Norsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Noreg, Sjå òg Norsk atlas

Noreg er eit land i Nord-Europa som ligg vest og nord på Den skandinaviske halvøya. Det grensar til Nordsjøen i sørvest, Skagerrak i sør, Norskehavet i nordvest, Barentshavet i nord. Noreg har grense mot Sverige i aust, og kortare grenser mot Finland og Russland i nordaust.

Noreg er det nest minste sirkulære landet i verda og har ei langstrekt form og ei av dei lengste og mest kuperte kystlinjene i verda med om lag 50 000 øyar, holmar og skjer. Fastlandet strekkjer seg over 13º breiddegrader, frå 58 ºN til meir enn 71 ºN (Svalbard nord til 81 ºN) og frå aust til vest strekkjer det seg frå 5 °E til 31 °E (Jan Mayen til 9 °W, Kvitøya til 33 °E).

Noreg er eit av dei nordlegaste landa i verda og eit av dei mest fjellkledde landa i Europa der store område er dominert av Dei skandinaviske fjella. Den gjennomsnittlege høgda er 460 meter og 32 % av fastlandet ligg over tregrensa.

Fjellkjeda som strekkjer seg gjennom heile landet er ei fortsetjing av fjella i Skottland og Irland og kryssar Atlanterhavet og dukkar opp som Appalachane i Nord-Amerika. Geologar meiner at alle desse danna ei enkel fjellkjede før oppbrytinga av det gamle superkontinentet Pangaea.

Heile landet var dekt av ei tjukk iskappe under den siste istida og i fleire tidlegare istider. Isrørsla grov ut djupe dalar og då isen smelta fylte sjøen desse dalane og danna dei kjende norske fjordane.[1]

Landområda hevar seg framleis etter den enorme vekta av isen (isostatisk heving) og stig med fleire millimeter i året. Særleg den austlege delen av landet og dei indre områda av dei lange fjordane, der isen var tjukkast hevar seg «raskt». Dette er ein treg prosess og i tusenvis av år etter slutten av istida dekte sjøen store område som i dag er tørt land. Sjøen nådde opp til det som i dag er ei høgd på 221 meter i Oslo (Aker), 25 meter i Stavanger, 5 meter nær Stad, 180 meter i Trondheim, 50 meter i Tromsø og 75 meter i Kirkenes. Den gamle havbotnen er i dag dei beste jordbruksområda i landet.

Isbrear i dei høgare fjellområda i dag er ikkje restar av den store iskalotten frå istida og er langt nyare.[2]. Klimaet i området var 1-3 °C varmare rundt år 7000 f.Kr. til 3000 f.Kr. (relativt til normalperioden 1961-1990) og restane av isbreane i fjellet smelta heilt i denne perioden.

Isbreane har grave ut Sognefjorden, som er den nest lengste fjorden i verda og Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa.

Fossar er vanlege langs vestsida av fjellkjeda, her Dei sju systrene i Geirangerfjorden.


Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Regionar og fylke i Noreg

Geografiske koordinatar: 62°N 10°EKoordinatar: 62°N 10°E

Areal:
totalt: 324 220 km²
land: 307 860 km²
vatn: 16 360 km²
Med Svalbard og Jan Mayen: 385 199 km²

Landegrenser:
total: 2 515 km
grenseland: Finland 729 km, Sverige 1619 km, Russland 196 km

Kystlinje: 25 148 km (kontinentalt); 83 281 km (inkludert øyar) [3]

Maritime krav:
nærliggande sone: 10 nm (19 km)
kontinentalsokkel: 200 nm (370 km)
eksklusiv økonomisk sone: 200 nm (370 km)
territorialfarvatn: 4 nm (7 km)

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av fastlands-Noreg om vinteren.

Dei skandinaviske fjella. Dei skandinaviske fjella er det mest dominerande landskapstrekket i Noreg. Frå Setesdalsheiene i sør ved kysten av Skagerrak går fjella nordover og dekkjer store delar av landet, men fjordane skjer seg innover i fjella frå nord til sør. Av fjellområda i landet finn ein Hardangervidda, Jotunheimen (med Galdhøpiggen 2469 moh), Breheimen og Trollheimen med store isbrear som Jostedalsbreen, Folgefonna og Hardangerjøkulen. Fjellkjeda svingar austover sør for Trondheim med fjellområde som Dovrefjell og Rondane, og når grensa til Sverige, der dei hovudsakleg er svakt hellande platå. Fjella går så nordaustover (kjend som Kjølen). I Nordland og Troms vert fjella meir alpine og dannar mange øyar der dei går ut i havet. Dei skandinaviske fjella dannar Lyngsalpane og strekkjer seg til nordvestlege delar av Finnmark. Dei vert gradvis lågare frå Altafjorden mot Nordkapp, der dei slutt endar ved Barentshavet.

Dei skandinaviske fjella har naturleg delt landet i fysiske regionar med dalføre som strekkjer seg ut frå fjella i alle retningar. Dei følgjande fysiske regionane utgjer berre delvis dei tradisjonelle regionane og fylka i Noreg:

Sørkysten. Den sørlege kysten mot Skagerrak og Nordsjøen er eit lågland sør for fjellkjeda. Det strekkjer seg frå Stavanger i vest til dei vestlege og ytre delane av Oslofjorden i aust. I denne delen av landet går dalføra hovudsakleg frå sør til nord. Området er åslendt, men med enkelte svært flate område som Jæren og Lista.

Søraust. Landområda aust for Langfjella, fjellkjeda som deler Sør-Noreg i to (tilsvarer Austlandet, det meste av Telemark og Røros) er dominert av dalar som går frå nord til sør i aust og meir nordvest-sørvest lenger vest, og dalane samlar seg ved Oslofjorden. Dei lengste dalføra i landet er Østerdalen og Gudbrandsdalen. Denne delen inneheld òg større lågtliggande område rundt Oslofjorden og elva Glomma og innsjøen Mjøsa.

