Britisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Britisk geografi
{{{land}}}
Kontinent Europa
Region Vest-Europa
Koordinatar 54°0′N 2°30′W
Areal Rangering
243 610 km²
99,2% land
0,8% vatn
Kystlinje 12&bbsp;429 km
Grenser Landegrenser:
Irland 360 km
Høgaste punkt Ben Nevis
1344 m
Lågaste punkt The Fens
4 m
Lengste elv Severn
354 km
Største innsjø Lough Neagh
381,74 km²

Storbritannia er eit land utanfor nordvestkysten av det europeiske fastlandet. Med eit samla areal på kring 243 610 km² utgjer Storbritannia den største delen av Dei britiske øyane[1] og omfattar øya Storbritannia, den nordaustlege sjettedelen av øya Irland og nokre av dei mindre øyane rundt. Hovudområdet ligg mellom breiddegradene 49°N og 59°N (Shetlandsøyane når nesten 61°N), og lengdegrader 8°W til 2°E. Greenwich-observatoriet i Søraust-London er utgangspunktet for nullmeridianen.

Storbritannia ligg mellom Nord-Atlanteren og Nordsjøen, på det minste 35 km frå nordvestkysten av Frankrike på den andre sida av Den engelske kanalen. Nord-Irland deler ei 360 km lang landegrense med Republikken Irland. Kanaltunnelen under Den engelske kanalen knyt i dag Storbritannia til Frankrike.

Areal[endre | endre wikiteksten]

Det samla arealet til Storbritannia er om lag 245 000 km² og består av øya Storbritannia, den nordaustlege sjettedelen av øya Irland (Nord-Irland) og mindre øyar. England er det største landet i Storbritannia med eit areal på 130 410 km², som er litt over halvparten av det totale arealet til Storbritannia. Skottland er med 78 772 km²,[2] det nest største og utgjer om lag ein tredjedel av det totale arealet. Wales og Nord-Irland er langt mindre, og dekkjer høvesvis 20 758 km² og 14 160 km².

Rangering Namn Areal
1 England 130 427 km²

- Sørvest
- Aust-England
- Søraust
- East Midlands
- Yorkshire and the Humber
- North West
- West Midlands
- Nordaust
- London

23 837 km²
19 120 km²
19 096 km²
15 627 km²
15 420 km²
14 165 km²
12 998 km²
8 592 km²
1 572 km²

2 Skottland 78 772 km²
3 Wales 20 778 km²
4 Nord-Irland 13 843 km²
Storbritannia 243 820 km²

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografien til Storbritannia

Den fysiske geografien til Storbritannia varierer stort. England består av lågtliggande terreng med meir fjellendt terreng nordvest for Tees-Exe-linja, inkludert Cumbrian Mountains i Lake District, Penninane og kalksteinsåsane i Peak District, Exmoor og Dartmoor. Den skotske geografien er særprega av Highland-forkastinga – ei forkasting som går på tvers av det skotske fastlandet frå Helensburgh til Stonehaven. Forkastinga skil to ganske forskjellige område med Dei skotske høglanda i nord og vest og Dei skotske låglanda i sør og aust. Geografien i Wales er hovudsakleg fjellendt, men Sør-Wales er mindre prega av fjell enn Nord- og Midt-Wales. Den irske geografien omfattar Mourne Mountains og Lough Neagh, ein 388 km² stor innsjø og den største innsjøen i Storbritannia og Irland.[3]

Den generelle geomorfologien til Storbritannia vart forma av ein kombinasjon av tektonikk og klimaendringar, særleg isbredanning.

Det eksakte sentrumet på øya Storbritannia er omdiskutert. Avhengig av korleis ein reknar det ut kan det vere anten Haltwhistle i Northumberland eller Dunsop Bridge i Lancashire.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologien i Storbritannia er variert og mangfaldig. Dette gjer seg utslag i mange forskjellige typar landskap rundt om i Storbritannia. Denne variansen, samt at britiske vitskapsmenn og geologar tidleg prøvde å forstå han, har påverka namngjevinga av mange geologiske konsept, mellom anna mange av dei geologiske periodane (til dømes er ordovicium kalla opp etter ordovicane, eit tidleg britisk folk, eller devontida som er kalla opp etter grevskapet Devon sørvest i England).

Dei eldste bergartane i Storbritannia er gneisar som er minst 2 700 millionar år gamle frå arkeikum. Desse finn ein heilt nordvest i Skottland og på Hebridane, med nokre små utspring andre stader. Sør for gneisane finn ein ei kompleks blanding av bergartar som formar det nordvestlege høglandet og Grampians i Skottland. Desse er i røynda restane av folda sedimentære bergartar, avsett over geniseen, frå 1000 millionar år sidan, med eit 7 km tjukt lag av Torridon-sandstein oavsett for om lag 800 millionar år sidan, samt morene av ei iskappe for 670 millionar år sidan.

