Sveitsisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sveitsisk geografi
{{{land}}}
Kontinent Europa
Region Sentral-Europa
Koordinatar 47° N 8° E
Areal Rangering 134
41 293,2 km²
95.8% land
4.2% vatn
Kystlinje 0 km
Grenser Landegrenser:
1852 km


Italia: 734,2 km
Frankrike: 571,8 km
Tyskland: 345,7 km
Austerrike: 165,1 km
Liechtenstein: 41,1 km

Høgaste punkt Monte Rosa: 4634 moh
Lågaste punkt Lago Maggiore: 193 moh
Lengste elv Rhinen: 375,5 km
Største innsjø Genfersjøen (delt med Frankrike, Neuchâtelsjøen er den største heilt innanfor Sveits
Matterhorn, eit symbol på Sveits

Sveits er eit fjelland omgjeve av land i Vest- og Sentral-Europa. Det er omgjeve av fem land: Austerrike og Liechtenstein i aust, Frankrike i vest, Italia i sør og Tyskland i nord. Sveits er eit av dei minste landa i Europa og strekkjer seg på det lengste 220 km frå nord til sør og 350 km frå aust til vest.[1]

Sveits er velkjend for Alpane i sør og søraust. Nord for Alpane strekkjer Det sveitsiske platået seg frå aust til vest. Dei fleste innbyggjarane i Sveits bur i åsane og slettene på dette platået. Dei mindre Jurafjella ligg nordvest for dette platået. Mykje av nordgrensa mot Tyskland følgjer Rhinen, men Rhinen går inn i Sveits nær Schaffhausen. Austgrensa med Tyskland og ein del av grensa mot Austerrike går gjennom Bodensjøen. Ein del av den sørvestlege grensa med Frankrike går gjennom Genfersjøen.

Sveits er delt inn i 26 kantonar. Kantonane langs det sveitsiske platået er som regel meir folkerike,[2] industridominert og religiøst protestantisk.[3] Kantonane i Alpane er mindre folkesette, katolske og har ein økonomi som meir er basert på jordbruk og turisme.[3]

Sveits er òg delt språkmessig. Det er fire offisielle språk i landet. 63,7 % av innbyggjarane snakkar tysk, 20,4 % snakkar fransk, 6,5 % snakkar italiensk og 0,5 % retoromansk.[4] Frå Bern og austover (utanom Ticino) snakkar innbyggjarane generelt tysk. Vest for Bern snakkar innbyggjarane hovudsakleg fransk. I den sørlege kantonen Ticino, snakkar dei fleste italiensk. Retoromansk er ei gruppe dialektar som stammar frå vulgærlatin og vert snakka i fleire regionar i kantonen Graubünden.

Fysisk skildring[endre | endre wikiteksten]

Sveits strekker seg mellom 45°49'05 og 47°48'30 grader nord og 5° 57'23 og 10°29'31 grader aust. Landet er forma som ein irregulær firkant og den største lengda frå aust til vest er 350 km, og den største breidda frå nord tils ør er 220 km. Sveits er omgjeve av land, og den næraste kystlinja er Genovabukta, 160 km sør for Chiasso. Dei politiske grensene samsvarar ofte ikkje med dei naturlege. Heile kantonen Ticino ligg sør for Alpane, og det same er dalane Simplon (Valais), Mesocco, Bregaglia, Poschiavo og Müstair (alle i Graubünden); heile kantonen Schaffhausen og delar av Basel ligg nord for Rhinen, medan ein stor del av Graubünden ligg aust for Rhinenvassdraget, og Porrentruy ligg langt ned på vestsida av Jurafjella. Utanom desse unntaka kan ein skildre den fysiske geografien til Sveits som følgjer:

