Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 19. april 2010 kl. 13:57 av Frokor (diskusjon | bidrag) (')
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen
BWV 145
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1729
Urframføring19. april 1729
Publiseringsdato1884
Typisk lengd08:48
Satsar/akter7

Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergötzen, BWV 145, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for tredje påske, som dette året var den 19. april.

Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander). Bach har sjølv truleg lagt til første og andre sats.

Koraltemaet er basert på salmen «Erschienen ist der herrlich Tag», som vart nytta av Martin Luther og andre på 1500-talet. Han har kanskje opphav som ein gregoriansk song for påske.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for trompet, tverrfløyte, to oboar d’amore, to fiolinar og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Ich lebe, mein Herze, zu deinem Ergotzen», Arie for sopran & tenor
  2. «Nun fordre, Moses, wie du willt», Resitativ for tenor
  3. «Merke, mein Herze, bestandig nur dies», Arie for bass
  4. «Mein Jesus lebt», Resitativ for sopran
  5. «Drum wir auch billig frohlich sein», Koral
  6. «Auf mein Herz! Des Herren Tag», Koral
  7. «So du mit deinem Munde bekennest Jesum», Koral

Kjelder

Bakgrunnsstoff