Ukraina i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukraina

Offisielt Ukraina

UA:PBC/Suspilne (2017–) med
STB (2016, 2018–)
NTU (2003–2016)
Uttakingar
Nasjonalt 14
Internt 4
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 18
Beste resultat
Semifinalen 1 (2008 og 2022)
Finalen 1 (2004, 2016 og 2022)
Verste resultat
Semifinalen 8 (2012)
Finalen 24 (2017)
Poeng
Semifinalane 2 184
Finalane 2 992
Totalt 5 176

Ukraina debuterte i Eurovision Song Contest i 2003 og har delteke 16 gongar. Trass i få deltakingar har Ukraina vunne tevlinga tre gongar, i 2004, i 2016 og i 2022. Det dårlegaste resultatet til Ukraina i Eurovision Song Contest kom på heimebane i 2017, då det ukrainske bidraget vart nummer 24 av 26. Sidan innføringa av semifinalar i 2004 har Ukraina kvalifisert seg til finalen på samtlege forsøk, det einaste landet som har klart dette. Med to sigrar, to andreplassar og ein tredjeplass er også Ukraina eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest etter årtusenskiftet.[1] Ukraina har trekt seg frå Eurovision Song Contest ved to høve: i 2015 og i 2019.[2]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 2017 er det den ukrainske ålmennkringkastaren Suspilne (UA:PBC) som sender Eurovision Song Contest i Ukraina, og som vel det ukrainske bidraget til tevlinga. Dei aller fleste gongane har tv-kanalen halde ein nasjonal finale for å velje det ukrainske bidraget, men tre gongar (2003, 2004 og 2008) har tv-selskapet vald artist og song internt. I 2016 inngjekk Suspilne eit samarbeid med den kommersielle kanalen STB om å arrangere den nasjonale finalen og sende Eurovision Song Contest i Ukraina.[3] Samarbeidet vart attført i 2018.[4]

Siger på andre forsøk[endre | endre wikiteksten]

Ruslana vann Eurovision Song Contest i 2004 og var ein viktig frontfigur under Oransjerevolusjonen same haust.

Ukraina debuterte i Eurovision Song Contest i Riga i 2003 med Oleksandr Ponomarjov og songen «Hasta la Vista». Ukraina vart nummer 14 av 26, den femte svakeste plasseringa til Ukraina til nå. Året etter lykkast det for Ukraina å gå heilt til topps på sitt andre forsøk, då Ruslana framførte songen «Wild Dances». Som følgje av sigeren ble Eurovision Song Contest 2005 arrangert i den ukrainske hovudstaden Kyiv, med Marija Jefrosynina og Pavlo Sjylko som programleiarar.[5]

Dei neste åra fortsatte Ukraina å gjere det bra, blant anna med to andreplassar på rad i 2007 og 2008. I 2011 følgde ein fjerdeplass og i 2013 kom Ukraina på tredjeplass i finalen. Etter å ha stått over tevlinga i 2015, kom Ukraina tilbake i 2016 og gjekk heilt til topps med Jamala og songen «1944». Vinnerbidraget fekk 534 poeng – den høgaste poengsummen i tevlingas historie til då.[6] Men etter sigeren i 2016 fekk Ukraina ein dårleg periode med tjuefjerdeplass i 2017 og ein syttandeplass i 2018. Men så kom Ukraina sterkt tilbake med ein femteplass i 2021, etter å ha vorten nummer to i telefonavrøystinga.

Politisk bakteppe[endre | endre wikiteksten]

Den politiske situasjonen i Ukraina har lenge vore prega av ustabilitet og rivalisering mellom den pro-vestlege og den pro-russiske delen av befolkninga, og Eurovision-deltakinga til Ukraina har fleire gongar fått eit politisk slør over seg.

