PULSE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå P*U*L*S*E)
Gå til: navigering, søk
P·U·L·S·E
Konsertalbum av Pink Floyd
Utgjeve 6. juni 1995
Innspelt mars-oktober 1994
Sjanger Rock
Lengd CD1: 75:34
CD2: 73:47
Selskap EMI (Storbritannia), Columbia Records (USA)
Produsent David Gilmour og James Guthrie
Pink Floyd-kronologi
The Division Bell (1994) P·U·L·S·E Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)

P·U·L·S·E (òg kalla Pulse) er eit dobbelt konsertalbum av Pink Floyd gjeve ut i 1995. Albumet vart spelt inn under Division Bell-turnéen deira i 1994 frå dei europeiske konsertane som varte frå juli til oktober 1994.

Konsertalbumet inneheld ei framføring av heile albumet The Dark Side of the Moon og kjem med ei lita bok med mange bilete frå turnén. Den inneheld òg songen «Astronomy Domine», ein Syd Barrett-song som ikkje hadde vore framførd sidan tidleg på 1970-talet. Songen vart spelt for å hylle den tidlegare frontfiguren.

I motsenad til Delicate Sound of Thunder vart det ikkje spelt inn ekstra musikkspor i studio for å pynte på resultatet. Enkelte stader vart derimot gitarsoloar og vers klippa ut frå ein versjon av ein song, og inn i ein annan, sidan dei fleste konsertane i Europa vart tatt opp på band.

I USA deburterte P*U*L*S*E på første plass på den amerikanske Billboardlista og selde raskt til dobbel platina (2 mill. eksemplar) i løpet av juli 1995.

Kassettutgåva hadde med to bonusspor: «One of These Days» og eit 22 minutt langt stykke med lydar som vart spelt før konsertane i 1994. Vinylutgåva kom i ein boks med 4 LPar, og inkluderte òg «One of These Days» i tillegg til ei stor utgåve av boka med bilete. Filmversjonen innahaldt òg «Take It Back» og songane er i ei anna rekkfølgje og tatt frå forskjellige framføringar.

Tidlege CD-utgåver kom med ein blinkande, raud lysdiode på sida av boksen, som blinka i same takt som hjarteslaga i byrjinga av The Dark Side of the Moon. Det vart sagt at lyset hadde nok batteri til å blinke i 18 månadar, men visstnok skal nokon framleis blinke. Seinare CD-utgåver hadde ikkje det blinkande lyset.

10. juli 2006 kom det ein dobbel DVD av konserten frå Earls Court Exhibition Centre i London i 1994.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk 1[endre | endre wikiteksten]

Songane er sunge av David Gilmour bortsett frå der det står skrive annleis.

  1. «Shine On You Crazy Diamond» (David Gilmour/Richard Wright/Roger Waters) – 13:35
  2. «Astronomy Domine» (Syd Barrett) – 4:20
  3. «What Do You Want From Me?» (David Gilmour/Richard Wright/Polly Samson) – 4:10
    • Roma, 21. september, 1994
  4. «Learning to Fly» (David Gilmour/Anthony Moore/Bob Ezrin/Jon Carin) – 5:16
  5. «Keep Talking» (David Gilmour/Richard Wright/Polly Samson) – 6:52
  6. «Coming Back to Life» (David Gilmour) – 6:56
  7. «Hey You» (Roger Waters) – 4:40
  8. «A Great Day for Freedom» (David Gilmour/Polly Samson) – 4:30
  9. «Sorrow» (David Gilmour) – 10:49
    • Roma, 20. september, 1994
  10. «High Hopes» (David Gilmour/Polly Samson) – 7:52
  11. «Another Brick in the Wall (Part 2)» (Roger Waters) – 7:08
  12. «One of These Days» (berre kassett- og LP-utgåver) (David Gilmour/Nick Mason/Richard Wright/Roger Waters) - 6:45
    • Earls Court i London 16. oktober og 20. (siste del), 1994
    • Instrumental

Disk 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Speak to Me» (Nick Mason) – 2:30
  2. «Breathe» (David Gilmour/Richard Wright/Roger Waters) – 2:33
  3. «On the Run» (David Gilmour/Roger Waters) – 3:48
  4. «Time» (David Gilmour/Richard Wright/Nick Mason/Roger Waters) – 6:47
    • Eksplosjon spelt inn i London, 15. oktober, 1994. Intro innspelt i Modena 17. september, 1994. Resten av songen og det meste av «Breathe Reprise» vart spelt inn i Roma 20. september 1994, medan slutten av songen er frå London 20. oktober 1994.
    • Vokal: David Gilmour og Rick Wright
  5. «The Great Gig in the Sky» (Rick Wright) – 5:52
  6. «Money» (Roger Waters) – 8:54
    • Modena, 17. september, 1994. Delar av saksofonsolen er frå London.
  7. «Us and Them» (Rick Wright/Roger Waters) – 6:58
    • London, 20. oktober, 1994. Andre og tredje refreng er frå London 19. oktober 1994
  8. «Any Colour You Like» (David Gilmour/Rick Wright/Nick Mason) – 3:21
    • London, 23. oktober, 1994. Siste del er spelt inn 19. oktober i London.
    • Instrumental
  9. «Brain Damage» (Roger Waters) – 3:46
    • London, 19. oktober, 1994
  10. «Eclipse» (Roger Waters) – 2:38
    • London, 19. oktober, 1994
  11. «Wish You Were Here" (David Gilmour/Roger Waters) – 6:35
    • Roma, 20. september, 1994
  12. «Comfortably Numb» (David Gilmour/Roger Waters) – 9:29
  13. «Run Like Hell» (David Gilmour/Roger Waters) – 8:36
  14. «Soundscape» (berre kassettversjon) (David Gilmour/Rick Wright/Nick Mason) – 22:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

Volkswagen[endre | endre wikiteksten]

Turnéen vart sponsa i Europa av Volkswagen, som og laga ein eigen versjon av bilen Golf Pink Floyd. Bilen vart gjeve i premie ved kvar konsert. Bilen var ein standard Golf med ein Pink Floyd-logo og svært godt stereoanlegg. I tillegg hadde han den mest miljøvennlege motoren.