Aten

Koordinatar: 37°58′00″N 23°43′00″E / 37.96667°N 23.71667°E / 37.96667; 23.71667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Athinai)
Aten
Akropolis i Aten
Akropolis i Aten
Akropolis i Aten
Plassering
Aten is located in Hellas
Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining
Hellas Hellas
Attikí
Sentral-Aten
Grunnlagd 2000-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

38,964 km²
411,717 km²
Innbyggjarar
 - By (2021[1])
   - folketettleik
 - Storbyområde

643 452
  16 514,0/km²
3 090 508
Koordinatar 37°58′00″N 23°43′00″E / 37.96667°N 23.71667°E / 37.96667; 23.71667
Høgd over havet 70-338 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 10x xx, 11x xx, 120 xx
Telefon-retningsnummer 21
Bilnummer Yxx, Zxx, Ixx (men ikkje INx)
Heimeside: www.cityofathens.gr

Aten, eller Athen, gresk Athína (Αθήνα), er hovudstaden i Hellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas med om lag 2 650 000 innbyggjarar i byområdet, medan storbyområdet (Athen og Pireus) har rundt 3 100 000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. største storbyområdet i Europa. Storbyområdet er eit økonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er òg vorte eit handelssenter i EU. Sjølve byen har eit areal på 39 km², medan storbyområdet har eit areal på 412 km².

Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad for Platon sitt akademi og Aristoteles sitt Lykeion. Aten var òg fødestad for Sokrates, Perikles, Sofokles og mange andre framståande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kalla vogga til den vestlege siviliasjonen[2] og fødestaden til demokratiet,[3] hovudsakleg på grunn av det atenarane oppnådde kulturelt og politisk på 400- og 300-talet f.Kr.[4]

Arva frå antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sjå på dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle er ParthenonAkropolis, som står som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld òg mange monument frå romersk og austeromersk tid.

Aten var vertsby for dei første moderne olympiske leikane i 1896, og 108 år seinare var dei igjen vertsby for sommar-OL.

Frå 2011 er Aten ein del av periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Aten frå Akropolis.
Hefaisteion

Dei eldste spora av menneske i Aten er frå yngre steinalder. I bronsealderen oppstod eit meir organisert samfunn, ein del av den mykenske palasskulturen. Etter denne kulturen fall omkring 1200 f.Kr. følgde den mørke tidsalderen (om lag 1200 til 900 f.Kr). Det er frå denne perioden ein del spor etter aktivitet i Aten, men det ser ikkje ut til å ha vore eit samfunn som var organisert i noko særleg grad.

Byen byrja å vekse rundt 900 f.Kr. Fram til omkring 640 f.Kr. var Aten eit kongedøme med ei aristokratisk styreform. Atenarane la under seg Attika i denne perioden. Medan alle greske bystatar hadde kontroll over eit område rundt sjølve byen, skil Aten seg ut med eit særs stort territorium. Under tyrannen Peisistratos byrja byen å markere seg som eit sentrum for kunsthandverk og arkitektur.

I 510 f.Kr. fekk motstandarane av tyranniet hjelp frå Sparta (i dag Spárti) til å endre styreforma. Det atenske demokratiet var eit direktedemokrati med ei rekkje særpreg.

Sidan 558 f.Kr. hadde persarane drive ein gradvis ekspansjon. Persiske styrkar kom til det greske fastlandet i 490 f.Kr.. I løpet av krigen vart Aten omleira, og måtte evakuerast to gonger, men i 479 f.Kr. vart persarane slått ved Plataiai, og gav opp forsøket på å erobre Hellas.

Aten hadde vorte den dominerande bystaten i Hellas, noko som skapte uro i Sparta. Krigane mellom dei enda til slutt med Aten sitt nederlag, og då Filip II av Makedonia ekspanderte inn i Hellas, hadde ikkje atenarane sjans til å stå imot. Byen var i hans kontroll, og son hans, Aleksander den store, styrkte denne kontrollen.