Vestfjordane. Landområda vest for Langfjella (tilsvarar Vestlandet nord for Stavanger) er dominert av fjellkjeda sidan fjella går heilt ut til kysten. Fjella vert derimot gradvis lågare ut mot kysten og store fjordar skjer seg austover i landet. Dei største fjordane er Sognefjorden og Hardangerfjorden. Geirangerfjorden er kanskje den mest kjende fjorden i landet og vert stundom rekna som det ultimate fjordlandskapet, omgjeve av høge fjell og flotte fossefall. Kysten er verna av ein skjergard med tusenvis av skjer og holmar som går parallelt til kysten og som gjev ei forholdsvis verna skipslei nesten heile den 1600 km lange vegen frå Stavanger til Nordkapp. Fjordane og dalane går hovudsakleg frå vest til aust, og lenger nord frå nordvest til søraust.

Trondheimsregionen. Området nord for Dovre (tilsvarar Trøndelag bortsett frå Røros) består av eit meir jamt landskap med meir avrunda former og fjell og med dalar som samlar seg ved Trondheimsfjorden, der dei opnar seg opp og dannar eit større låglandsområde. Lenger nord ligg Namdalen, som opnar ut mot Namsos-området. Fosenhalvøya og den nordlegaste kysten (Leka) er meir dominert av fjell og tronge dalar.

Nordfjordane. Landet lenger nord (tilsvarar Nordland, Troms og det nordvestlege Finnmark) er igjen meir dominert av spisse fjell som går heilt ut til kysten og svært mange fjordar. Fjordane og dalane går hovudsakleg frå vest til aust i den sørlege delen av området og meir frå nordvest til søraust lenger nord. Saltfjellet-området er eit unntak der dalane går meir frå nord til sør frå dette fjellområdet. Dette langstrekte området består av mange store øyar og øygrupper, som Lofoten, Vesterålen og Senja.

Lengst nordaust. Dei indre områda og områda aust for Nordkapp (tilsvarar Finnmarksvidda og Aust-Finnmark) er mindre dominert av fjell og ligg hovudsakleg under 400 meter over havet. Dei indre områda er dominert av den store Finnmarksvidda. Det er store, vide fjordar som går frå nord til sør. Kysten her har ikkje dei små øyane og skjergarden som er typisk for resten av norskekysten. Lengst aust går Varangerfjorden frå aust til vest, og han er den einaste store fjorden i landet som har opning mot aust.

Typisk norsk landskap med bygd

Svalbard. Lenger nord, i Nordishavet, ligg øygruppa Svalbard, som òg er dominert av fjell. Desse fjella er derimot stort sett dekte av store isbrear, særleg aust i øygruppa der isbrear dekkjer 90 % av overflata. Austfonna er den største isbreen i Europa. I motsetnad til på fastlandet kalvar desse isbreane direkte ut i det opne havet.

Jan Mayen. Lengst i nordvest, halvvegs til Grønland, ligg øya Jan Mayen der Beerenberg ligg, den einaste aktive vulkanen i Noreg.

Bouvetøya. Ligg i Sør-Atlanteren på 54 ºS og er stort sett dekt av isbrear. Øya er ein av dei mest fjerntliggande og isolerte stadane i verda og er berre busett av sel og fuglar.

Peter 1.s øy. Øya ligg i Sørishavet ved 69 °S og 90 °W og er dominert av isbrear og ein vulkan. Som med Bouvetøya er denne øya rekna som eit biland og er ikkje ein del av Kongeriket.

Dronning Maud Land er Noreg sitt krav på Antarktis. Dette store sektorområdet strekkjer seg mot Sørpolen og er totalt dominert av den største iskalotten i verda, men har òg nokre imponerande nunatak som stikk opp av isen. Troll forskingstasjon er bemanna av Noreg og ligg på ei snøfri fjellside, den einaste stasjonen i Antarktis som ikkje ligg på isen.

Lys, tidssone og tidvatn[endre | endre wikiteksten]

Områda i Noreg som ligg nord for polarsirkelen har midnattssol om sommaren og mørketid om vinteren. Lengda på desse periodane er avhengig av breiddegraden. I Longyearbyen, er den øvre delen av sola over horisonten (om denne er synleg) frå 19. april til 23. august, og vintermørket varer frå 27. oktober til 14. februar. For Nordkapp er dei same datoane frå 11. mai til 31. juli og 19. november til 22. januar. For Tromsø er datoane 17. mai - 25. juli og 19. november - 22. januar. I mørketida er det ikkje fullstendig mørkt på fastlandet. Det er tussmørke eit par timar midt på dagen i Troms, men i Longyearbyen er det nesten heilt mørkt i midten av mørketida. Sjølv dei sørlege delane av landet har store variasjonar i lengda med dagslys. I Oslo står sola opp 03:54 og går ned 22:54 ved sommarsolkverv, men er berre over horisonten frå 09:18 til 15:12 ved vintersolkverv.

Tida med lyse netter, då sola går ned etter 20:00 om kvelden, varer frå om lag 1. april til 10. september i heile landet bortsett frå Aust-Finnmark. Tida med korte dagar, då sola går ned før 16:00 om ettermiddagen varer frå 24. november til 7. januar i Stavanger, 11. november til 19. januar i Oslo, 4. november til 28. januar i Trondheim, frå siste søndag i oktober til 18. februar i Tromsø og frå 18. oktober til 2. mars i Vardø.

Den nordlege delen av landet ligg i området med mykje nordlys, men stundom kan ein sjå dette fenomenet i heile landet.