Opptakten føre vertskapet i 2005[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vann Ukraina Eurovision Song Contest, og same haust braut det ut store demonstrasjonar i landet etter skuldingar om valfusk under presidentvalget. Opptøyane fekk namnet Oransjerevolusjonen og enda med at det vart halden ein ny valomgang, der den pro-vestlege Viktor Jusjtsjenko vann valet. Den uoversiktlege situasjonen sådde tvil om Ukraina var i stand til å arrangere tevlinga i 2005. Men tvilen vart feia til side, og Ukraina arrangerte to prikkfrie sendingar frå Kyiv i mai 2005.[7] Tevlinga fekk likevel eit politisk bakteppe, sidan den uoffisielle hymna til Oransjerevolusjonen, «Razom nas bahato», representerte Ukraina. Men den europeiske kringkastingsunionen meinte at songen var politisk, og dimed måtte teksten gjerast om på.[8][9] President Jusjtsjenko var også til stades under sendinga og delte ut sigersstrofeet til den greske vinnaren, Elena Paparizou.

Nye uroer gav fråvær i 2015[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2014 braut det for alvor ut nye politiske uro i landet. I februar vart den russiskvennlege presidenten Viktor Janukovytsj avsett etter demonstrasjonar og blodige opprør i Kyiv.[10] Russland svarte med å trappe opp det militære nærværet sitt mot grensa til Ukraina, og i mars annekterte Russland Krimhalvøya som tilhøyrde Ukraina.[11][12] I tillegg braut det ut borgarkrig i Aust-Ukraina mellom staten og pro-russiske opprørarar. Uroa gjorde at Ukraina trekte seg frå tevlinga i 2015, men kom tilbake igjen i 2016. Då med krimtataren Jamala som song «1944», ein song som omhandla den sovjetiske deportasjonen av tartarar frå Krim i 1944.

Jamala vann Eurovision Song Contest i 2016, men både sigeren og songen var omstridd.

I eit intervju med radiokanalen Radio Free Europe i februar 2016 uttala Jamala at songen minte ho om hennar eigen familie som framleis lever på Krim. Ho sa vidare at etter den russiske annekteringa av Krim i 2014, bur «krimtatarane no i eit okkupert område».[13][14] Men teksta til songen omhandlar ikkje anneksjonen i 2014.[15] Enkelte russiske politikarar og dei russiske myndigheitene på Krim skulda likevel ukrainske myndigheiter for å bruke songen til «å fornærme Russland».[16][17] I mars 2016 uttala Den europeiske kringkastingsunionenTwitter at verken tittelen til songen eller tekst var å anse som politisk – og dimed i samsvar med tevlingsreglane.[18]

Etterspelet etter 2016-sigeren[endre | endre wikiteksten]

I avrøystinga i finalen i 2016 stod det til slutt mellom Ukraina og Russland. I den nervepirrande avslutninga tok Ukraina sigeren, sjølv om Russland hadde fått flest poeng fra tv-sjåarane i Europa.[19] Russiske medium meinte sigeren var både «provoserande og politisk», og også utanlandske og norske medium meinte tevlinga hadde mista uskulda då «1944» vann.[20][21][22]

Sigeren gjorde at Ukraina fekk arrangere Eurovision Song Contest 2017. Hausten 2016 vart det igjen krangel mellom dei to nabolanda då ukrainske myndigheiter uttala at dei ville forby innreise til russiske artistar som offentleg hadde støtta dei pro-russiske separatistane aust i Ukraina. Russisk musikkbransje kalla fråsegna frå Ukraina for «uhaldbar».[23] Trass det spente forholdet mellom landa, vedtok Russland å delta i Eurovision Song Contest 2017 i Ukraina.[24]

Striden med Russland i 2017[endre | endre wikiteksten]

12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringkastaren Pervyj kanal at artisten Julija Samojlova skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2017 med songen «Flame Is Burning». Kort tid etter kunngjeringa gav den ukrainske sikkerheitstenesta SBU Julija Samojlova eit tre års innreiseforbod til Ukraina. Årsaka var at ho hadde halde konsert på Krim i 2015, og SBU meinte at Samojlova hadde tatt seg ulovleg inn på ukrainsk territorium.