  • Nord for hovudkammen ligg ei anna stor fjellkjede (heilt innanfor Sveits) som berre er hakket mindre stor og høg. Ho startar frå åsane Jorat oppfor Lausanne, og når toppen i dei snøkledde toppane i Bern-Alpane og Tödi-gruppa, før dei går mot nord nær Chur, og stig nok ein gong i Säntis-gruppa, før dei forsvinn ned mot sørsida av Bodensjøen.
  • Den sveitsiske delen av hovuddelen av Alpane og dei nordlege greinene går parallelt med kvarandre frå Martigny til nær Chur, medan dei eit kort stykke faktisk går saman nær Pizzo Rotondo (vest for St. Gotthard-passet), og deler seg igjen nær Oberalppasset (aust for St. Gotthard). Mellom desse to store snøkledde fjellkjedene renn to av dei største elvane i Europa, Rhône mot vest og Rhinen motm aust. Kjeldene deira er berre skilde av dei samanfiltra fjellmassane mellom Pizzo Rotondo og Oberalppaset, som sender Reuss mot nord og Ticino mot sør.
  • Nord for dei nordlegaste delane av Alpane stig Jurafjella, ein stor avstikkar av Alpane (som dei heng saman med ved Joratfjella), medan ein mellom dei nordlege Alpane og Jurafjella strekkjer seg ei slette eller det ein kallar Det sveitsiske platået. Platået består nesten utelukkande av den bølgjande dalen til Aare (nedanfor Thun) med dei mange sideelvane hennar. I tillegg til denne elvedalen har ein Thurdalen (ei sideelv til Rhinen), som ligg mellom Aarevassdraget og Rhinenvassdraget (Bodensjøen).

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Forskjellige geologiske fenomen har forma det faktiske landskapet i Sveits. Den alpine orogenesen er mest synleg i dag og utgjer den geologiske rørsla som skapte Alpane.

Ein krystallinsk sokkel vart danna i byrjinga av paleozoikum, mellom 540 og 360 millionar år sidan. Seinare, mellom 205 og 96 millionar år sidan vart Tethyshavet danna mellom Eurasia og Afrika. Havet var på sitt største under juratida, for 135 millionar år sidan. Kollisjonen mellom dei eurasiatiske og afrikanske platene gjorde at havet gradvis forsvann. Denne platekollisjonen, som framleis pågår, starta for 100 millionar år sidan. Alpane vart skapt av denne geologiske rørsla då dei to platene skapte foldesonar. Det sentrale platået består hovudsakleg av molasse, ein sedimentær bergart som vert skapt på botn av gammalt hav.

Sveits ligg i ein relativt roleg tektonisk sone, sjølv om byen Basel vart nesten øydelagd i 1356 av eit jordskjelv, den største seismiske hendinga i Sentral-Europa i historisk tid. Dei mest aktive regionane er nettopp i Rhinen-riftdalen (regionen Basel) og Valais.

Fysiografisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei tre hovudregionane:██ Jura ██ Platået ██ Alpane

Sveits kan hovudsakleg delast inn i tre geografiske regionar: Dei sveitsiske Alpane, det sentrale platået og Jurafjella. Dei samsvarar kvar til klårt fråskilde geologiske tilhøve. To små regionar er derimot ikkje ein del av desse tre. Den første, nord for Rhinen i Basel-området, ligg på andre sida av Jura. Den andre ligg sør i Mendrisio-området, i Podalen. Desse to er derimot små i forhold til dei andre regionane.

Dei sveitsiske Alpane dekkjer den sørlege delen av Sveits. Dei vart danna då den afrikanske plata pressa nordover. Denne rørsla skapte òg Jurafjella i nordaust og platået mellom dei to massiva. Alpane dekkjer om lag 60 % av landet, platået om lag 30 % og Jura 10 %.

Det kuperte terrenget i Jura og Alpane er tynt folkesett, bortsett frå nokre store dalar som Valais. Dei fleste innbyggjarane i landet bur på platået i store byar som Genève, Zürich og Bern.

Det sentrale platået[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det sveitsiske platået.
Åsar i Emmental

Det sveitsiske platået strekkjer seg frå Genfersjøen ved grensa til Frankrike over det sentrale Sveits til Bodensjøen ved grensa til Tyskland og Austerrike. Platået har ei gjennomsnittleg høgd på 580 meter over havet.[5] Heile platået er dekt med rullande åsar, små innsjøar og elvar. Dei fleste av dei store innsjøane i Sveits ligg på platået. Både Genfersjøen (581,3 km²) og Bodensjøen (541,1 km²) ligg på platået, men er delt med andre land. Den største innsjøen som ligg heilt innanfor grensene til Sveits er Neuchâtelsjøen (218,3 km²) ligg òg på Det sveitsiske platået.