Noreg nyttar Central European Time, som tilsvarar 15° austleg breiddegrad. Sidan landet er veldig langt fører dette til store lokale variasjonar for periode med dagslys. I Vardø står sola opp 64 minutt tidlegare og i Bergen 39 minutt seinare. Finnmark får derfor meir sollys om morgonen, men mindre om kvelden, medan Vestlandet får mindre sol om morgonen og meir om kvelden. Sommartid (UTC +2) varer frå siste søndagen i mars til siste søndagen i oktober.

Skilnaden mellom fjøre og flo er liten på sørkysten og stor i nord. Skilnaden varierer frå 0,17 m i Mandal, 0,30 m i Oslo og Stavanger, 0,90 m i Bergen, 1,80 m i Trondheim, Bodø og Hammerfest og så mykje som 2,17 m i Vadsø.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kart over Noreg som viser den normale temperaturen (årsmiddel). Normalperiode 1961-1990.

Klimaet i Noreg er overraskande temperert til å at det ligg så langt nord. Dette kjem hovudsakleg av Golfstraumen og forlenginga Norskestraumen som varmar opp lufttemperaturen, og dei rådande sørvestlege luftstraumane som fører mildt luft inn over land.

Nedbør. Enkelte området av Vestlandet og sør i Nordland er av dei våtaste områda i Europa på grunn av orografisk heving, særleg der dei fuktige vestlege vindane først møter dei høge fjellområda. Dette skjer eit lite stykke innanfor den ytre skjergarden. Brekke i Sogn og Fjordane har den høgaste normale årsnedbøren med 3575 mm. Årsnedbøren kan derimot kome over 5000 mm i fjellområda nær kysten, og dei aller våtaste stadane er oppå breane. Ålfotbreen er truleg den våtaste staden i landet og normalen her er estimert til å vere ein stad mellom 5000 og 6000 mm. Lurøy, nær polarsirkelen, får om lag 2935 mm, som er særs vått for å vere så langt nord. Nedbøren er kraftigast om hausten og tidleg på vinteren langs kysten, medan april og juni er tørrast. Dette er basert på normalperioden 1961-1990, men dei siste 30 åra, frå 1980 og fram til i dag kan det sjå ut til at store delar av vinteren er like våt som hausten på Vestlandet. Dei indre områda av dei lange fjordane er langt tørrare. Desse områda ligg i regnskugge og i Lærdal er normalen 491 mm, i Levanger 750 mm og i Skibotn ved Lyngenfjorden er normalen berre 300 mm. Sistnemnde er òg den staden i landet med flest klårvêrsdagar. Områda aust for Langfjella i Sør-Noreg (inkludert Oslo), har eit meir kontinentalt klima med varmare somrar. Nedbøren her er størst på sommaren og tidleg på hausten (ofte i form av kraftige regnbyer som ikkje varer lenge). Vinteren og våren er her normalt den tørraste tida på året. Dalstrøka rundt fjella kan ha svært tørre forhold samanlikna med nærliggande område og større område av Finnmarksvidda får mindre enn 400 mm nedbør i året. Svalbard lufthamn har den lågaste normale årsnedbøren med 190 mm, medan Skjåk har den lågaste på fastlandet med berre 278 mm. Dei minste nedbørsmengdene som er målt i løpet av eitt år på fastlandet er 64 mm ved Hjerkinn i Dovre. Månadsnormalane varierer frå 5 mm i april i Skjåk til 454 mm i september i Brekke. Kystområda frå Lindesnes og nord til Vardø har meir enn 200 dagar i året med nedbør meir enn 0,1 mm. Talet på dagar per år med minst 3 mm nedbør er 77 i Oslo (Blindern), 96 i Kristiansand (Kjevik), 158 i Bergen (Florida), 93 i Trondheim (Værnes) og 109 i Tromsø.[4]

Temperatur. Kysten har langt mildare vintrar enn andre område av landet på same breiddegrad. Temperaturskilnaden frå den kaldaste månaden til den varmaste er berre 11-15 °C i kystområda. Enkelte fyrstasjonar har ein årleg temperaturvariasjon på berre 10 °C, slik som Svinøy fyr i Herøy kommune, der den kaldaste månaden er 2,7 °C.[5]. Temperatursvingingane innanlands er større, og størst i Karasjok med 30 °C. Finnmarksvidda har dei kaldaste vintrane i Noreg, men i innlandet lenger sør kan det òg verte svært kaldt. Røros har observert -50 °C og Tynset har ein normal månadstemperatur i januar på -13 °C. Øyane sør i Lofoten, nord for polarsirkelen, er dei nordlegaste områda i verda der alle vintermånadane har normaltemperaturar over 0 °C. Våren er den årstida då temperaturskilnadane mellom sør og nord er størst. Dette er òg tida på året då den døgnlege variasjonen er størst, og temperaturarskilnadar på 20 °C kan oppstå. Dalføra i innlandet og dei indre fjordområda har mindre vind og får dei varmaste sommardagane. Låglandet rundt Oslofjorden har den høgaste døgnmiddeltemperaturen i juli med 17 °C, medan Alta ved 70 °N har ein julinormal på 13,5 °C. Fruktdyrking er vanleg i dei indre fjordområda på Vestlandet. Dei indre områda når dei høgaste temperaturane kring midten av juli, medan kystområda får dei høgaste temperaturane i første halvdelen av august, då havet utanfor gjerne er på det varmaste. Luftfukta er vanlegvis på det lågaste om sommaren.