Aten heldt fram å vere ein viktig by òg i hellenistisk tid, men var ikkje lenger ein sjølvstendig stat. Byen vart leiande på kultur og utdanning, og dei filosofiske skulane tiltrekte seg studentar frå store delar av den greske verda - og etter kvart òg den romerske.

Mellem 357 og 355 f.Kr. kriga Aten mot forbundsfellane Rhodos, Kos og Khios fordi dei reiv seg laus frå det andre attiske sjøforbundet.[5]

Hellas vart innlemma i Romarriket i 86 f.Kr.. Aten fekk enno mindre påverknad politisk sett, men vart viktig som utdanningssenter. Paulus reiste mellom anna til Aten for å forkynne kristendomen, og Hellas vart eit av dei første områda Romarriket som tok til seg den nye trua. Dette markerer byrjinga på slutten for Aten som utdanningssenter, men det var ikkje før under keisar Justinian, i 529 at det vart stengt.

Aten var i austromersk tid berre ein provinsby. Mange av kunstverka i byen vart flytta til Konstantinopel, og han vart plyndra fleire gonger utan å ha sjans til å stå imot. Frå 1204 til 1458 kjempa austromarane mot franske og italienske riddarar om kontroll over Aten og andre greske byar. Den franske La Roche-familien fekk tittelen Hertug av Aten. På 1300-talet herska katalanske og sicilianske adelsmenn i Aten.

Det osmanske riket erobra Aten i 1458. Dei gjorde mykje for å bevare dei antikke bygningane i byen, men nokre endringar vart gjort - Parthenon vart gjort om til moske. På 1600-talet gjekk venetianarane til åtak på byen, og i 1687 vart Parthenon øydelagd då ei kanonkule trefte eit ammunisjonslager i det gamle tempelet. Mykje av det som stod igjen etter stridane vart nytta som bygningsmateriale. Året etter sette tyrkarane byen i brann, og i 1778 bygde dei ein bymur av restar frå antikke monument.

Greske opprørarar erobra Aten i 1822 under den greske sjølvstendekrigen, men tyrkarane tok han tilbake i 1826. Dei heldt han til 1833, då dei måtte gje tapt for grekarane. Aten vart då hovudstad for Hellas. Byen var på det tidspunktet ikkje så mykje meir enn ei husklynge nedanfor Akropolis, der bydelen Plaka ligg i dag.

Plassering og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Stor-Aten har eit folketal på om lag 3,1 millionar, nesten ein tredjedel av folketalet i heile Hellas. Byen voks sterkt etter den andre verdskrigen, særleg fram til om lag 1980. Dette har medført stor forureining, eit problem som i dei seinare åra har ført til store investeringar i infrastruktur. Spesielt mykje vart gjort etter 1996, då Aten vart tildelt dei olympiske sommarleikane i 2004. Mykje av midlane til dette kom frå EU. Forureininga vart òg verre på grunn av klimaet, då temperaturinversjonar fører til at utslepp vert liggande som eit lok over byen.

Byen ligg på den sentrale sletta i Attikí, som grensar til fire fjell: Egáleo i vest, Párnitha i nord, Pendéli i nordaust og Ymittós i aust. Mot sørvest ligg Saroniabukta. Aten dekkjer i dag heile sletta, og kan i liten grad vekse utover på grunn av desse naturlege grensene.

Grunnen er steinete, og det er lite dyrkbar mark. Byen sitt naturlege og historiske sentrum er Akropolis, og det er i dette området ein òg finn dei eldste spor etter menneske. Det moderne sentrumet er Syntagmaplassen (Grunnlovsplassen), der parlamentet ligg.

Hamnebyen Pireus var opphavleg ein eigen by, men har vore innlemma i Stor-Aten.