Restane av gamle vulkanske øyar ligg under mykje av det sentrale England med små utspring synlege mange stader. Kring 600 millionar år sidan, gjorde den kadomiske orogenesen (fjellbyggingsperiode) det engelske og walisiske landskapet om til eit fjellendt landskap, i lag med det meste av det nordvestlege Europa.

Den walisiske Skiddaw-skiferen vart avsett for kring 500 millionar år sidan, under ordovicium. På denne tida, kring 425 millionar år sidan, var det mykje vulkansk aktivitet nord i Wales. Restane av desse vulkanane er framleis synlege, til dømes Rhobell Fwar frå kring 510 millionar år sidan. Store mengder vulkansk lava og oske kjend som Borrowdale-vulkanane dekte både Wales og Lake District, og er framleis synlege i form av fjell som Helvellyn og Scafell Pike.

I silur, for mellom 425 og 400 millionar år sidan, forma den kaledonske orogenesen mykje av det som i dag er Storbritannia. Vulkansk oske og lavaavleiringar frå denne perioden er framleis synlege i Mendip Hills og i Pembrokeshire.

Vulkanske avleiringar forma Ben Nevis i devontida. Havnivået varierte mykje og kystlinja har trekt seg fram og tilbake over England, og mange av avleiringane i England er sedimentære bergartar. Old Red Sandstone frå Devon gav denne perioden namnet sitt, sjølv om avleiringane òg finst mange andre stader.

Under karbontida, kring 360 millionar år sidan, låg Storbritannia nær ekvator, dekt av eit varmt, grunt hav kalla Rheichavet. I denne perioden vart karbonhaldig kalkstein nedlagt, som ein finn i område som Mendip Hills og Penninane. Dei kolførande laga vart danna på denne tida, i elvedelta, sumper og regnskogar. Ein finn kol i mange område av Storbritannia, så langt nord som Sutherland og så langt sør som Kent, sjølv om det stort sett vart driven gruvedrift i Midlands, Nord-England og Wales. På denne tida vart òg Millstone Grit danna.

Under permtida og trias låg det meste av Storbritannia under eit grunt hav, noko som førte til avsetting av sediementære bergartar som skifer, kalkstein, grus og mergelstein. Havet byrja omsider å trekkjer seg attende og etterlet ein flat ørken med saltpanner.

I byrjinga av juratida var Storbritannia under vatn att, og sedimentære bergartar vart avsett som no ligg under mykje av England frå Cleveland Hills i Yorkshire til Jurassic Coast i Dorset, inkludert leirer, sandsteinar, og oolittisk kalkstein i Cotswold Hills. Gravlagde algar og bakteriar under gjørma på havbotn skapte Nordsjøolje og naturgassen.

I kritt-tida var det meste av Storbritannia igjen under havet og kalkstein og flintar vart avsette over mykje av Storbritannia. Desse er no hovudsakleg eksponert i Dei kvite klippene ved Dover og Salisbury Plain, Chiltern Hills, South Downs og andre liknande stader.

Dei siste vulkanske bergartane i Storbritannia vart danna tidleg i tertiær, for mellom 63 og 52 millionar år sidan, med store utbrot på Antrim-platået og basaltiske søyler som danna Giant's Causeway. Ytterlegare sediment vart avsette over Sør-England, inkludert London-leire, medan Den engelske kanalen bestod av mudderflater og sand frå elveavsettingar.

Dei største endringane dei siste få millionar åra, under kvartær, har stort vore gjennom istidene, som har skapt U-dalar i fjellområda og frodig (og ofte steinrikt) jordsmonn i Sør-Storbritannia.

Fjell og åsar[endre | endre wikiteksten]

Med 1344 meter over havet er Ben Nevis det høgaste fjellet i Storbritannia.

Dei ti høgaste fjella i Storbritannia ligg alle i Skottland. Dei høgaste toppane i kvar del av Storbritannia er:

Fjellkjeder og åsar i Storbritannia er mellom andre:

Det lågaste punktet i Storbritannia er the Fens i East Anglia, i England, der delar ligg opp til 4 meter under havnivå.

Elvar og innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Den lengste elva i Storbritannia er Severn (354 km) som renn gjennom både Wales og England.

Dei lengste elvane i Storbritannia etter land er:

  • England: Themsen (346 km)
  • Skottland: Tay (188 km)
  • N. Ireland: Bann (122 km)
  • Wales: Tywi (103 km)

Dei største innsjøane i Storbritannia etter land er:

Den djupaste innsjøen i Storbritannia er Loch Morar med ei djupne på 309 meter. Loch Ness er den nest djupaste med 228 meter. Den djupaste innsjøen i England er Wastwater som er 79 meter på det djupaste.

Kunstige vassvegar[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av industrihistoria til Storbritannia, er det bygd ut eit omfattande system av kanalar, dei fleste dei tidlege åra i den industrielle revolusjonen, i tida før dei hadde konkurranse frå jernbanen. Storbritannia har òg mange damar og vassreservoar for å lagre drikkevatn og for å nyttast i industrien. Vasskraft er heller avgrensa og står for mindre enn 2 % av det britiske forbruket.

