Halldór Kiljan Laxness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Halldór Laxness på eit måleri frå 1984.

Halldór Kiljan Laxness (23. april 19028. februar 1998) var ein islandsk forfattar og vinnar av Nobelprisen i litteratur 1955.

Innverknad på islandsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Halldór Kiljan Laxness har i svært stor grad dominert den islandske 1900-talslitteraturen; han stod sjølv for mange litterære utviklingssteg, men sjølv dei straumdraga som vart skapte i direkte opposisjon mot Laxness har betydd mykje for den moderne islandske litteraturen.

Nobelprisen i litteratur 1955[endre | endre wikiteksten]

Svenska akademien si grunngjeving for å gje Nobelprisen i litteratur til Halldór Kiljan Laxness var følgjande:

  • «..for his vivid epic power which has renewed the great narrative art of Iceland..»

som fritt omsett lyder

  • «..for hans livlege episke kraft som har oppattnya Islands storslegne forteljarkunst..»

Grunngjevinga vitnar elles om omverda sitt syn på moderne islandsk litteratur, der ein såg på den som gjennomgåande sterkt påverka av dei gamle, tradisjonsrike islandske ættesogene, ein påstand som ikkje er ugrunna, men som knapt famnar om heile det moderne, islandske, litterære feltet - heller ikkje heile Halldór Kiljan Laxness sin produksjon.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Halldór Guðjónsson vart fødd i Reykjavík, men flytta i 1905 med foreldra sine, Sigríðar Halldórsdóttir og Guðjóns Helga Helgason til den staden som seinare skulle gje han forfattarnamnet hans: Garden Laxness i Mosfellssveit. Han var glad i å lesa bøker og skriva forteljingar, og kring 14 år gammal fekk han den første teksten sin på prent i dagsavisa Morgunblaðið, under signaturen «H.G.». Dette var byrjinga på eit produktivt forfattarskap som til slutt skulle omfatta 51 bøker, der den første vart utgjeven i 1919.

Som ung reiste Halldór Laxness mykje i Europa og midt på 1920-talet vart han omvend til katolisismen, noko som sterkt skein gjennom i forfattarskapet hans gjennom sjølvbiografiske og reflekterande verk. Han tok dessutan mellomnamnet Kiljan etter den irlandske St. Kilian. Halldór Laxness religiøsitet vart likevel ikkje særskilt langliva, på ein tur til Amerika vart han istaden overtygd sosialist, og emnevala i romanane hans følgde etter.

Halldór Kiljan Laxness var gift og hadde fire born. Frå og med 1945 budde han i Gljúfrasteini i Mosfellssveit.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

Halldór Kiljan Laxness: «Eg tenkjer på dei vedunderlege menneska frå djupet av folket som fostra meg opp. Eg tenkjer på far min og på mor mi. Og eg tenkjer særskilt på den gamle mormora mi, som lærde meg mange hundre vers av islandsk poesi før eg lærde meg alfabetet.
[...]
Eg spurde meg sjølv den kvelden på hotellrommet mitt i Skåne: Kva kan framgang og berømmelse gje ein diktar? Ei viss materiell lukke, det er klart, som ei følgje av å ha pengar. Men om ein islandsk skald gløymer opphavet sitt frå djupet av folket, der sogene bur; om han misser tilknytinga til og pliktkjensla mot det tilbaketrekte livet, som det den gamle mormora mi lærde meg å verdsetja - då er berømmelse og velstand heilt likesælt.»
(Or den talen som forfattaren heldt ved nobelfesten 1955)

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1919 - Barn náttúrunnar
  • 1924 - Undir Helgahnúk
  • 1927 - Vefarinn mikli frá Kasmír (Den store vevaren frå Kashmir)
  • 1931-32 - Salka Valka
  • 1934-35 - Sjálfstætt fólk (Frie menn)
  • 1937-40 - Heimsljós (Verdens lys)
  • 1943-46 - Íslandsklukkan
  • 1948 - Atómstöðin
  • 1952 - Gerpla
  • 1957 - Brekkukotsannáll (Brekkukotkrønike)
  • 1960 - Paradísarheimt
  • 1968 - Kristnihald undir Jökli (Sjelesorg ved Jøkelen, Kristenrøkt under jøkulen)
  • 1970 - Innansveitarkronika
  • 1972 - Guðsgjafaþula

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • 1923 - Nokkrar sögur
  • 1933 - Fótatak manna (novellene blei seinare utgitt i Þættir)
  • 1935 - Þórður gamli halti (novellene blei seinare utgitt i Þættir)
  • 1942 - Sjö töframenn (novellene blei seinare utgitt i Þættir)
  • 1954 - Þættir (gjenutgiving av tidlegare noveller)
  • 1964 - Sjöstafakverið

Teaterstykke[endre | endre wikiteksten]

  • 1934 - Straumrof
  • 1950 - Snæfríður Íslandssól (basert på Íslandsklukkan)
  • 1954 - Silfurtúnglið
  • 1961 - Strompleikurinn
  • 1962 - Prjónastofan Sólin
  • 1966 - Dúfnaveislan
  • 1970 - Úa (basert på Kristnihald undir Jökli)
  • 1972 - Norðanstúlkan (basert på Atómstöðin)

Dikt[endre | endre wikiteksten]

Større og mindre artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • 1925 - Kaþólsk viðhorf
  • 1929 - Alþýðubókin (Folkets bok)
  • 1937 - Dagleið á fjöllum
  • 1942 - Vettvángur dagsins
  • 1946 - Sjálfsagðir hlutir
  • 1950 - Reisubókarkorn
  • 1955 - Dagur í senn
  • 1959 - Gjörníngabók
  • 1963 - Skáldatími
  • 1965 - Upphaf mannúðarstefnu
  • 1967 - Íslendíngaspjall
  • 1969 - Vínlandspúnktar
  • 1971 - Yfirskygðir staðir
  • 1974 - Þjóðhátíðarrolla
  • 1977 - Seiseijú, mikil ósköp
  • 1981 - Við heygarðshornið
  • 1984 - Og árin líða
  • 1986 - Af menníngarástandi

Reisebrev[endre | endre wikiteksten]

  • 1933 - Í Austurvegi
  • 1938 - Gerska æfintýrið

Minningasögur[endre | endre wikiteksten]

  • 1952 - Heiman eg fór
  • 1975 - Í túninu heima
  • 1976 - Úngur eg var
  • 1978 - Sjömeistarasagan
  • 1980 - Grikklandsárið
  • 1987 - Dagar hjá múnkum