Golfstraumen deler seg i to i den nordlege delen av Norskehavet. Ei grein går austover og inn i Barentshavet, medan den andre går nordover langs vestkysten av Spitsbergen. Dette modifiserer det arktiske polarklimaet og resultatet er isfritt farvatn året rundt ved høgare breiddegrader enn andre stader i Arktis. På austkysten av Svalbard var havet tidlegare islagd året rundt, men den kraftige oppvarminga av nordområda dei siste åra har gjort at havet er isfritt i lengre periodar enn før.

Den normale månadstemperaturen varierer frå -17,1 °C i januar i Karasjok (129 moh)[6] til 17,3 °C i juli i Oslo - Studenterlunden (15 moh.)[7] Den høgaste årsmiddeltemperaturen er 7,7 °C i SkudeneshavnKarmøy, og den lågaste er -3,1 °C i Sihččjarvi i Kautokeino (om ein ser bort frå høgfjellsområde og Svalbard). Dette er ein skilnad på 10,8 °C, om lag same skilnad som mellom Skudeneshavn og Aten i Hellas [8].

Varmerekorden for Noreg er 35,6 °C i Nesbyen. Den lågaste temperaturen som er målt er -51,4 °C i Karasjok. Den varmaste månadstemperaturen var juli 1901 i Oslo, då den gjennomsnittlege døgnmiddeltemperaturen var 22,7 °C, og den kaldaste månaden som er registrert var februar 1966 i Karasjok med eit gjennomsnitt på -27,1 °C. Sørlege vindar kan gje fønvind i dei tronge fjordane om vinteren. Tafjord har målt 17,9 °C i januar og Sunndal 18,9 °C i februar.

Den gjennomsnittlege daglege minimumstemperaturen i januar er -6,8 °C i Oslo, -4,8 °C i Kristiansand, -0,4 °C i Bergen og -6,5 °C i Trondheim og Tromsø. Den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen i juli er 21,5 °C i Oslo, 20,1 °C i Kristiansand, 17,6 °C i Bergen, 18,4 °C i Trondheim og 15,3 °C i Tromsø [9].

Klimadata for utvalde stader i Noreg, basert på perioden 1961-1990 (temperaturane er døgnmiddeltemperaturar.)
Stad Høgd Temperatur (°C) Årsnedbør Vekstsesong
(dagar)
Sommar
(dagar)
Snø>25 cm
(dagar)
Jan Juli år
Blindern/Oslo 94 m -4,3 16,4 5,7 763 mm 188 133 30
Lillehammer 242 m -9,1 14,7 2,9 660 mm 165 108 110
Geilo 810 m -8,2 11,2 1,0 700 mm 127 67 162
Sognefjellhytta/Lom 1413 m -10,7 5,7 -3,1 860 mm 58 0 244
Tønsberg 10 m -3,2 16,8 6,3 930 mm 194 136 9
Kristiansand 22 m -0,9 15,7 7,0 1380 mm 205 145 21
Sola/Stavanger 7 m 0,8 14,2 7,4 1180 mm 215 144 0
Florida/Bergen 12 m 1,3 14,3 7,6 2250 mm 215 143 3
Lærdal 24 m -2,5 14,7 5,9 491 mm 193 124 0
Molde 20 m 0,5 13,5 6,7 1640 mm 195 120 54
Værnes/Trondheim 12 m -3,4 13,7 5,0 892 mm 180 114 14
Rørvik 25 m -0,9 12,8 5,6 1285 mm 186 106 9
Bolna i Rana/Saltfjellet 549 m -11,1 10,8 -0,4 990 mm 111 44 163
Svolvær/Lofoten 10 m -1,5 13,0 4,7 1500 mm 165 87 19
Bardufoss 76 m -10,4 13,0 0,7 652 mm 134 77 126
Langnes/Tromsø 8 m -3,8 11,8 2,9 1000 mm 139 65 160
Honningsvåg 10 m -4,5 10,3 2,0 765 mm 115 40 110
Kirkenes 10 m -11,5 12,6 -0,2 450 mm 125 65 140
Longyearbyen/Svalbard 28 m -14,6 6,5 -6,0 210 mm 50 0 34
Vekstsesong: Talet på dagar i året der døgnmiddeltemperaturen er minst 5 °C; enkelte arktiske og alpine planter kan vekse i temperaturar nesten ned mot 0 °C.
Sommar: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 10 °C; dette er baset på gjennomsnittleg temperatur utrekna for kvar dag i året som gjev ei glatt kurve. Med denne definisjonen startar sommaren 12. mai i Oslo og Bergen, og 11. juni i Bardufoss.
Snø: Talet på dagar i året med minst 25 cm snødekke på bakken, basert på perioden 1971–2000.
Sognefjellhytta: Fjellhytte; stor døgnvariasjon om sommaren, julimiddelet er 10 °C nær tregrensa..
Bolna: Fjellhytte ved polarsirkelen, øvre Dunderlandsdalen nær Nordlandsbanen og E6 søraust på Saltfjellet.
Snødata er henta frå Slagentangen for Tønsberg, Kjevik for Kristiansand, Skrova for Svolvær, Repvåg for Honningsvåg, Neiden for Kirkenes og Svalbard lufthamn (periode 1976–2000) for Longyearbyen.
Snødata for Tromsø er frå den vêrstasjonen (100 m); Molde sine data er frå Nøisomheden (14 m, periode 1979 - 1987).
Honningsvåg ligg sør på Magerøya og Nordkapplatået (307 moh.) er om lag 2–3 °C kaldare.

Som sett frå tabellen er klimaet i Noreg svært variert. Maritime, milde temperaturar eller maritimt klima (Köppen: Cfb) i Bergen; fuktig kontinentalklima (Dfb) i Oslo; kjølig maritimt klima (Cfc) Svolvær; kontinentalt subarktisk klima (Dfc) i Kirkenes og polar tundra (ET) i Longyearbyen (ei smal stripe på nordaustkysten av frå Nordkapp til Vardø har òg tundra). I tillegg har store fjellområda alpint klima (ETH). Iskalottklima (EF) finn ein i høgare område av, 400 - 800 m i Svalbard og på Jan Mayen, lågast på Nordaustlandet.

