Gaupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eurasisk gaupe)
Gå til: navigering, søk
Gaupe

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Gaupe Lynx lynx
Gaupe Lynx lynx

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Orden: Rovpattedyr (Carnivora)
Familie: Kattefamilien (Felidae)
Art: Gaupe (Lynx lynx)
Underartar
Vitskapleg namn
Lynx lynx
Gaupe
Namn på andre språk
Norrønt Gaupa
Nordsamisk Albbas
Svensk Lodjur
Dansk Los
Engelsk Lynx
Tysk Luchs
Fransk Lynx, lynx boréal
Spansk Lince
Russisk Rys (Рысь)

Gaupe (Lynx lynx eller Felis lynx) er eit kattedyr som er utbreidd både i Europa og Asia. Gaupa høyrer til kattefamilien og er mellom dei rovdyra som står øvst i matkjeda. Det finst ni kjende underartar, men ikkje alle vert internasjonalt anerkjende. Gaupa er det einaste viltlevande kattedyret i Skandinavia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gaupa vert gjerne 80-130 cm lang, målt frå nasetipp til halerot, med tillegg av ein ca. 11-25 cm lang hale. Mankehøgda hos vaksne dyr varierer frå 50-70 cm og vekta ligg normalt på ca. 13-35 kg hos vaksne individ. I Noreg, Sverige og Finland vert gjerne hanngaupa ca. 18-26 kg, mens hogaupa vert ca. 13-18 kg (Gaupe og rådyrprosjektet i Noreg). Gaupa har eit ganske rundt hovud, spisse små øyrer, og ein forholdsvis kvadratisk kropp til katt å vere, der bakkroppen er steil. Pelsen varierer frå gul til gråbrun med mørke flekkar eller striper. Flekkane varierer frå område til område. Halen er kort og har svart haletipp. Gaupe har eit utprega skjegg. Dei har lange bein og mykje hår rundt potane, noko som er eit resultat av gaupas tilpassing til eit kaldt klima.

Gaupa har godt syn og god høyrsel. I vill tilstand lever den gjerne til den vert 10-12 år gammal, sjølv om det finst gauper som har blitt heile 24 år gamle.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege utbreiingsområdet strekte seg frå Pyreneane i sør over eit bredt belte til Aust-Sibir i nordaust, samt det nordvestlege Europa. På 1960-talet vart gaupa utrydda i store delar av Vest-Europa. I Noreg vart den nesten utrydda dei første 10-åra på 1900-talet, men bestanden tok seg opp att utover på 1950-talet og 1960-talet. I dag har òg gaupa tatt til på nytt å erobre skog- og fjelltraktene på kontinentet, godt hjelpt av mennesket. I 2002 kom dei første kulla til verda i Tyskland.

Gaupe i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Gaupe finst i dag i faste bestandar over heile fastlands-Noreg, med unnatak av vestlandsfylka der førekomsten er meir sporadisk. Frå 1996 til 2004 vart gaupebestanden på landsbasis redusert med ca. 40 %, frå ein minimum totalbestand på 370-410 gauper i 1996 til ca. 250 gauper før jakt i 2004. Før jakt i 2004 var det registrert minimum 42-44 familiegrupper av gaupe i Noreg. Mot slutten av 1970-talet inntok gaupa òg område der den tidlegare ikkje hadde vore, og etablering av reproduserande gaupe i Finnmark skjedde truleg så seint som i 1980 (Direktoratet for naturforvaltning, 2005). Etter at jaktkvota minska, har bestanden av gaupe tatt seg noko opp og vert no forventa (ved inngangen til 2005) å vere på noko over 300 dyr. Den totale bestanden av gaupe i Noreg, Sverige og Finland er truleg på over 3.000 dyr.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Gaupa er ein einsam smygjeger som trivst best åleine, eit typisk skogsdyr, som berre unntaksvis beveger seg i ope lende eller i nærleiken av menneske. Den jagar for det meste i skumringa og om natta. Små og mellomstore klauvdyr er typiske byttedyr, spesielt rådyr. Gaupa forsyner seg òg av sau i utmark, der slike dyr er tilgjengeleg.

Når byttedyret er oppdaga freistar ho å smyge seg inn på det for å avlive byttet. Store byttedyr vert gjerne drepne med strupebitt, mens mindre dyr vert bitne over nakken. Vaksne gauper ferdast stort sett aleine, bortsett frå i paringstida.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Gaupeunge

Hoer og hannar treffer kvarandre berre under paringstida, som gjerne finn stad i perioden februar-april. Etter omtrent 10 veker kjem ungane til verda, i ei hole. Kulla består vanlegvis av 2-3 ungar. Dei lever av morsmjølk fram til desember (Noreg), men et gjerne fast føde frå dei er eit par månader gamle. Ungane treng lang tid saman med mora for å lære smygjakt. Først når dei er 8-9 månader gamle meistrar ungane teknikken. Hogaupa og ungane er saman nesten heilt til neste kull kjem.

Gaupeunge
Foto: Bernard Landgraf

Systematikk[endre | endre wikiteksten]


Anna[endre | endre wikiteksten]

Gaupa er ikkje ein spesielt trua art på våre breiddegrader, men har vernestatusen Sårbar, VU (Vulnerable), se faktaark frå Artsdatabanken.


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gaupe