EBU meinte Ukraina prøvde å slå politisk mynt på tevlinga, og leiaren for unionen, Ingrid Deltenre, brukte sterke ord i eit brev til statsministeren i Ukraina: «Vi er både sinte og frustrerte over at årets tevling vert nytta som eit verktøy i den pågåande konflikten mellom Russland og Ukraina», skreiv Deltenre, og varsla samstundes at det kunne bli aktuelt med reaksjonar overfor Ukraina.[25]

Ukrainske myndigheiter stod likevel fast på vedtaket om innreiseforbodet, og ukrainsk tv bad i staden EBU å respektere suvereniteten til Ukraina.[26] EBU tilbaud Russland å delta via satellitt direkte frå Russland, eller å bytte ut Julija Samojlova med ein annan artist. Men russisk fjernsyn avviste dei alternative løysingane, og 13. april 2017 kunngjorde Russland at dei trekte seg frå tevlinga i Kyiv.[27] Avgjerda vart sterkt beklaget av EBU, som fordømde det ukrainske innreiseforbodet og meinte det «undergrev integriteten og den ikkje-politiske naturen» til tevlinga.[28]

Bråket etter Vidbir 2019 og 2022[endre | endre wikiteksten]

Ukraina var påmeldt til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv og arrangerte sitt nasjonale uttak Vidbir i februar 2019. Artisten Maruv vann finalen 23. februar 2019 med songen «Siren Song», og ho fekk dimed moglegheita til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest. Men like etter sigeren sådde kringkastaren Suspilne tvil om Maruv skulle få representere landet. Dette skuldast at ho hadde hatt ei rekkje konserter og opptredenar i Russland.[29][30] Kringkastaren kravde at artisten skulle skriva under ein kontrakt som blant anna forbaud ho å opptre i Russland, overdrog songrettane til eit anna plateselskap og sa at ho skulle dekke alle deltakarkostnadane sjølv. Maruv nekta å underskrive avtalen, og to dagar etter finalen kunngjorde Suspilne at Maruv ikkje skulle få representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[31][32][33][34] Artistane som kom på andre- og tredjeplass i Vidbir ønskte heller ikkje å stille opp, og 27. februar trekte Ukraina seg frå tevlinga.[2] Dette var det andre fråværet til Ukraina sidan debuten i 2003.

I 2022 skjedde ei liknande hending i etterdønningane av Vidbir 2022. Tevlinga vart vunnen av folk-rap-songaren Alina Pasj, men få dager etter sigeren vart det strid rundt eit besøk ho hadde hatt på russisk-annekterte Krim i 2015. I Ukraina er det strenge regler for innreise til Krim, blant anna må ukrainarar søke om innreise, og innreisa må skje via Ukraina.[35] Pasj leverte inn dokumentasjon på at ho hadde reist inn via Ukraina, men kringkastaren Suspilne meinte dokumentasjonen var fabrikert.[36][37] Til slutt valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget og kommenterte at ho «ikkje ville ha denne virtuelle krigen og hatet. Den viktigaste krigen no er den ytre, den som kom til landet mitt i 2014» – med tilvising til krigen i Aust-Ukraina.[35][38][39] Hendinga skjedde også midt under den spente krisa mellom Russland og Ukraina, der Russland hadde stasjonert store styrkar langs grensen til Ukraina. Suspilne kunngjorde 22. februar at andreplassen Kalush Orchestra hadde takka ja til oppdraget med å representere landet.[40] Berre to dagar seinare gjekk Russland til angrep på Ukraina, noko som førte til at EBU utestengte Russland frå 2022-tevlinga.[41] Ukraina skal fortsatt etter planen delta.