Klima etter 1990. Temperaturane har auka dei siste åra. Ved å nytte same datakjelde, men med den 17 år lange perioden 1991-2007 som grunnlag er vintertemperaturane for dei same stasjonane 1 til 2,5 °C høgare, medan døgnmiddeltemperaturen i juli har auka med om lag 1 °C. For Blindern/Oslo, har perioden 1991-2007 eit januarmiddel på -2,2 °C og i juli 17,4 °C. For Værnes/Trondheim, er dei same temperaturane -0,7 °C og 15,0 °C. Samanlikna med perioden 1961-90 har eit mykje større område langs kysten, inkludert Kristiansand, Rørvik og Svolvær, middeltemperaturar over frysepunktet året rundt (kart), og januarmiddelet ved Florida/Bergen er 2,8 °C.

Som følgje av oppvarminga varer sommaren lenger, våren kjem tidlegare og vintrane vert kortare. På Vestlandet har ein fått haustaktig vêr i store delar av vinteren dei siste åra. Snødekket har hatt ein tendens til å minke i lågtliggande område der vintertemperaturane ofte ligg rundt frysepunktet (inkludert dei fleste store byane), medan nedbøren om vinteren i fjella og kalde innlandsområde fell som snø. Nedbørsmengda har òg auka i fjellområda. Den kraftigaste temperaturauken er observert på Svalbard, der åra 2005-2007 alle er dei varmaste som nokon gong er observert her[10]. I løpet av desse åra vart det berre registrert under -20 °C ved om lag ti høve til saman, medan dette var mykje vanlegare før. I tillegg til oppvarminga har nedbøren auka på fastlandet, særleg på hausten og vinteren. Dette har auka erosjonsprosessane og faren for ras.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Sør-Noreg der snøen er vist med raudfarge. Særleg er Sognefjorden og Hardangerfjorden tydelege på bilete.

Terrenget i Noreg består stort sett av høge platå og kuperte fjell med frodige dalar, små og spreidde sletter og ei kystlinje med mange lange og djupe fjordar. Fleire av fjellområda har isbrear. Lengst nordaust finn ein arktisk tundra, hovudsakleg på Varangerhalvøya. Frosen bakke året rundt kan ein finne i høge fjellområde og i dei indre områda av Finnmark.

Høgder
lågaste punkt: Havnivå 0 m
høgaste punkt: Galdhøpiggen 2469 m

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Sidan landet er landstrekt og topografien og klimaet variert, har Noreg mange fleire forskjellige habitat enn noko anna land i Europa. Det er om lag 60 000 forskjellige livsformer i Noreg og dei omliggande havområda, mange av desse er insekt og sopp. Om lag 40 000 av desse artane er skildra av forskarar. Raudelista frå 2006 utgjer 3886 artar [11]. 17 artar er med på lista fordi dei er utryddingstrua på global skala, som europeisk bever, sjølv om populasjonen i Noreg ikkje vert sett på som utryddingstrua. Det er 430 soppartar på raudelista og mange av desse held til i små gjenverande område av gamle skogar.[12]. Det er òg 90 fugleartar på lista og 25 artar av pattedyr. 1988 noverande artar er ført opp som utryddingstrua eller sårbare, og av desse er 939 lista som sårbare, 734 som utryddingstrua og 285 artar som svært utryddingstrua i Noreg. Av dei sistnemnde finn ein ulv, fjellrev (god bestand på Svalbard) og damfrosk.

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Noreg er ein del av fire planteregionar i Den sirkumboreale regionen

Den naturlege vegetasjonen i Noreg varierer stort, noko som ikkje er uventa sidan landet er så langstrekt. Det er generelt færre tresortar i Noreg enn i område vest i Nord-Amerika med liknande klima. Dette kjem av at vandreruta etter istida er vanskelegare frå sør til nord i Europa på grunn av store barrierar som Austersjøen og Nordsjøen og fjellområda, medan ein i Amerika har ei kontinuerleg kontinentet. Mange importerte artar har klart å spreie seg og mindre enn halvparten av dei 2630 planteartane i Noreg i dag er eigentleg naturlege for landet[13]. Om lag 210 planteartar som veks i Noreg er rekna som utryddingstrua og 13 artar er endemiske.[14]. Nasjonalparkane i Noreg ligg hovudsakleg i fjellområda og berre om lag 1,5 % av dei produktive skogområda i landet er verna.[15].

Enkelte planter er klassifisert som vestlege på grunn av stor trong for høg fukt og/eller at dei ikkje toler vinterkulda. Desse held seg nær sørvestkysten og har ei nordleg grense nær Ålesund. Døme på desse er kristtorn og klokkelyng (Erica cineera). Enkelte vestlege artar finn ein nordover til Helgeland (som Erica tetralix), og nokre heilt til Lofoten (som Luzula Sylvatica). Den milde temperaturen langs kysten gjev overraskande resultat. Ei hardfør palmeart veks så langt nord som til Sunnmøre, ein stor libanonseder veks i Stavanger og planta lauvtre som hestekastanje og bøk trivst nord for polarsirkelen (som i Steigen) om jordsmonnet og mikroklimaet er godt nok.

Planter som er klassifisert som austlege treng meir sol om sommaren med mindre fukt, men kan takle vinterkulda. Desse finn ein ofte i søraust og i innlandsområda. Døme på desse er daphne mezereum, fragaria viridis og veronica spicata. Enkelte austlege artar som er vanlege i Sibir veks i elvedalar aust i Finnmark. Det finst òg artar som ligg mellom desse ytterpunkta, som dei sørlege plantene der både vinter- og sommarklimaet er viktig (som sommareik, vanleg ask og skogbingel). Andre planter er avhengig av forskjellige typar fjellgrunn.