Det sveitsiske platået vert kryssa av tre store elvedalar (Rhône, Rhinen og Aare) og den mindre Thurdalen. Medan kjeldene til desse fire elvane alle ligg i Alpane, skjer dei alle gjennom platået mellom Alpane og Jurafjella. Rhône- or Rhindalane er skilde frå kvarandre av Aaredalen og den isolerte Thurdalen av dei store nordlege utløparane av Alpane, som består av Berner Oberland og Glarus-Alpane. To breie og bølgjande dalar (Aare og Thur) og to djupe dalar (Rhône og Rhinen) ligg altså på nordsida av Alpane.[6] Alle dei fire elvane svingar fram og tilbake og dannar nokre av dei store elvane i Europa. Nær Schaffhausen passerer Rhinen gjennom Rhinfossen, den mest vassrike fossen i Europa. Rhinfossen er om lag 150 meter brei og 25 meter høg.

Platået okkuperer om lag ein tredjedel av arealet i Sveits, og om lag to tredjedelar av innbyggjarane bur i dette området. Folketettleiken her er om lag 450 innbyggjarar per kvadratkilometer.[5] I regionane kring Genfersjøen, Zürichsjøen og andre byar, er folketettleiken over 1000 innbyggjarar per km2.[7] I tillegg til størsteparten av innbyggjarane, er det meste av industrien, produksjonen og jordbruket i Sveits å finne på platået. Gardane er generelt små og godt organiserte. Dei fleste gardane har små enger som vekslar mellom forskjellige avlingar og små skogkledde område.

Alpane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dei sveitsiske Alpane.
Med Finsteraarhorn som det høgaste punktet er den store nordlege fjellkjeda ei viktig vêrskilje.

Dei sveitsiske Alpane dannar ein del av fjellkjeda som strekkjer seg over det sørlege Europa og skil Nord-Europa frå Middelhavet. Fleire viktige fjellovergangar gjennom Alpane ligg i Sveits, og kontrollen av desse passa har vore viktige gjennom historia til Sveits. Alpane har ei gjennomsnittleg høgd på 1700 meter over havet.[8] og dekkjer nesten to tredjedelar av det totale arealet. I alpane er det 48 fjell som er over 4000 moh eller høgare.

Alpane er nedslagsfeltet til Vest-Europa. Rhinen drenerer i lag med sideelvane sine Aare og Thur om lag to tredjedelar av vatnet ut i Nordsjøen. Rhône og Ticino drenerer om lag 18% av vatnet i Middelhavet. Inn som munnar ut i Donau utanfor Sveits, drenerer om lag 4,4 % av vatnet ut i Svartehavet.[9] I Dei sveitsiske Alpane ligg òg mange av isbreane i Sentral-Europa. Det er om lag 1800 brear[8] som dekkjer 1200 km² av Alpane.

Alpane er ein populær turistdestinasjon og er eit av dei mest gjenkjennelege symbola på Sveits. Det høgaste punktet i Sveits, Monte Rosa (4634 moh) i kantonen Valais, ligg i Alpane og det høgaste fjellet som ligg heilt innanfor grensene til Sveits er Dom (4545 moh). Eit av dei mest gjenkjennelege symbola på Sveits er Matterhorn som òg ligg i Alpane. Matterhorn (4478 moh) er det sjuande høgaste fjellet i Dei sveitsiske Alpane og det mest fotograferte i Sveits. Det høgaste fjellet i dei nordlege utstikkarane[6] eller Bern-Alpane er Finsteraarhorn (4274 moh).

På sørsida av Alpane ligg kantonen Ticino som er delt i to geografisk av Monte Ceneri-passet. Den nordlege, meir fjelldominerte delen, kalla Sopraceneri, er forma av to store sveitsiske dalar kring Lago Maggiore: Ticinodalen og Maggiadalen. Den sørlege delen, kalla Sottoceneri, er regionen kring Luganosjøen. Det lågaste punktet i Sveits er ved Lago Maggiore (193 moh).[6]

Jura[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Jurafjella.
Creux du Van i kantonen Neuchatel syner kalksteinslag som er synlege i Jurafjella.

Jura er ei kalksteinsfjellkjede som strekkjer seg frå Genfersjøen til Rhinen. Dette området utgjer om lag 12 % av landarealet til Sveits. Det ligg om lag 700 moh og er karakterisert av eit høglandsområde av kalkstein med djupe elvedalar.