Bidrag i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
2003 Oleksandr Ponomarjov «Hasta la vista» Engelsk 30 14 Ingen semifinalar
2004 Ruslana «Wild Dances» Engelsk og ukrainsk 280 1 256 2
2005 GreenJolly «Razom nas bahato» Ukrainsk og engelsk 30 19 Vertsnasjon
2006 Tina Karol «Show Me Your Love» Engelsk 145 7 146 7
2007 Vjerka Serdjutsjka «Dancing Lasha Tumbai» Ukrainsk, engelsk, russisk og tysk 235 2 Direktekvalifisert
2008 Ani Lorak «Shady Lady» Engelsk 230 2 152 1
2009 Svetlana Loboda «Be My Valentine! (Anti-Crisis Girl)» Engelsk 76 12 80 6
2010 Aljosja «Sweet People» Engelsk 108 10 77 7
2011 Mika Newton «Angel» Engelsk 159 4 81 6
2012 Gajtana «Be My Guest» Engelsk 65 15 64 8
2013 Zlata Ohnjevitsj «Gravity» Engelsk 214 3 140 3
2014 Marija Jaremtjuk «Tick-Tock» Engelsk 113 6 118 5
2015 Ukraina deltok ikkje i 2015
2016 Jamala «1944» Engelsk og krimtatarisk 534 1 287 2
2017 O.Torvald «Time» Engelsk 36 24 Vertsnasjon
2018 Mélovin «Under the Ladder» Engelsk 130 17 179 6
2019 Maruv «Siren Song» Engelsk Trekt
2020 Go A «Solovej» Ukrainsk Tevling avlyst
2021 Go A «Sjum» Ukrainsk 364 5 267 2
2022 Kalush Orchestra «Stefanija» Ukrainsk 631 1 337 1
2023 Tvorchi «Heart of Steel» Engelsk 243 6 Direktekvalifisert

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Russland 120
02 Aserbajdsjan 99
03 Moldova 77
04 Sverige 56
05 Armenia 53
Frankrike

Ukraina har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Polen 156
02 Moldova 151
03 Aserbajdsjan 140
04 Israel 134
05 Latvia 133

Semifinalane (2004 — 2019)[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Kviterussland 105
02 Georgia 64
03 Moldova 50
04 Polen 49
05 Noreg 40

Ukraina har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Kviterussland 89
02 Litauen 72
03 Latvia 68
04 Georgia 66
05 Moldova 61

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest i Ukraina[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2005 Kyiv Kyivskyi Palats Sportu Marija Jefrosynina og Pavlo Shylko
2017 Kyiv International Exhibition Centre Oleksandr Skitsjko, Volodymyr Ostaptsjuk og Timur Mirosjnytsjenko