Det er mange alpine artar i fjellområda i Noreg. Desse taklar ikkje lange og varme somrar og kan heller ikkje konkurrere med artar som er tilpassa ein lengre og varmare vekstsesong. Mange fjellplanter er vanlege i den nordlege boreale sona og andre i den midtre boreale sona, men ein finn dei hovudsakleg på fjelltundraen i Dei skandinaviske fjella og på den arktiske tundraen. Mange av dei mest hardføre artane har tilpassa seg ved å bruke meir enn ein sommar på å utvikle frø. Døme på fjellplanter er issoleie, draba lactea og salix herbacea. Eit velkjend avvik er dei tretti amerikanske fjellplantene som i Europa berre veks i to fjellområde i Noreg, Dovrefjell-Trollheimen og Jotunheimen i sør og Saltdal til Vest-Finnmark i nord.[16]. Bortsett frå i Noreg veks desse artane berre i Canada og Grønland, som t.d. rosekarse og Carex scirpoidea. Det er ukjend om desse overlevde istida på fjelltoppar som stakk opp av isen, om dei vart spreidd frå område lenger sør i Europa, eller kvifor dei ikkje vart spreidd til andre fjellområde i Europa. Nokre fjellplanter finn ein over større område og veks òg i Sibir, som lapprose, den einaste naturlege rhododendron i Noreg. Andre fjellplanter er vanleg i heile Arktis, nokre veks berre i Europa, som engballblom.

Mandal, den sørlegaste byen i Noreg: Nemoral sone.

Dei følgjande vegetasjonssonene i Noreg er alle basert på botaniske kriterium.(Moen, 1998; Gjærevoll 1992), men nokre planter høyrer ikkje inn under nokre av desse. Skogar, myrområde og våtmark og lyngheier, finn ein i dei forskjellige vegetasjonssonene. Eit myrområde i sør vil vere forskjellig frå eit myrområde i nord, men ein kan finne enkelte planteartar i begge.

Nemoral[endre | endre wikiteksten]

Eit lite område langs sørkysten, frå Soknedal sør i Rogaland og aust til Fevik i Aust-Agder (inkludert Kristiansand) høyrer til den Nemorale vegetasjonssonen. Denne sona ligg under 150 meter over havet og strekkjer seg på det meste 30 km innover i dalane. Dette er vegetasjonssona som dominerer Vest-Europa nord for Sør-Frankrike. Kjenneteiknet til denne sona i Noreg er at eik dominerer og at ein nesten ikkje finn boreale artar som norsk gran og gråor, men ein kan stundom finne ein variant av furu i låglandet. Den nemorale sona dekkjer 0,5 % av landarealet (om ein ser bort frå Svalbard og Jan Mayen).

Bygdøy oktober 2007; hemiboreal lågland nær Oslofjord har det høgaste mangfaldet sidan han ligg nærast vandringsruta frå sør.

Hemiboreal (Boreonemoral)[endre | endre wikiteksten]

Den hemiboreale sona dekkjer eit område på 7 % av landarealet i Noreg, inkludert 80 % av Østfold og Vestfold. Denne vegetasjonen er representert med ei blanding av nemorale og boreale planteartar og høyrar til økoregionen palearktiske sarmatiske blandingsskogar PA0436. Dei nemorale artane har ein tendens til å dominere sider som vender mot sør og vest og har godt jordsmonn, medan dei boreale artane dominerer åssider som vender mot nord og har meir vasstrukke jordsmonn. I enkelte område vil andre faktorar spele inn, som i område med lite næringsstoff, der eik og furu ofte dominerer. Den boreonemorale sona følgjer kysten frå Oslofjorden og nordover til Ålesund, og vert mindre samanhengande nord for Sunnmøre. I Oslo, strekkjer denne sona seg til 200 meter over havet, og strekkjer seg nordover til dei lågare dalane og like til låglandet rundt Mjøsa, men ikkje så langt nord som til Lillehammer. I dalane i sør eksisterer denne vegetasjonen opp til 300-400 meter over havet. Sona følgjer låglandet på vestkysten og innover dei største fjordane, og når ei høgd på 150 meter over havet her, og til og med 300 meter i skjerma fjordar på Nordmøre med rikt jordsmonn. Den nordlegaste staden i verda for denne vegetasjonene er langs Trondheimsfjorden, som Frosta, og den nordlegaste isolerte lokasjonen er Byahalla i Steinkjer. Enkelte nemorale artar i denne sona er sommareik, vinterik, vanleg ask, alm, spisslønn, hasseltre, svartor, lind, barlind, kristtorn (sørvestkysten), søtkirsebær , ramslauk, bøk (kjem seint og er berre vanleg i Vestfold) og kusymre. Typiske boreale artar er norsk gran, furu, dunbjørk, gråor, osp, raun, kvitveis og skogfiol.

Boreal[endre | endre wikiteksten]

Dei boreale artane er tilpassa lange og kalde vintrar, og dei fleste av desse artane kan takle lågare vintertemperaturar enn dei enn finn dei fleste stader i Noreg. Ein ser dermed skilnaden på artane etter behovet for lengda på vekstsesong og sommarvarme. Myrområde er vanleg i den boreale sona med dei største områda i den nordlege og midtre boreale sona, i tillegg til område like over tregrensa. Den store boreale sona er vanlegvis inndelt i tre undersoner:

Sørleg boreal[endre | endre wikiteksten]

Lågendeltaet i Lillehammer, sørleg boreal vegetasjonssone.

