Ehre sei Gott in der Höhe
BWV 197a Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1728 | ||
Urframføring | 25. desember 1728 eller året etter | ||
Publiseringsdato | 1894 | ||
Satsar/akter | 7 |
Ehre sei Gott in der Höhe, BWV 197a, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1728 for første juledag. Stykket vart omskrive som Gott ist unsre Zuversicht og framført på nytt for eit bryllaup i 1736-1737 i Leipzig.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 2: 14 (første sats), Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-6) og Kaspar Ziegler (sats 7)
Koraltemaet er basert på salmen «O Gott, du frommer Gott». Komponisten av denne melodien var Ahasverus Fritsch, datert til 1679.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, obo d’amore, to fiolinar, bratsj, fiolonsell, fagott og basso continuo. Musikken for sats 1-3 og byrjinga til sats 4 er gått tapt. I tillegg var det to songsolistar (alt, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Ehre sei Gott in der Hohe», Koral
- «Erzahlet, ihr Himmel, die Ehre Gottes», Arie
- «O Liebe, der kein Lieben gleich», Resitativ
- «O du angenehmer Schatz/Schatz, o du angenehmer», Arie for alt
- «Das Kind ist mein und ich bin sein», Resitativ for bass
- «Ich lasse dich nicht», Arie for bass
- «Wohlan! so will ich mich an dich, O Jesu, halten», Koral
Kjelder
- «Ehre sei Gott in der Höhe». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.