One of These Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
One of These Days
Singel av Pink Floyd
frå albumet Meddle
B-side «Fearless» (US og Italia)
«Seamus» (Japan)
Utgjeve 30. oktober 1971 (US)
5. november 1971 (UK)
29. november 1971 (US singel)
Innspelt 19.-21 og 23.-25. juli 1971
Morgel Studios i London
August 1971
AIR Studios i London
Sjanger Hardrock, progressive rock
Lengd 5:57
5:32 (US singel)
Selskap Harvest (UK)
Capitol (USA)
Låtskrivar(ar) David Gilmour
Roger Waters
Richard Wright
Nick Mason
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
«The Nile Song»
(1969)
One of These Days «Free Four»
(1972)

«One of These Days» er ein instrumental låt av det britiske bandet Pink Floyd på albumet Meddle frå 1971. Den einaste vokallinja i songen er linja «One of these days, I'm going to cut you into little pieces» sagt av trommeslagar Nick Mason. Vokalen er derimot sakka ned for å skape ein skummel effekt.

Songen opnar med ein lyd av vind som er skapt av tonegeneratorarar som spelte kvit støy gjennom ekkoeffektar. Sjølve musikken startar med doble bass-spor med David Gilmour og Roger Waters på kvar sin bass. Ein av bassgitarane høyrest mykje meir sordin og dump ut, og i følgje Gilmour kjem dette av at det eine instrumentet hadde gamle strengar og at ein studioarbeidar vart sendt ut for å kjøpe nye strenger. Han forsvann derimot med kjærasten i staden for, og dei måtte spele inn med dei gamle strengane.[1]. Bassgitarane er spelt gjennom ein ekkoeffekt som lagar den distinkte basslyden i starten av songen, medan Richard Wright lagar korte og enkle «støyt» på synthesizer og Nick Mason lagar lydar på cymbalane. Vokallinja til Nick Mason markerer midten på songen, og andre halvdel er ein slags boogierock med slidegitarsolo av Gilmour.

Gilmour har uttalt at han ser på denne songen som den mest samarbeidsprega songen som Pink Floyd nokon gong laga. Då songen vart spelt på Old Grey Whistle TestBBC, hadde produsentane av programmet klipp av ei animert kvinne som dansa over forskjellige bakgrunnar.

Trugselen i vokallinja er retta mot (Sir) Jimmy Young som var programleiar på BBC Radio 2, som bandet mislikte fordi han hadde ein tendens til å snakke mykje tomprat. På konsertar tidleg på 1970-talet brukte bandet å spele av lydkilpp av Young sine radioprogram klippa i saman slik at det høyrdest heilt meiningslaust ut.[2]

Medverkar[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Den ungarnske kunstløparen (på skøyter) Krisztina Czakó brukte «One of These Days» som musikk for langprogrammet i Vinter-OL 1992, ein av dei få gongane ein klassisk rockesong er brukt på dette nivået i ein konkurranse.
  • Versjonen som er på Live at Pompeii vart kalla «One of these Days I'm Going to Cut You into Little Pieces», som er heile vokalteksten.
  • Dette er ein av dei få gongane Nick Mason medverkar med vokal på ein song. Dei andre songane er «Corporal Clegg» frå A Saucerful of Secrets og ein samtale med flytårnet på «Learning to Fly» frå A Momentary Lapse of Reason.
  • I soloen på slutten spelar Gilmour ein vanleg gitar i venstre kanal i duell med seg sjølv, der han spelar slidegitar i høgre kanal.
  • I mellomspelet som kjem om lag 2:55 minutt ut i songen kan ein høyre tonar som liknar mykje på temamusikken til den populære science fiction serien Doctor Who. Dette er særleg tydleg på konsertversjonane frå Delicate Sound of Thunder og P*U*L*S*E-turnéen.
  • Songen var fast innslag på konsertane i 1971-1973, og vart mykje spelt på konsertane etter 1987.
  • «One of These Days» er brukt i ein episode av Carl Sagan sin TV-dokumentar Cosmos: A Personal Voyage.
  • «One of These Days» vart spelt over rulleteksten til Sopranos-episoden «The Fleshy Part of the Thigh».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Girls Under Glass gav ut ein versjon av songen på albumet deira Crystals & Stones i 1995, kalla «(Another) One Of These Days»[3]
  • Det tyske progressive trance-prosjektet Haldolium gav ut ein versjon av songen på 12" i 2001 på Free Form Records. Versjonen vart populær i goa- og trance-miljøet verda over.[4]
  • Men of Porn spelte «One Of These Days» på Experiments In Feedback i 2001.
  • Blue Man Group spelte songen under How to be a Megastar 2.0-turneen i 2006.
  • Metallica spelte songen under ein konsert i Seoul i 2006.
  • Det psykedeliske black metal-bandet Nachtmystium hadde ein musikalsk hyllest kalla «One of These Nights» som opningsspor på på albumet Assassins: Black Meddle, Part 1 frå 2008.
  • Gov't Mule har spelt «One Of These Days» på konsertar tre gonger.
  • Den tyske techno- og tranceprodusenten Cosmic Baby, òg kjend som Harald Blüchel, produserte ein coverversjon av songen i 1994 på albumet hans Thinking About Myself.
  • Dream Theater spelte songen på ein konsert i Rotterdam i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]