Kalksteinen i Jura er frå juratida med mange fossil og dinosaurspor. Namnet på den geologiske perioden juratida er faktisk kalla opp etter desse fjella, der desse fossila vart studerte mot slutten av 1700-talet.[10] Jura er ein av dei viktigaste stadane for fotavtrykk etter dinosaurar i verda. I eit område nær landsbyen Courtedoux, er det over 1500 fotavtrykk, som vart oppdaga mellom 2002 og 2004, og det er estimert at kring 4000-5000 fotavtrykk framleis ikkje er oppdaga.[11]

Fjella er slakare bygd opp enn Alpane, som er ei yngre og meir aktiv fjellkjede.

Doubs markerer grensa til Frankrike

Det høgaste fjellet i Jurafjella er Le Crêt de la Neige på 1720 meter over havet.

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Mange elvar, som Aare, har kjelda si frå brear i Alpane.

Sveits har om lag 6 % av alle ferskvassreservane i Europa. Landet deler fem nedslagsfelt og somme av dei største innsjøane i Vest-Europa med nabolanda sine. Landet er kjelda til fleire av dei store europeiske elvane som etter kvart renn ut i Nordsjøen (Rhinen), Middelhavet (Rhône), Svartehavet (Inn via Donau) og Adriahavet (Ticino via Po og Ram via Adige).

Dei fleste av dei store sveitsiske elvane, som i starten er fjellbekkar, flaumar ofte over, og det er derfor gjort mykje for å hindre dette ved å bygge vollar og vinne attande dyrkbar mark frå dei. Rhinen (mellom Bad Ragaz og Bodensjøen), Rhône, Aare, Reuss; og særleg det store arbeidet gjort med Linth (1807-1816) av Hans Conrad Escher, og Zihl nær innsjøane Neuchâtel og Biel, medan omleiinga av Kander frå samløpet med Aare til ein kanal som endar opp i Thunsjøen vart gjort ferdig så tidleg som i 1714.

Klöntalersee, ein av dei mange alpesjøane i Sveits

Sveits har mange grunnvassreservar og mange innsjøar, både store og små. Dei to største er Genfersjøen og Bodensjøen, som ligg høvesvis i det sørvestlege og det nordaustlege hjørnet av landet. Begge desse er internasjonale og den største innsjøen heilt innanfor grensene til Sveits er Neuchâtelsjøen, etterfølgd av Vierwaldstättersee og Zürichsjøen. Så kjem Luganosjøen, Thunsjøen, Bielsjøen, Zugsjøen, Brienzersee, Walenstadtsjøen og Murtensjøen. Desse tretten er alle større enn 20 km². Ti av dei ligg i Rhinvassdraget (òg i Aarevassdraget), to (Maggiore og Lugano) i Povassdraget og ein (Genfersjøen) i Rhônevassdraget. Det er ingen større innsjøar i den sveitsiske delen av Innvassdraget, og den største her er Silsersee. Mindre fjellvatn som Oeschinensee er det mange av og ofte er dei populære turistdestinasjonar. Sidan 1900-talet er det bygd mange demningar i Alpane og andre stader, og slik skapt mange kunstige innsjøar. Den største av desse er Sihlsee og Gruyèresjøen begge om lag 10 km². Andre reservoar er Lac des Dix, bygd opp av Grande Dixence, den største gravitasjonsdammen i verda.

Totalt inneheld innsjøane og reservoara 50 % av det lagra vatnet, isbrear 28 %, grunnvatn 20 % og elvar 2 %.[12]

Utsyn over Genfersjøen frå vingardane mellom Montreux og Lausanne

Klima[endre | endre wikiteksten]

Verdasio.jpg
Klimaskilnader mellom regionane Centovalli (Ticino) og Appenzell (Nordaust-Sveits)

I Sveits, der høgda varierer frå 193 moh (Lago Maggiore) til 4634 moh (Monte Rosa), finn ein mange forskjellige klima, frå regionar med oliven, vingardar, eik og bøk, furu og gran, til høgtliggande fjellenger, rododendronar, og evig snødekke.