Den sørlege boreale sona er dominert av boreale artar, særleg norsk gran, og dekkjer om lag 12 % av landarealet. Sona er den einaste boreale sona med eit par spreidde, men godt utvikla, område breidblada lauvtre som krev varme, som vanleg ask og eik. Fleire artar i denne sona krev forholdsvis varme somrar (sona har 3-4 månader med døgnmiddeltemperatur på minst 10 °C) og desse finn ein derfor vanlegvis ikkje, eller dei er sjeldne, i den midtre boreale sonen. Av artane som ein ikkje finn lenger nord er svartor, humle, bergmynte og krossved. Denne sona finn ein over den hemiboreale sona, opp til 450 meter på Austlandet og 500 meter i dei sørlege dalane. I dei austlege dalane strekkjer han seg fleire hundre kilometer inn i Gudbrandsdalen og Østerdalen og opp til Lom og Skjåk i Ottadalen. Langs sørvestkysten når sona ei høgd på 400 meter i botn av fjordane (som Lærdal) og om lag 300 meter nærare kysten. Norsk gran er det lite av på Vestlandet (Voss er eit unntak). Nord for Ålesund, dominerer denne typen vegetasjon låglandet ned til havnivå, inkludert øyar som Hitra. Det meste av låglandet i Trøndelag under 180 meter er sørleg boreal, opp til 300 meter i innlandsdalar som Gauldalen og Verdalen, og opp til 100 m i Namdalen. Kystområda og nokre fjordområde lenger nord, som Vikna, Brønnøy og dei mest veleigna stadane langs Helgelandskysten er i den sørlege boreale sona nord til munningen av Ranfjorden, medan innlandsområda nord til Grong er dominert av den midtre boreale sona i låglandet. Det er små isolerte lommer med sørleg boreal vegetasjon lenger nord, som i Bodø og Fauske. Den nordlegaste staden for denne sona er ei smal stripe langs nordsida av Ofotfjorden. Den endemiske nordlandssølvasal veks berre i Bindal [17]. Jordbruk i Noreg, inkludert dyrking av korn, finn ein hovudsakleg i den hemiboreale og sørlege boreale sonen.

I det meste av Noreg er den midtre boreale sona dominert av granskog, men med noko jordbruk i tillegg. September i Elsfjord i Vefsn.

Midtre boreal[endre | endre wikiteksten]

Dei boreale planteartane dominerer den midtre boreale sona og denne er den mest vanlege borale sonen. Vegetasjonen her dekkjer om lag 20 % av Noreg. Norsk gran er det dominerande treet i store område i det indre Austlandet, Sørlandet, Trøndelag og Helgeland. Denne midtre boreale og sørlege boreale granskogen er kommersielt den viktigaste skogen i Noreg. Gran veks ikkje naturleg nord for Saltfjellet (den sibirske granvarianten finn ein i Pasvikdalen) sidan denne fjellkjeda hindrar trea frå å flytte seg vidare nord, men vert ofte planta i midtre boreale område lenger nord av økonomiske årsaker, noko som medverkar til eit annleis landskap. Bjørk er meir dominerande i desse nordlege områda, men furu, osp, raun, hegg og gråor er òg vanleg. Denne midtre boreale bjørka er ofte ei blanding av gulbjørk og dunbjørk og er større (6-12 m) enn bjørk som veks nær tregrensa. Bartre veks høgare. Enkelte fjellplanter veks i den midtre boreale sona, men nemorale artar er sjeldne. Skogbotn er vanlegvis godt utvikla om skogane ikkje er for tette og mange planter veks ikkje lenger nord. Gråor, hengebjørk, gulmaure, bringebær, burot og pors er døme på artar som veks i denne sona, men ikkje lenger nord eller høgare opp. Den midtre boreale sona ligg i ei høgd frå 400 til 750 meter på Austlandet, opp til 800 meter i dei sørlege dalane, frå 300 til 600 m på sørvestkysten (opp til 800 meter i botn av fjordane), og frå 180 til 450 meter i Trøndelag (700 meter i indre områda, som i Røros og Oppdal). Lenger nord er den midtre boreale sona vanleg i låglandet, opp til 100 meter over havet i Lofoten og Vesterålen, 200 meter over havet i Narvik, 100 m i Tromsø, 130 m - 200 m i dei indre dalane i Troms, og i låglandet i botn av Altafjorden, som er det nordlegaste større området med denne sonen. Ein finn små lommer med denne typen vegetasjon i Porsanger og Sør-Varanger. Denne sona er vanlegvis det nordlegaste området med jordbruksaktivitet og bygg vart tidlegare dyrka så langt nord som til Alta.

Nordleg boreal[endre | endre wikiteksten]

Nordleg boreal skog i Øvre Dividal nasjonalpark; haustfarga fjellbjørk.

