Montenegrinsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Montenegro

Montenegro (serbisk Црна Гора, Crna Gora, tyder «svart fjell») er eit lite fjellkledd land sørvest på Balkan. Det grensar til Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia, Albania og Adriahavet.

Geografiske koordinatar: 42°30′N 19°18′EKoordinatar: 42°30′N 19°18′E

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Terrenget i Montenegro varierer frå høge toppar langs grensene til Serbia og Albania med karstlandskap til ei smal kystslette som berre er 4-6 km brei langs Adriahavet. Kystlinja til Montenegro er 294 km lang, der den lange Kotorbukta medverkar ein god del. Sletta stoppar brått i nord der fjella Lovćen og Orjen stupar ned mot Kotorbukta.

Montenegro ligg i eit karstområde og store delar av landet ligg tusen meter over havet, og fleire fjell strekkjer seg over 2000 meter. Zetadalen er eit av dei lågaste områda innanfor kysten.

Montenegro er eit av dei mest kuperte landa i Europa og eit av dei høgaste fjella er Bobotov Kuk i Durmitor-fjella med ei høgd på 2 522 meter over havet. Ein meinte lenge at dette var det høgaste fjellet i landet før nye målingar viste at Zla Kolata i Prokletije var høgare med 2 534 moh.

Den største innsjøen i landet er Shkodërsjøen på 391 km² som Montenegro delar med Albania. I Montenegro har elva Tara grave ut ei kløft, Tarakløfta, som er den djupaste kløfta i Europa med 1 300 meter på det meste. Dette er òg den nest djupaste kløfta i verda etter Grand Canyon i Arizona.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Montenegro har eit middelhavsklima med milde vintrar og solrike, varme somrar. Like innanfor kysten ligg Dei dinariske Alpane, og når mild havluft frå Middelhavet strøymer vestover og inn over Montenegro kan ein få liknande forhold som på Vestlandet i Noreg. Dette området er derfor av dei våtaste i Europa. Om vinteren kan den kalde boravinden føre kald luft frå Aust-Europa innover Montenegro, og ein får nokre kalde dagar. Podgorica har ein nedbørsnormal på 1617 mm i året, men enkelte fjell område har nedbørsnormalar på over 4000 mm.

Store byar i Montenegro[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kongelege hovudstaden og tronsetet er Cetinje.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 14 026 km²
land: 13 812 km²
vatn: 214 km²

Landegrenser
total: 625 km
grenseland: Albania 172 km, Bosnia-Hercegovina 225 km, Kroatia 25 km, Serbia 203 km
kystlinje: 293,5 km

Maritime krav:
territorialfarvatn: 12 nm
kontinentalsokkel: definert ved avtale

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar:
bauksitt, vasskraft

Arealbruk:
dyrkbar mark: 13,7 %
permanente avlingar: 1 %
anna: 85,3 %

Naturfarar:
Øydeleggjande jordskjelv

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Forureining av kystområda på grunn av kloakkutslepp, særleg i turistområda som Kotorbukta.

Miljøvernavtalar[endre | endre wikiteksten]

Delaktig i avtalar som omhandlar: Klimaendringar, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, skipsforureining.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]