Mo Yan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mo Yan (kinesisk skrift 莫言, pinyin Mò Yán

Pseudonym Mo Yan
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 17. februar 1955 (69 år)
Gaomi
Yrke skribent, romanforfattar, lærar, manusforfattar
Språk kinesisk
Politisk parti Kinas kommunistparti
Mo Yan på Commons

Mo Yan (fødd 17. februar 1955 Gaomi i provinsen Shandong) er ein kinesisk forfattar. I 2012 blei han den første kinesiske statsborgaren som fekk Nobelprisen i litteratur. Grunngjevinga til nobelkomiteen er at han «med hallucinatorisk skärpa förenar saga, historia och samtid».[1]

Det opphavlege namnet til forfattaren er Guǎn Móyè. Mo Yan er eit pseudonym som tyder om lag «ikkje snakk». Namnet valde han av di foreldra lærde han å halde munn for å unngå problem med styresmaktene.[2]

Mo Yan er medlem av Kinas kommunistiske parti med grunngjevinga at det ville gje opphav til unødige spørsmål om han melde seg ut.[3][4]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

I 1987 fekk Mo det litterære gjennombrotet med novellesyklusen Rødt korn som kom på norsk i 1995. Romanen blei verdskjend då den i 1997 kom som film under det engelske namnet Red Sorghum (1997, «Raud durra»). Rødt korn blir rekna til den kinesiske litterære rørsla xungen. Mo Yan gjev usminka skildringar av livet i den kinesiske provinsen og meiner sjølv at stilen hans er mest påverka av William Faulkner, men òg andre sosialrealistar som John Steinbeck er vortne nemnde. Elles blir litteraturen hans ofte rekna til den magiske realismen, med trekk frå Franz Kafka.[2]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Etter nobelpristildelinga har nokre opposisjonelle kinesarar sett fram kritikk av Mo Yan, til dømes konseptkunstnaren Ai Weiwei som til den tyske avisa Die Welt uttala at «sanninga er at eg ikkje aksepterer den politiske haldninga til Mo. Han er kan hende ein god forfattar. Men han er ingen intellektuell som kan representere dagens Kina.»[5][6]

Dissidenten Liao Yiwu som lever i eksil i Tyskland blei sjokkert over at tildelinga gjekk til ein «statsdiktar» og meiner at Mo trekkjer seg attende i si eiga kunstverd og med det hevar seg over sanninga.[7]

Utgjevingar på norsk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar og notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i litteratur 2012
  2. 2,0 2,1 Jim Leach: “The Real Mo Yan”. Intervju i Humanities 32 (1), 11–13, januar/februar 2011, henta 17. oktober 2012
  3. «Je suis toujours membre du Parti, et je ne veux pas le quitter pour créer un problème inutile, pourquoi de grands titres dans la presse.»
  4. Bertrand Mialaret i Le nouvel Observateur: «L'écrivain Mo Yan, de la dictature du Parti à celle du marché», henta 17. oktober 2012
  5. „Ich akzeptiere das politische Verhalten von Mo in der Realität nicht. Er ist möglicherweise ein guter Schriftsteller. Aber er ist kein Intellektueller, der die heutige chinesische Zeit vertreten kann.“
  6. http://www.zeit.de/kultur/literatur/2012-10/nobelpreis-yan-ai-weiwei
  7. Literatur-Nobelpreis: Friedenspreisträger kritisiert Ehrung für Mo Yan i Spiegel Online, 13. oktober 2012 (henta 17. oktober 2012).