Kystlinje[endre | endre wikiteksten]

Dei maritime krava til Storbritannia.

Storbritannia har ei kystlinje som er 12 429 km. Den ujamne kystlinja gjer at ingen stader er meir enn 125 km frå kysten ved flo sjø.

Dei britiske krava på kontinentalsokkelen er definert i kontinentalsokkel-forordningar eller etter grenseavtalar. Det er ein eksklusiv fiskesone på 200 nautiske mil og eit territorialfarvatn på 12 nautiske mil.

Bukter[endre | endre wikiteksten]

Nes[endre | endre wikiteksten]

Geologien i Storbritannia er slik at det er danna mange nes og bukter langs kysten, her er nokre av dei mest kjende:

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Totalt er det estimert at Storbritannia består av over tusen småøyar. Dei fleste av dei er naturlege, men det finst òg menneskskapte crannogs, som art bygde i tidlegare tider med hjelp av stein og tre.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Storbritannia varierer, men er generelt temperert, sjølv om det er langt varmare enn somme stader på liknande breidde grad, som det sentrale Polen, på grunn av påverknaden frå den varme Golfstraumen. Generelt er det varmare og tørrare i sør enn i nord.

Dei rådande vindane er sørvestlege, frå Nord-Atlanteren. Meir enn halvparten av dagane er det overskya. Det er få naturlege farar, men det kan oppstå både kraftig vind og flaum, særleg på vinterstid.

Den normale årsnedbøren varierer frå over 3000 mm i Dei skotske høglanda og ned til 553 mm i Cambridge. Grevskapet Essex er eit av dei tørraste i Storbritannia med ein normal årsnedbør på kring 600 mm, sjølv om det typisk regnar meir enn 100 dagar per år. Somme år kan det regne mindre enn 450 mm i Essex, som er mindre enn den normale årsnedbøren i Jerusalem og Beirut.

Den høgaste temperaturen som er registrert i Storbritannia er 38,5 °C i Brogdale, nær Faversham i Kent, den 10. august 2003. Den lågaste temperaturen registrert er -27,2 °C i Braemar i Grampian Mountains i Skottland, den 11. februar 1895 og den 10. januar 1982, samt Altnaharra i Skottland, den 30. desember 1995.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Historisk har mykje av Storbritannia vore skogkledd. Sidan førhistorisk tid har ein drive med avskoging over det meste av Storbritannia.

Jordbruket er intensivt, i stor grad mekanisert og effektivt etter europeisk standard. Ein produserer 60 % av matbehovet til landet med berre 1 % av arbeidsstyrken. Det medverkar til kring 2 % av BNP. Kring to tredjedelar av produksjonen er via til buskap, ein tredje del til dyrkbare avlingar.

I 1993 vart det estimert at arealbruken var:

Storbritannia har mange naturressursar, som :

Storbritannia har store førekomstar av kol, naturgass og olje. Den primære energiproduksjonen står for 10 % av BNP, ein av dei høgaste andelane til noko industrinasjon. Sidan Storbritannia er ein øystat, har landet stort potensiale for å generere elektristet frå bølgjekraft og tidvasskraft, sjølv om desse ikkje enno er utnytta på kommersielt grunnlag.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Noverande saker[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia reduserer utsleppa sine av drivhusgassar. Dei har møtt målet frå Kyotoavtalen om ein reduksjon på 12,5 % av 1990-nivåa og har som mål å lovmessig binde målet til ein reduksjon på 20 % innan 2010. Innan 2015 skal ein resirkulere eller kompostere minst 33 % av hushaldningsavfallet. Mellom 1998-99 og 1999–2000 auka resirkulering av hushaldningsavfall frå 8,8 % til 10,3 %.

Internasjonale avtalar[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia er delaktig i mange internasjonale avtalar, som: Luftforureining, luftforureining-nitrogenoksid, luftforureining-svovel 94, luftforureining-flyktige organiske stoff, Antarktisk-protokollen, konvensjonen for bevaring av antarktisk marine levande ressursar, konvensjonen for bevaring av antarktisk sel, Antarktisk-traktaten, biologisk mangfald, klimaendringar, Kyotoavtalen, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, havrett, marin dumping, bevaring av sjøliv, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer 83, tropisk tømmer 94, våtmarksområde og kvalfangst.

Storbritannia har signert, men ikkje ratifisert ein internasjonal avtale om luftforureining ved persistente organiske stoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oxford English Dictionary: "British Isles: a geographical term for the islands comprising Great Britain and Ireland with all their offshore islands including the Isle of Man and the Channel Islands."
  2. «Scotland Facts». www.scotland.org. http://www.scotland.org/about/fact-file/index.html. Henta 7. juli 2011. 
  3. «Geography of Nord-Irland». University of Ulster. http://cain.ulst.ac.uk/ni/geog.htm. Henta 7. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Britisk geografi