auf ihr zu reiten. I Charlotte Kerner (red): Madame Curie und ihre Schwestern - Frauen, die den Nobelpreis bekamen. Beltz, Weinheim 1997, ISBN 3-407-80845-3
  • Barbara Hill Rigney: The Voices of Toni Morrison. Ohio State University Press, Columbus OH 1991. ISBN 0814205542 (Digitalisat auf den Seiten des Verlags im Vollzugriff)
  • Julia Roth: »Stumm, bedeutungslos, gefrorenes Weiß«. Der Umgang mit Toni Morrisons Essays im weißen deutschen Kontext. I Maureen Maisha Eggers, Grada Kilomba, Peggy Piesche & Susan Arndt (red.): Mythen, Masken und Subjekte. Kritische Weißseinsforschung in Deutschland. Münster 2005, ISBN 3-89771-440-X
  • Heidi Thomann Tewarson: Toni Morrison. Rowohlt, Reinbek 2005, ISBN 3-499-50651-3

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «who in novels characterized by visionary force and poetic import, gives life to an essential aspect of American reality».
  2. Nobelprisen 1993

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Toni Morrison