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Aten var eit turistmål allereie i antikken. Det er framleis dei antikke monumenta som trekk turistane. Forureininga og trafikkproblema som plagar byen gjer den elles ikkje til det ideelle reisemålet. Mykje har vorte gjort for å betre på dette, mellom anna ein kraftig opprusting av området rundt Akropolis. Store delar av området er no sperra for biltrafikk, noko som òg gjev litt meir vern mot forvitring av marmoren.

Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.

Akropolis med Parthenon, Erekhteion og andre klassiske bygningar er dei viktigaste turistmåla. Rett utanfor inngangen ligg Areopagos, høgda der Folkedomstolen heldt til. Ved trappa opp på denne høgda står ei bronseplate med utdrag frå Apostelgjerningane til minne om Paulus si forkynning i Aten.

Nedanfor Akropolis ligg Atens agora, som var torget i antikken. Dette er i dag eit arkeologisk utgravningsområde. På eit høgdedrag over agoraen ligg Hefaisteion, som vert rekna det best bevarte doriske tempelet i verda.

I nærleiken av Syntagmaplassen ligg Kallimarmaro stadion. Denne idrettsarenaen er frå antikken, og er særs grundig rekonstruert med tribunar i marmor etter dei originale måla. Det er plass til omkring 60 000 tilskodarar. Han har ei anna form enn den ein kan sjå på moderne anlegg - langsidene er langt lengre i forhold til kortsidene. Han vart nytta som hovudarena i dei første moderne olympiske leikane i 1896, men er i dag ikkje egna fordi utøvarane ikkje er vand til dei krappe svingane. Han vart i sommar-OL 2004 derfor berre nytta til avslutninga av maratonøvinga.

Det største museet i Aten er Det nasjonale arkeologiske museet. Her finn ein den største samlinga i verda av antikk gresk kunst. Andre populære museum er Benakimuseet og museet for kykladisk kunst.

Utanom dei antikke leivningane er Plaka den mest populære bydelen. Her finn ein Aten sitt vidkjende loppemarknad, og eit mylder av småbutikkar i dei tronge gatene. Mange av gatene er stengd for biltrafikk. Bydelen Psirri er populær for sine mange utestader.

Ein ny attraksjon i Aten er arenaene etter sommar-OL 2004.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Aten har lenge hatt eit metrosystem, med ei linje frå byen til Pireus. Metroen har vorte sterkt opprusta og fekk to nye linjer i samband med OL. Som i andre antikke byar har dette vore eit vanskeleg og dyrt arbeid, då ein heile tida støyter på leivningar av antikke bygningar. Ei av linjene går til flyplassen. I tillegg til metro er det både buss og trikk.

Eleftherios Venizelos lufthamn opna for trafikk i mars 2001. Denne erstatta den gamle Ellinikon lufthamn.

Det går motorvegar nordover mot Thessaloníki og vestover mot Korint. Sistnemnde held fram vidare både til Trípoli og Pátra.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa av kommunen Aten i periferien Attikí

