Let's Dance
Let's Dance Singel av David Bowie frå albumet Let's Dance | ||
B-side | «Cat People (Putting Out Fire)» | |
---|---|---|
Utgjeve | 17. mars 1983 | |
Innspelt | Power Station, New York, desember 1982 | |
Sjanger | Dance-rock | |
Lengd | 7:37 (album) 4:10 (singel) | |
Selskap | EMI America Records - EA152 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Nile Rodgers | |
David Bowie-kronologi | ||
«Peace on Earth/Little Drummer Boy» (1982) |
Let's Dance | «China Girl» (1983)
|
«Let's Dance» er tittelsporet på David Bowie sitt Let's Dance frå 1983. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og vart ein av dei mestseljande singlane hans nokon gong.
Singelen var ein av dei raskaste seljande Bowie-singlane nokon gong, og gjekk til 5. plass i Storbritannia den første veka, og heilt til topps to veker seinare, der han vart liggande i tre veker. Kort tid etter toppa singelen Billboard Hot 100 i USA, den einaste singelen til Bowie som har nådd toppen på begge sider av Atlanteren. Songen nådde òg toppen av lista i Noreg. Let's Dance var den fjerde mestseljande singelen i 1983 i Storbritannia, med over 500 000 eksemplar.
«Let's Dance» introduserte Bowie for eit nytt, yngre publikum, som ikkje kjende til karrieren hans i 1970-åra. Songen var fast på Serious Moonlight-turneen (som fekk namn frå teksten i «Let's Dance»), Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990, og vart igjen omarbeidd for turneen i 2000.
Innhaldsliste
Komposisjon[endre | endre wikiteksten]
Songen var kraftig påverka av produsent Nile Rodgers sitt arbeid med bandet sitt Chic og har ei tung basslinje og var utan tvil den mest kommersielle songen til Bowie til då. Med tekstar som tilsynelatane som ein typisk danselåt, er det òg tekstlinjer som «Let’s dance, for fear tonight is all». Den 7:38 lange albumversjonen vart kraftig korta ned for singelutgåva, sjølv om 12"-singelen hadde same lengd.
Denne einsemda og desperasjonen siv inn i musikkvideoen til David Mallet. Videoen var filma i Australia, inkludert Coonabarabran og Warrumbungle nasjonalpark i New South Wales, samt i Sydney Harbour, der Bowie ser upåverka på eit innfødd australsk par som kjempar mot metaforar for den vestlege kulturimperialismen. Nokre raude høghæla sko går òg igjen i videoen, og viser til songteksten «Put on your red shoes and dance the blues».
Innhald[endre | endre wikiteksten]
7"[endre | endre wikiteksten]
- «Let's Dance» (singelversjon) (Bowie) – 4:07
- «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09
12"[endre | endre wikiteksten]
- «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
- «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst på følgjande samlealbum:
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- Mashed 5 (2009)
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Kex - 12" singel (1983)
- Falco - Junge Roemer (1984)
- Tina Turner - Tina Live in Europe (duett med David Bowie) (1988)
- Overdose - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- The Heroes - Access All Areas (1999)
- La Pieta - Let's Dance (1999)
- Second Skin - Goth Oddity 2000: A Tribute to David Bowie (2000)
- Mýa - Shall We Dance? Soundtrack (2004)
- Craig David - Hot Stuff (Let's Dance) (2007)
- Paula Flynn (2007)
- Hi-Tack (2007)
- Porro y Los Boboar - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Sophie Ellis-Bextor på konsert i 2007.
- Chic - Chic Freak and More Treats
- Angèle Dubeau
- E-Male - Single
- Dokkumer Lokaatsje
- Rabbit in the Moon
- The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
- The Smashing Pumpkins spelte songen live.
- The Futureheads på ei 80-talssamling for Q Magazine.
- M. Ward spelar songen på albumet Transfiguration of Vincent.
- Rob Thomas fleire gonger live
- Ween på konsert.
Samplingar[endre | endre wikiteksten]
- Puff Daddy sampla «Let's Dance» for singelen «Been Around the World» med The Notorious B.I.G og Mase i 1997.
- Craig David sampla songen på singelen «Hot Stuff».
- Collie Buddz sampla songen for «My Everything».
- Dom and Roland sampla songen for «Can't Punish Me»
- «Let's Dance» er sampla i songen «Bowie» av den newzealanske parodigruppa Flight of the Conchords.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Let's Dance (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- Mojo Bowie, EMAP Performance Network ltd, 2004
Føregangar «Save Your Love» Renée & Renato |
Toppen av VG-lista David Bowie 6 veker, veke 15–20, 1983 |
Etterfylgjar «Främling» Carola Häggkvist |
- Songar på toppen av VG-lista
- Songar frå 1983
- Singlar frå 1983
- David Bowie-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Nederland
- Songar på toppen av Sverigetopplistan
- Nummer-ein-singlar i Sveits
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Songar om dansing
- Songar skrivne av David Bowie
- Songar produserte av Nile Rodgers
- EMI Records-singlar
- Tina Turner-songar