Adresse Liverpool

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Adresse Liverpool er eit norsk underhaldningsprogram i fire delar som vert sendt på NRK i april og mai 2023. I programmet vurderer eit panel av kjendisar og Eurovision-fans alle dei 36 songane som konkurrerer mot Alessandra Mele og «Queen of Kings» i Eurovision Song Contest 2023.[1] Programmet er ein del av dei årlege Adresse-programma som NRK har sendt før Eurovision Song Contest sidan 1970-åra. Tittelen på programmet vert endra kvart år etter kva for ein by som arrangerer Eurovision Song Contest. Adresse Liverpool hadde premiere på NRK1 og NRK TV fredag 14. april 2023 med Marte Stokstad som programleiar.[2]

Deltakarar og sendingar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av fire program vurderer eit panel av kjendisar og Eurovision-fans dei 37 bidraga som deltek i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia 9., 11. og 13. mai. Songane er fordelte på de fire avsnitta på følgjande måte:

  • Episode 1: Noreg + 9 land
  • Episode 2: 9 land
  • Episode 3: 9 land
  • Episode 4: 9 land

Marte Stokstad er programleiar, mens kjendispanelet bestod av Ingeborg Heldal, Stian Thorbjørnsen og Kevin Vågenes. I tillegg var det ein kjendis-gjestedommar i kvart program, høvesvis artisten Kim Wigaard, youtubar Agnete Husebye, artist og tidlegare Eurovision-deltakar Amanda Tenfjord, debattredaktør Fawad Ashraf, politikar Henrik Asheim og komikar, forfattar og skodespelar Linn Skåber.[1] Eit panel av fire utvalde Eurovision-fans deltek også i programma.

Episodar[endre | endre wikiteksten]

Episode 1[endre | endre wikiteksten]

Den første episoden vart vist fredag 14. april. Til saman vart det vist ti bidrag i denne episoden.[3]

  • Kjendisjuryen: Stian «Staysman» Thorbjørnsen, Ingeborg Heldal, Kevin Vågenes og Kim Wigaard.
  • Folkejuryen: Ingvild Sørensen, Jim Ødegård Pedersen, Marie Sophie Hellevang-Jensen og Subhan Sohail.
Startnr. Land Artist Song
Poeng
Kjendisjury
Poeng
Folkejury
Poeng
Totalt
ST IH KV KW IS JP MH SS
1 Noreg Alessandra Mele «Queen of Kings» Bidraget vart ikkje bedømt
2 Tsjekkia Vesna «My Sister’s Crown» 7 6 6 7 8 8 8 12 62
3 Australia Voyager «Promise» 6 7 3 4 10 4 2 5 41
4 Hellas Victor Vernicos «What They Say» 6 7 6 5 2 5 4 7 42
5 Kroatia Let 3 «Mama ŠČ!» 10 6 5 2 6 1 1 1 32
6 Italia Marco Mengoni «Due vite» 10 10 4 12 10 12 10 5 73
7 Malta The Busker «Dance (Our Own Party)» 8 10 6 10 1 8 12 6 61
8 Armenia Brunette «Future Lover» 12 5 4 8 4 3 5 10 51
9 Latvia Sudden Lights «Aijā» 6 2 1 1 3 5 8 4 30
10 Frankrike La Zarra «Évidemment» 12 12 12 12 12 12 12 12 96

Episode 2[endre | endre wikiteksten]

Den andre episoden vart vist fredag 21. april. Til saman vart det vist ni bidrag i denne episoden.[4]

  • Kjendisjuryen: Stian «Staysman» Thorbjørnsen, Ingeborg Heldal, Kevin Vågenes og Agnete Husebye.
  • Folkejuryen: James Puchowski, Jim Ø. Pedersen, Sebastian Veland Sætre og Ada Sofie Saraste.[5]
Startnr. Land Artist Song
Poeng
Kjendisjury
Poeng
Folkejury
Poeng
Totalt
ST IH KV AH JP JP SV AS
1 Danmark Reiley «Breaking My Heart» 7 10 3 4 7 6 6 2 45
2 Ukraina Tvorchi «Heart of Steel» 4 6 5 7 10 7 6 7 52
3 Finland Käärijä «Cha cha cha» 12 12 6 12 12 12 12 10 88
4 Albania Albina & Familja Kelmendi «Duje» 12 4 5 2 5 6 3 10 47
5 Polen Blanka «Solo» 8 3 2 2 2 1 2 4 24
6 Serbia Luke Black «Samo mi se spava» 6 4 1 10 8 8 8 3 48
7 Slovenia Joker Out «Carpe Diem» 4 4 2 6 12 7 4 8 47
8 Estland Alika «Bridges» 4 6 7 3 4 4 7 4 39
9 Storbritannia Mae Muller «I Wrote a Song» 5 12 10 10 10 10 10 10 77

