Orkidéfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Orkide)
Orkidéfamilien
Ophrys insectifera. Blomen liknar ei hoflue. Arten finst i Noreg.
Ophrys insectifera. Blomen liknar ei hoflue. Arten finst i Noreg.
Utbreiing
Utbreiinga av orkidéfamilien
Utbreiinga av orkidéfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Orkidéfamilien Orchidaceae
Juss., 1789

Orkidéfamilien (eller marihandfamilien) er ein familie i aspargesordenen. Han er den største familien med blomstrande plantar, som omfattar om lag 22-25 000 artar i nesten 900 slekter.[1] Han er utbreidd over heile verda og har representantar i alle habitattypar bortsett frå på isbrear. Fleire av slektene har meir enn 1000 artar. Vaniljeslekta er medlem av familien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Orkidear finst overalt i verda. Hovudvekta av orkideane finst i tropiske strok, men dei finst overalt frå øyer nær Antarktis til Nord-Europa.

I Noreg finn ein 20 slekter med 32 artar og ein del underartar. Dei finst i heile landet.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Orkideane utgjer familien Orchidaceae i ordenen Asparagales. Av di familien er so stor er det noko usemje om dei innbyrdes tilhøva i familien, men i dag reknar ein fem underfamiliar. Underfamilien Epidendroidea er den største, med ca. 15 000 artar i 400 slekter.

Den fyrste som klassifiserte orkidear var Carl von Linné, som registrerte åtte slekter i 1753. Orkideane vart plasserte i sin eigen familie av de Jussieu i 1789, og fire av underfamiliane kom på 1830-talet, klassifisert av John Lindley, orkideklassifiseringas far. Den nyaste store klassifiseringa er gjort av Robert Louis Dressier, og det er denne me fylgjer her. Det er fem underfamiliar, som alle er monofyletiske. Utover det er mykje usikkert. Dressier si klassifisering er basert på utsjånad, og genetikk har synt at mange av dei lågare inngrupperingane er parafyletiske. Attåt vert meir enn hundre nye artar skildra i året, som gjer arbeidet enno vanskelegare.

Underfamiliane over står i tilhøve til einannan som spesifisert i APG-systemet. Alle underfamiliane ligg på same «nivå». Di mindre intendert ein familie er, di tidlegare skilde han seg frå dei andre utviklingsmessig.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Alle orkidear er eittfrøblada, slik liljer og alle typar gras òg er. Difor går alle nervane i blada parallelt frå bladfestet og møtest i spissen av bladet.

Alle orkideblomar er symmetriske om ein vertikal akse. Dei har fem kronblad, ofte med sterke fargar, pluss ei «leppe», som er eit omdanna kronblad. Utsjånaden kan variera enormt, og mange orkideblomar vert rekna som svært vakre.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Som alle plantar har orkidear generasjonsveksling mellom ein haploid gametofyttgenerasjon, og ein diploid sporofyttgenerasjon. Orkidear er karplantar, so det er sporofytten som er den synlege planten.

Alle artar lever i symbiose med sopp i minsto ein del av livssyklusen. Hjå alle artar treng frøet næring frå sopp.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Orkideane har veldig ulike og spesialiserte pollineringsstrategiar, men hovudvekta nyttar insekt pollinering. Mange artar er avhengige av ein einaste insektart. Dei slepp difor alt pollenet på ein gong, sidan det kan gå lenge mellom kvar vitjing.

Dei fleste insektpollinerande artane lokkar insekt med fargar og lukt, men få har nektar.

Hjå slekta Ophrys liknar blomen på hoa til den pollinerande insektarten, og produserer ofte holege kjønnsferomonar. Pollenet vert overført medan hannen freistar para seg. Arten Ophrys insectifera (flugeblom) liknar på ei ho-fluge, og finst i Nordland og på Søraustlandet.

Somme artar vert vitja av orkidefluger, som treng stoff som orkideen skil ut for å produsera feromon.

Somme artar fangar insektet inni blomen. Pollen vert overført når insektet forlèt planten.

Somme artar sjølvpollinerer, og somme forplantar seg ukjøna.

Levekår[endre | endre wikiteksten]

Neottia nidus-avis har ikkje klorofyll. Arten finst i Noreg.

Flest alle orkideartar er epifyttar (veks på andre plantar), og somme av desse er heilt eller delvis parasittiske. Somme artar driv ikkje fotosyntese. Desse er heilt parasittiske, anten på høgare plantar eller på sopp.

Somme artar veks i mose på steinar, og somme er terrale (veks på jord).

Orkidear i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Orkidear finst i heile Noreg. I Artsdatabanken er det registrert 32 artar frå 20 ulike slekter. I tillegg er det registrert ein del underartar.[2]

Liste over orkideartar og underartar i Noreg. Vitskaplege namn står i kursiv, norske namn i parentes:

Denne klassifiseringa er henta frå den norske nettstaden Artsdatabanken. Fylgjande skil seg frå ein del andre klassifiseringar:

  1. Grønkurle var tidlegare rekna til slekta Coeloglossum: C. viride
  2. Brudespore og praktbrudespore var tidlegare rekna som underartar
  3. Myggblom var tidlegare rekna til slekta Malaxis: M. paludosa
  4. Knottblom var ei tid rekna til slekta Microstylis: M. monophyllos
  5. Småtviblad og stortviblad var tidlegare rekna til slekta Listera: L. cordata og L. ovata
  6. Svartkurle blir av mange no rekna til slekta Gymnadenia: G. nigra

Orkidear i Nord-Europa[endre | endre wikiteksten]

Andre slekter som er representerte i Norden:

På Dei britiske øyane finn vi òg:

I Baltikum finst dessutan:

I Benelux finn vi:

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bilete av dei fleste norske orkideartane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stevens, P. F. (2001 onwards). Angiosperm Phylogeny Website. Version 8, June 2007
  2. «Artsdatabanken: Namnetreet i Artsdatabanken». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  3. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre engmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.