Salvatore Quasimodo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Salvatore Quasimodo (fødd 20. august 1901 i Modica, Provinsen Ragusa, Sicilia; død 14. juni 1968 i Napoli) var ein italiensk lyrikar og litteraturkritikar som i 1959 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «för hans lyriska diktning, som med klassisk eld uttrycker samtidens tragiska livskänsla.»[1][2]

Salvatore Quasimodo
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1959

Liv[endre | endre wikiteksten]

Quasimodo var son av ein jernbanemann og budde mesteparten av barne- og ungdomstida på Sicilia. Han utdanna seg først til bygningsingeniør, seinare studerte han filologi. Etter utdanninga hadde han fleire yrker, blant andre teaterkritikar. Frå 1939 arbeidde han som journalist. I 1940 blei han utnemnd til professor i litteratur ved universitetet i Milano.

Som lyrikar er Quasimodo på nivå med Giuseppe Ungaretti og Eugenio Montale. Lyrikken hans tilhøyrer symbolismen og temaet er heimstaden Sicilia og tradisjonane der.

Han utmerkte seg òg med omsetjingar av romerske diktarar som Catullus, Ovid og Vergil, Sapfo frå Lesbos og Shakespeare, Pablo Neruda og Pericle Patocchi

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Odore di eucalyptus (1933)
  • Erato e Apollion (1936)
  • Poesie (1938)
  • Il falso e vero verde (1956)
  • La terra impareggiabile (1958)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Walter Aue: Im Blau des Südens, Spurensuche in Italien. - Frankfurt/M., Anabas, 2004, ISBN 3-87038-352-6.
  • Tondo, Michele: Salvatore Quasimodo. - Mailand, Mursia, 1970
  • Zagarrio, Giuseppe: Quasimodo. - Florenz, La Nuova Italia, 1969

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for his lyrical poetry, which with classical fire expresses the tragic experience of life in our own times"
  2. Nobeltildelinga 1959 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salvatore Quasimodo