I dei fleste busette områda i Sveits, i lågare høgder, er vêret generelt moderat. På platået har ein temperaturar under null generelt frå desember til tidleg i mars.ref>Weather - Switzerland Tourism</ref> med ein middeltemperatur på 9 ºC for høgder mellom 500-600 moh. På platået er den årlege normalnedbøren 1000 mm og varierer frå 800 til 1300 mm.[1] Høgare oppe i Jura og Alpane er temperaturane naturlegvis lågare, og i dei høge Alpane finn ein isbrear. Jura og lågberga (både nord og sør for Alpane) er nedbøren typisk høgare med 1200-1600 mm, medan ein i dei høge Alpane har over 2500 mm.[1] Ticino, på sørsida av Alpane, har subtropisk vegetasjon og er vanlegvis 2-4 ºC varmare , og våtare enn Det sveitsiske platået.

I Köppensystemet er det Det sveitsiske platået klassifisert som maritimt temperert eller maritimt klima (Cfb) og Alpane vert rekna som tundraklima eller (ET). Eit maritimt temperert område vil ha vekslande, ofte overskya vêr. Somrane er kjølige på grunn av skydekket og vintrane er mildare enn venta på denne breiddegraden. Jura fjella er noko kjøligare på grunn av høgda. Innanfor Alpane er temperaturen og snøfallet korrelert med høgda.

Stad Høgda til vêrstasjonen (moh) Årsmiddelnedbør (mm) Midla solskin i august (%) Midla solskin i desember (%) Normal maksimumstemperatur i juli (°C) Normal minimumstemperatur i januar (°C)
La Chaux-de-Fonds (Jura) 1018 1410 40 40 +19.6 -6.4
Bern (Det sveitsiske platået) 565 1040 50 20 +23.5 -3.9
Sion (Valais) 482 600 60 50 +25.7 -4.8
Säntis (Det austlege Sveits, Prealps) 2490 2900 55 30 +7.5 -10.3
Locarno-Monti (Ticino) 366 1850 60 60 +25.9 +0.1
Klimatisk mangfald (perioden mellom 1961 og 1990).[13]

Politisk inndeling og større regionar[endre | endre wikiteksten]

Som ein føderal stat er Sveits delt inn i 26 kantonar, som vidare er delt opp i distrikt og kommunar. Kvar kanton var ein heilt suveren stat[14] med sin eigne grenser, forsvar og valuta fram til freden i Westfalen (1648) då Den sveitsiske føderalstaten vart oppretta i 1848. Det er store skilnader mellom dei individuelle kantonane, særleg i folkesetnad og geografiske område. Ein har derfor definert sju store og meir homogene regionar. Desse regionane er derimot ikkje administrative einingar og vert hovudsakleg nytta for statiske og økonomiske føremål.[15]

Karte Grossregionen der Schweiz 2011.png
Regionar Kantonar Regionar Kantonar
Nordvest-
Sveits
Aargau
Sentral-
Sveits
Luzern
Basel-Landschaft Nidwalden
Basel-Stadt Obwalden
Espace
Mittelland
Bern Schwyz
Fribourg Uri
Jura Zug
Neuchâtel
Aust-
Sveits
Appenzell Ausserrhoden
Solothurn Appenzell Innerrhoden
Genfersjøen
Genéve Glarus
Valais Graubünden
Vaud Schaffhausen
Zürich
Zürich St. Gallen
Ticino
Ticino Thurgau

Arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Landsbygda i Aargau
Arealbruk
Kjelde: FSO (1992–1997)[16]
Hovudområde Areal
(i %)
Arealbruk Areal
(i ha)
Areal for bustader og infrastruktur
6.8
Bygningsområde 137 564
Industriområde 20 233
Spesielle infrastrukturområde 16 111
Grøne rom og fritidsområde 15 860
Transportområde 89 329
Oppdyrka mark
36.9
Frukthagar, vingardar, hagebruk 60 956
Dyrka mark, lokale enger 926 378
Fjellenger 537 802
Skogar
30.8
Skog 1 102 160
Krattskog 60 514
Andre skogområde 108 978
Uproduktive område
25.5
Innsjøar 142 234
Elvar 31 724
Uproduktiv vegetasjon 263 051
Flater utan vegetasjon 615 597

Sveits er delt inn i fire store typar arealbruk. I 2001 vart 36.9%[17] av landområdet i Sveits nytta til jordbruk, 30,8 % var dekt av skog og skogområde,[17] med 6,8% dekt av hus og bygningar.[1] Om lag ein fjerdedel (25,5%) av landområdet er anten fjell, innsjøar eller elvar og kan ikkje nyttast.[1]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketettleiken etter kommune (2007)