Stor-Aten omfattar i dag 40 kommunar,[6] fordelt på 35 i dei fire periferieiningane Sentral-Aten, Nord-Aten, Vest-Aten og Sør-Aten og fem i periferieininga Pireus. Den største er Aten kommune (gresk Δήμος Αθηναίων, Dímos Athinéon) i periferieininga Sentral-Aten, med vel 640 000 innbyggjarar.Referansefeil: Avsluttande </ref>-merke manglar for <ref> |- | Aten || Aten || Sentral-Aten || 664 046 |- | Peristéri || Peristéri || Vest-Aten || 139 981 |- | Kallithéa || Kallithéa || Sør-Aten || 100 641 |- | Glyfáda || Glyfáda || Sør-Aten || 87 305 |- | Ílio || Ílio || Vest-Aten || 84 793 |- | Ilioúpoli || Ilioúpoli || Sentral-Aten || 78 153 |- | Khalándri || Khalándri || Nord-Aten || 74 192 |- | Néa Smýrni || Néa Smýrni || Sør-Aten || 73 076 |- | Maroúsi || Maroúsi || Nord-Aten || 72 333 |- | Ájos Dimítrios || Ájos Dimítrios || Sør-Aten || 71 294 |- | Zográfou || Zográfou || Sentral-Aten || 71 026 |- | Egáleo || Egáleo || Vest-Aten || 69 946 |- | Néa Ionía || Néa Ionía || Nord-Aten || 67 134 |- | Paleó Fáliro || Paleó Fáliro || Sør-Aten || 64 021 |- | Výronas || Výronas || Sentral-Aten || 61 308 |- | Ajía Paraskeví || Ajía Paraskeví || Nord-Aten || 59 704 |- | Galátsi || Galátsi || Sentral-Aten || 59 345 |- | Petroúpoli || Petroúpoli || Vest-Aten || 58 979 |- | Iráklio || Iráklio || Nord-Aten || 49 642 |- | Kifisiá || Kifisiá || Nord-Aten || 47 332 |- | Khaidári || Khaidári || Vest-Aten || 45 642 |- | Álimos || Álimos || Sør-Aten || 41 720 |- | Áji Anárjyri || Áji Anárjyri-Kamateró || Vest-Aten || 34 168 |- | Arjyroúpoli || Ellinikó-Arjyroúpoli || Sør-Aten || 34 097 |- | Kholargós || Papágou-Kholargós || Nord-Aten || 30 840 |- | Vrilíssia || Vrilíssia || Nord-Aten || 30 741 |- | Metamórfosi || Metamórfosi || Nord-Aten || 29 891 |- | Kamateró || Áji Anárjyri-Kamateró || Vest-Aten || 28 361 |- | Kesarianí || Kesarianí || Sentral-Aten || 26 370 |- | Néa Filadélfia || Filadélfia-Khalkidóna || Sentral-Aten || 25 734 |- | Ajía Varvára || Ajía Varvára || Vest-Aten || 25 550 |- | Moskháto || Moskháto-Távros || Sør-Aten || 25 441 |- | Dáfni || Dáfni-Ymittós || Sentral-Aten || 22 913 |- | Melíssia || Pendéli || Nord-Aten || 22 741 |- | Pévki || Lykóvrysi-Pévki || Nord-Aten || 21 415 |- | Néa Erythréa || Kifisiá || Nord-Aten || 18 038 |- | Ellinikó || Ellinikó-Arjyroúpoli || Sør-Aten || 17 259 |- | Távros || Moskháto-Távros || Sør-Aten || 14 972 |- | Papágou || Papágou-Kholargós || Nord-Aten || 13 699 |- | Ymittós i Aten || Dáfni-Ymittós || Sentral-Aten || 10 715 |- | Néo Psykhikó || Filothéi-Psykhikó || Nord-Aten || 10 137 |- | Néa Khalkidóna || Filadélfia-Khalkidóna || Sentral-Aten || 9 822 |- | Lykóvrysi || Lykóvrysi-Pévki || Nord-Aten || 9 738 |- | Psykhikó || Filothéi-Psykhikó || Nord-Aten || 9 529 |- | Filothéi || Filothéi-Psykhikó || Nord-Aten || 7 302 |- | Néa Pendéli || Pendéli || Nord-Aten || 7 198 |- | Ekáli || Kifisiá || Nord-Aten || 5 889 |- | Pendéli || Pendéli || Nord-Aten || 4 851 |- | Skaramagás || Khaidári || Vest-Aten || 1 255 |- |}

Kjende personar frå Aten[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2021
  2. Athens Info Guide: History of Athens
  3. BBC History on Greek Democracy
  4. Encarta: Ancient Greece, arkivert frå originalen 28. oktober 2009, henta 9. september 2007 
  5. Amundsen, Leiv (22. februar 2017). «forbundsfellekrigen – Athens krig». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]