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ukraine – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 Evert Groot (27. februar 2019). «Ukraine withdraws from Eurovision 2019». eurovision.tv. EBU. Henta 27. februar 2019. 
  3. «СТБ спільно з UΛ:Перший проведе національний відбір на «Євробачення-2016»». Євробачення 2019 (på ua). 18. november 2015. Henta 8. mai 2019. 
  4. Ee, Dennis Van (20. oktober 2018). «Ukraine continues with Vidbir in 2019». ESCDaily (på engelsk). Henta 8. mai 2019. 
  5. «Eurovision Song Contest 2005 – Final». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  6. «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  7. Paul Jordan (11. august 2016). «Throwback Thursday: Eurovision 2005 in Ukraine». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  8. Korsvold, Kaja (19. mai 2005). «Opprørslåt til finalen». Aftenposten. 
  9. Endsjø, Dag Øistein (20. mai 2005). «Ny oransje revolusjon». Klassekampen. 
  10. «Arsenij Jatsenjuk utpekt som Ukrainas nye statsminister». Dagbladet.no. Henta 28. desember 2016. 
  11. NRK. «Putin beordrer militærøvelse». NRK. Henta 28. desember 2016. 
  12. heb/AFP/Reuters/dpa (29. desember 2014). «Poroschenko kündigt Vierertreffen mit Merkel, Putin und Hollande an» (på tysk). Der Spiegel. Henta 29. desember 2014. «Die Ukraine wirft Russland vor, die prorussischen Kämpfer im Osten des Landes mit Kämpfern und Waffen zu unterstützen. Moskau weist dies zurück. (Ukraina beskylder Russland for å støtte de prorussiske stridende i landets østlige del med stridende og våpen. Moskva tilbakeviser dette.)» 
  13. Veselova og Melnykova, Viktoria og Oleksandra (8. februar 2016). «Crimean Tatar Singer Hopes To Take People's Tragedy To Eurovision». Radio Free Europe. 
  14. Gutterman, Steve. «Putin signs Crimea treaty, will not seize other Ukraine regions». Reuters.com. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 26. mars 2014. 
  15. Ukraine picks Crimean Tatar for Eurovision Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., Times Union (21. februar 2014)
    Eurovision: Ukraine's entry aimed at Russia, BBC News (22. februar 2016)
  16. Russia MPs slam Ukraine's choice of Crimean Tatar for Eurovision Arkivert 2016-03-02 ved Wayback Machine., Yahoo News (Besøkt 23. februar 2016)
  17. In State Duma they want Jamal not to be allowed in Eurovision, Ukrayinska Pravda (Besøkt 22. februar 2016)
  18. «The Ref. Group concluded that the title & lyrics of the song don't contain political speech and don't breach @Eurovision Rules.». Den europeiske kringkastingsunionen. 9. mars 2016. Henta 9. mars 2016. 
  19. Talseth, Thomas (15. mai 2016). «Eurovision Song Contest: Ukraina vant på målstreken». VG Nett. 
  20. Stephens, Heidi (15. mai 2016). «Eurovision 2016: Ukraine's Jamala wins with politically charged 1944». The Guardian. 
  21. Graatrud, Gabrielle (15. mai 2016). «Russerne raser etter at Ukraina vant med politisk sang». Dagbladet.no. 
  22. Østbø, Stein (15. mai 2016). «Eurovision mistet uskylden med Ukraina». VG Nett. 
  23. Jentoft, Morten (11. september 2016). «ESC-bråket i full gang – Ukraina vil utelukke visse russiske artister». nrk.no. 
  24. Sanjay (Sergio) Jiandani (31. oktober 2016). «Russia: Channel 1 Russia confirms participation in Eurovision 2017». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  25. Jentoft, Morten (1. april 2017). «EBU vil straffe Ukraina hvis russisk artist ikke får være med i Grand Prix-finale». NRK.no. 
  26. Tunheim, Helga (7. april 2017). «Ukrainsk media svarer om Eurovision-bråket». NRK.no. 
  27. Brekke, Anders (13. april 2017). «Russland utestengt fra Eurovision». NRK.no. 
  28. «EBU: "Russia no longer able to take part in Eurovision 2017"». eurovision.tv. 13. april 2017. Henta 14. april 2017. 
  29. «MARUV wins national selection to represent Ukraine at Eurovision 2019 (video)». www.unian.info (på engelsk). Henta 24. februar 2019. 
  30. «UA:PBC: MARUV not yet confirmed as Eurovision entrant». ESCXTRA.com (på engelsk). 23. februar 2019. Henta 24. februar 2019. 
  31. «MARUV will not represent Ukraine in Tel Aviv». eurovision.tv. Henta 25. februar 2019. 
  32. «Ukraine's public broadcaster blocks MARUV from representing country at Eurovision-2019». www.unian.info (på engelsk). Henta 25. februar 2019. 
  33. «MARUV criticises the contract imposed upon her by UA:PBC». wiwibloggs (på engelsk). 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019. 
  34. «Maruv: Not ready to turn my participation in Eurovision into politicians' promotion». KyivPost. 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019. 
  35. 35,0 35,1 «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022. 
  36. «Ukraine's Eurovision act quits after claims she illegally travelled to Russia-controlled Crimea». Sky News (på engelsk). Henta 17. februar 2022. 
  37. «🇺🇦 Ukraine: Alina Pash Withdraws From Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021. 
  38. «Ukraine: 'Vidbir' winner Alina Pash will not go to Eurovision 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022. 
  39. «“I don’t want this virtual war” — Alina Pash withdraws from Eurovision following Crimea travel controversy». Wiwibloggs (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021. 
  40. «Ukraine: Kalush Orchestra will go to Turin with 'Stefania' 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 27. februar 2022. 
  41. «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 25. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]