Folkesetnaden i Sveits er særs urbanisert. I 2009 budde 74 % av dei 7 785 800 innbyggjarane i urbane område. Fordelinga av folkesetnaden er forma av topografien i landet og platået er det mest folkerike området og der dei store byane i Sveits ligg. Med ein folketettleik på 450 innbyggjarar per kvadratkilometer er det eit av dei tettast folkesette områda i Europa. Det er store skilnader i folketettleiken mellom kantonane som ligg på platået, og dei som ligg i Alpane. Folketettleiken i kantonane Luzern, Solothurn og Zürich er høvesvis 261,0, 319,7 og 813,6 innbyggjarar per kvadratkilometer. Kantonane Uri og Graubünden har derimot låg folketettleik, berre høvesvis 33,4 og 27,0 innbyggjarar per kvadratkilometer. I dei sørlege Alpane, i kantonen Ticino er òg folketettleiken mindre enn landsgjennomsnittet med 122,5 mot 194,7 innbyggjarar per km².[18]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Aletschbreen (bilete frå 1979, 1991 og 2002) trekkjer seg attende på grunn av global oppvarming.

Med kjensleg alpine og isbremiljø i store delar av landet, som er viktig for turismen i landet, er Sveits oppteken av miljøsaker.

Den største miljøsaka i Sveits er luftforureining frå trafikk, vedfyring, samt sur nedbør.

Vassforureining i Sveits er aukande på grunn av gjødsling i jordbruket og hydrokarbonforureining frå transport og industri.[4] Sjølv om det er gjort forbetringar, er det framleis problem med eutrofiering i mange av innsjøane på Det sveitsiske platået.[1]

Ein steinbukk i Lötschental

Sveits er i ferd med å tape biologisk mangfald.[4] Sjølv om landet er forholdsvis lite, gjer dei mange klimasonene til at det er eit stort mangfald av organismar. Det er kring 50 000 dyre- og planteartar i Sveits.[1] Dei fleste av artane som lever på nord- og sørsida av Alpane gjer det generelt godt, men på Det sveitsiske platået er mange av artane i tilbakegang. Det er om lag 60 artar som vert rekna som utryddingstrua i Sveits.[1] For å prøve å hindre dette er 28,6% av landet i dag verna naturområde.[19]

Internasjonale avtalar[endre | endre wikiteksten]

Delaktig i avtalar om:

Signert, men ikkje ratifisert:

    • Miljøvernsavtale for Antarktis
  • Kyotoavtalen
  • Havrett[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Bundesamt fur Statistik (Federal Department of Statistics) (2009). «Land and Environment (Raum und Umwelt: Panorama)». http://www.bfs.admin.ch/bfs/portal/de/index/themen/02/01/pan.html. 
  2. Switzerland: Statistical information
  3. 3,0 3,1 Swiss Federal Statistics Office, på tysk
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 CIA - The World Factbook - Switzerland
  5. 5,0 5,1 The Swiss Plateau - Switzerland - Information
  6. 6,0 6,1 6,2 «Switzerland». Encyclopædia Britannica. 1911. pp. 239–40. 
  7. Swiss Federal Statistics Office Map
  8. 8,0 8,1 Alpane - Switzerland
  9. Geography of Switzerland
  10. The Jura - Switzerland - Information
  11. Swissinfo article, August 26, 2004
  12. Switzerland National Report, Convention on Protection and Use of Transboundary Watercourses and International Lakes. unece.org
  13. Cartes et diagrammes, s. 14 - 15, Atlas mondial suisse, édition 2002, Conférence suisse des directeurs cantonaux de l'instruction publique (CDIP) ISBN 3-292-00232-X
  14. Cantons, In the Old Confederation until 1798tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland.
  15. Nomenklaturen – Grossregionen admin.ch
  16. Zustand und Entwicklung der Bodennutzung - Arealstatistik 1979/85 und 1992/97. Bundesamt für Statistik (2010).
  17. 17,0 17,1 Bundesamt fur Statistik (Federal Department of Statistics) (2008). «Statistics for Switzerland». http://www.bfs.admin.ch/bfs/portal/de/index/international/laenderportraets/schweiz/blank/kennzahlen.html. 
  18. Population size and population composition – Data, indicators bfs.admin.ch.
  19. United Nations Millennium Development Goals Indicators

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sveitsisk geografi