Episode 3[endre | endre wikiteksten]

Den tredje episoden vart vist fredag 28. april. Til saman vart det vist ni bidrag i denne episoden.[6]

  • Kjendisjuryen: Fawad Ashraf, Ingeborg Heldal, Kevin Vågenes og Amanda Tenfjord.
  • Folkejuryen: Karl Ottar Forberg, Jim Ø. Pedersen, Eldbjørg Søyland og Anders Ringen.[7]
Nr. Land Artist Song
Poeng
Kjendisjury
Poeng
Folkejury
Poeng
Totalt
FA IH KV AT KF JP ES AR
1 Island Diljá «Power» 4 6 8 7 6 5 8 10 54
2 Nederland Mia Nicolai og Dion Cooper «Burning Daylight» 3 5 5 5 12 8 6 8 52
3 Portugal Mimicat «Ai coração» 4 8 3 8 6 7 10 2 48
4 Georgia Iru Khetsjanovi «Echo» 3 5 5 4 7 4 2 6 36
5 Austerrike Teya og Salena «Who the Hell Is Edgar?» 8 10 10 8 10 12 10 12 80
6 Aserbajdsjan TuralTuranX «Tell Me More» 10 7 2 5 2 3 12 1 42
7 Tyskland Lord of the Lost «Blood and Glitter» 1 12 2 7 7 6 6 1 42
8 Sveits Remo Forrer «Watergun» 4 6 6 4 10 10 8 6 54
9 Israel Noa Kirel «Unicorn» 7 10 10 8 10 7 10 12 74

Episode 4[endre | endre wikiteksten]

Den fjerde episoden vart vist fredag 5. mai. Til saman vart det vist ni bidrag i denne episoden.[8]

  • Kjendisjuryen: Henrik Asheim, Ingeborg Heldal, Kevin Vågenes og Linn Skåber.
  • Folkejuryen: Fredrik Løften Nilsen, Jim Ø. Pedersen, Jana Leonchanka og Even Jacobsen.[9]
Nr. Land Artist Song
Poeng
Kjendisjury
Poeng
Folkejury
Poeng
Totalt
HA IH KV LS FN JP JL EJ
1 Sverige Loreen «Tattoo» 8 12 12 10 6 12 12 10 82
2 Belgia Gustaph «Because of You» 10 12 10 12 10 6 10 12 82
3 Spania Blanca Paloma «Eaea» 6 10 5 12 8 3 12 6 62
4 San Marino Piqued Jacks «Like an Animal» 2 4 1 1 4 1 2 1 16
5 Litauen Monika Linkytė «Stay» 2 2 5 4 7 4 8 3 35
6 Irland Wild Youth «We Are One» 10 10 2 2 5 5 2 7 43
7 Kypros Andrew Lambrou «Break a Broken Heart» 7 8 5 5 12 8 6 5 56
8 Romania Theodor Andrei «D.G.T. (Off and On)» 1 2 1 2 1 1 1 1 10
9 Moldova Pasha Parfeni «Soarele și luna» 8 10 2 2 10 12 7 7 58

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Adresse Liverpool». NRK.no. 16. mars 2023. Henta 31. mars 2022. 
  2. Aarsheim, Heidi Elisabeth (14. april 2023). «Det er klart for Adresse Liverpool» (på norsk bokmål). Henta 14. april 2023. 
  3. Granger, Anthony (14. april 2023). «🇳🇴 Norway: France Wins Adresse Liverpool Show One» (på engelsk). Henta 14. april 2023. 
  4. Granger, Anthony (21. april 2023). «🇳🇴 Norway: Finland Wins Adresse Liverpool Show Two» (på engelsk). Henta 21. april 2023. 
  5. Aarsheim, Heidi Elisabeth (21. april 2023). «Det er klart for andre program av Adresse Liverpool» (på norsk). Henta 21. april 2023. 
  6. Granger, Anthony (28. april 2023). «🇳🇴 Norway: Austria Wins Adresse Liverpool Show Three» (på engelsk). Henta 28. april 2023. 
  7. Aarsheim, Heidi Elisabeth (28. april 2023). «Det er klart for tredje program av Adresse Liverpool» (på norsk). Henta 28. april 2023. 
  8. Granger, Anthony (5. mai 2023). «🇳🇴 Norway: France Wins Adresse Liverpool» (på engelsk). Henta 5. mai 2023. 
  9. Aarsheim, Heidi Elisabeth (5. mai 2023). «Det er klart for siste program av Adresse Liverpool» (på norsk). Henta 5. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]