Ehre sei Gott in der Höhe
BWV 197a Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1728 | ||
Urframføring | 25. desember 1728 eller året etter | ||
Publiseringsdato | 1894 | ||
Satsar/akter | 7 |
Ehre sei Gott in der Höhe, BWV 197a, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1728 for første juledag. Stykket vart omskrive som Gott ist unsre Zuversicht og framført på nytt for eit bryllaup i 1736-1737 i Leipzig.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 2: 14 (første sats), Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 2-6) og Kaspar Ziegler (sats 7)
Koraltemaet er basert på salmen «O Gott, du frommer Gott». Komponisten av denne melodien var Ahasverus Fritsch, datert til 1679.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, obo d’amore, to fiolinar, bratsj, fiolonsell, fagott og basso continuo. Musikken for sats 1-3 og byrjinga til sats 4 er gått tapt. I tillegg var det to songsolistar (alt, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Ehre sei Gott in der Hohe», Koral
- «Erzahlet, ihr Himmel, die Ehre Gottes», Arie
- «O Liebe, der kein Lieben gleich», Resitativ
- «O du angenehmer Schatz/Schatz, o du angenehmer», Arie for alt
- «Das Kind ist mein und ich bin sein», Resitativ for bass
- «Ich lasse dich nicht», Arie for bass
- «Wohlan! so will ich mich an dich, O Jesu, halten», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ehre sei Gott in der Höhe». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.