Den nordlege boreale sona er området nærast tregrensa, og grensar til anten fjell- eller polarområda. Sona er dominert av barskt subarktisk klima med minst 30 dagar med døgnmiddeltemperatur på 10 °C eller meir (sommar) og opp til om lag to månader. Desse trea veks svært sakte og vert generelt ikkje særleg høge. Skogane er ikkje like tette som lenger sør eller i lågare høgder og er kjend som fjellskog. Den nordlege borale sona dekkjer om lag 28 % av Noreg, inkludert nesten halve Finnmark, der fjellbjørka veks ned til havnivå. Dei lågare delane av denne sona har òg bartre, men tregrensa i Noreg vert stort sett danna av fjellbjørk og underartar av dunbjørk (ssp. czerepanovii [2], som ikkje må forvekslast med dvergbjørk. Gran og furu dannar tregrensa i enkelte fjellområde som har meir kontinentalt klima. Fjellpalnter er vanleg i denne sonen. Bjørkeskog opp til 1320 meter over havet ved Sikilsdalshorn er den høgaste tregrensa i Noreg. Tregrensa er lågare nær kysten og området med lågare fjell på grunn av kjøligare somrar og meir vind nær fjelltoppane, samt meir snø om vinteren (kystfjell) som fører til seinare snøsmelting. Den nordlege boreale sona ligg 750 til 950 meter over havet i dei indre områda av Austlandet og dekkjer store område. På Vestlandet går tregrensa ned til om lag 500 meter over havet, men er mykje høgare innover i dei store fjordane (1100 meter inst i Sognefjorden). Lenger nord er store delar av høgareliggande, indre område i Trøndelag dominert av den nordlege boreale sona med tregrense på om lag 800 meter over havet i indre Trøndelag, 600 meter i Rana, 500 meter i Narvik, 400 meter i Tromsø, 100 meter i Hammerfest (berre små skjerma lommer) og 200 meter i Kirkenes. Finnmarksvidda ligg om lag i same nivå som tregrensa. Den siste flekken med nordleg boreal sone går over til tundra om lag 10 km sør for Nordkapplatået (nær Skarsvåg). Områda sør for denne linja har spreidde område med fjellbjørk (skogtundra) og vert alpin tundra sjølv i låglandet. Trea nær tregrensa er ofte bøygd av snø, vind og frost i vekstsesongen. Høgda her er berre 2-4 meter. Utanfor Noreg (og tilstøtande område i Sverige) er Island og Kamtsjatkahalvøya dei einaste andre områda i verda der tregrensa hovudsakleg består av smålauva lauvtre som bjørk, i motsetnad til bartre.

Barskoggrensa vert stundom nytta til å dele denne sona i to undersoner, sidan bartre (vanlegvis) ikkje veks så høgt opp som fjellbjørka. Gran og furu veks til nesten 1100 meter i enkelte område av Jotunheimen, ned til 400 meter i Bergen, 900 meter inst i Sognefjorden, 900 meter i Lillehammer (fjell nær Oslo ligg under tregrensa), 500 meter i Trondheim, 750 meter i Oppdal, 350 meter i Narvik, 200 meter i Harstad, 250 meter i Alta og den nordleagste furuskogen i verda er i Stabbursdalen nasjonalpark i Porsanger. Det er noko skogbruk i denne delen av den nordlege boreale sona og enkelte bartre kan veske seg ganske store sjølv veksta går seint.

Boreale økoregionar[endre | endre wikiteksten]

Dei boreale sonene i Noreg høyrer til tre økoregionar: Området dominert av barskog (noko bjørk, piletre og osp) er hovudsakleg ein del av økoregionen Den skandinaviske og russiske taiga PA0608. Den mindre økoregionen skandinavisk kystbarskog PA0520 i kystområda i Midt-Noreg er ein boreal regnskog og svært sjeldan i Europa. Kystområda langs heile vestkysten vert stundom rekna som ein del av denne økoregionen, sjølv om områda manglar bartre. Områda over bartregrensa består av fjellbjørk, betula pubescens ssp. czerepanovii og høyrer til økoregionen skandinaviske fjellbjørkeskogar og grassletter PA1110 . Denne regionen vert stundom nytta om heile området utanfor granskogane, noko som feilaktig merkar den midtre boreale sona og den lågareliggande nordlege boreale sona som tundra. Sjølv om ein berre nyttar PA1110 om områda over barskoggrensa, utgjer likevel regionen om lag 45 % av det norske fastlandet.

Moskus i den lågare alpine tundraen på Dovrefjell.

Tundra[endre | endre wikiteksten]

Alpin tundra er vanleg i Noreg, og utgjer totalt 32 % av landområda (utanom Svalbard og Jan Mayen) og høyrer til økoregionen skandinavisk fjellbjørkeskogar og grassletter. Området nærast tregrensa (låg alpin) har jamt plantedekke med piletreartar som salix glauca, -lanata og -lapponum 0,5 meter høge; blåbær, einer og linnea er vanleg. Dei låge fjellområda vart tradisjonelt nytta som setrer og enkelte stader eksisterer denne tradisjonen framleis. Sona når ei høgd på 1500 meter i Jotunheimen og inkluderer det meste av Hardangervidda. Han når 1300 m aust i Trollheimen og om lag 800 m i Narvik og Lyngsalpane. Høgare opp (midtalpin tundra) vert plantene mindre og mose og lav dominerer i større grad. Plantene dekkjer framleis det meste av bakken, sjølv om snøfelta kan vare til langt ut på sommaren og permafrost er vanleg. I dei høgaste områda (høgalpin tundra) er bakken dominert av bart berg, snø og isbrear med få planter. Den høgastliggande vêrstasjonen i Noreg, Fanaråken i Luster kommune på 2062 moh, har berre så vidt tre månader med temperaturar over frysepunktet og juli har ein middeltemperatur på 2,7 °C. Likevel har ein funne issoleie 100 meter nedanfor toppen av Galdhøpiggen, og mose og lav er funne på toppen.

Høgalpin tundra i Hurrungane.

Nordaust i Finnmark (den nordlege halvdelen av Varangerhalvøya og Nordkinnhalvøya) finn ein eit lite låglandsområde med tundra som ofte vert rekna som ein del av økoregionen Kolahalvøya tundra PA1106. Svalbard og Jan Mayen har tundravegetasjon bortsett frå område som er dekte av isbrear, og nokre område, som klippene sør på Bjørnøya, vert gjødsla av sjøfuglkoloniar. Denne tundraen vert ofte rekna som ein del av økoregionen arktisk ørken. Dei frodigaste områda på desse arktiske øyane er dei skjerma fjordane på Spitsbergen. Desse har dei høgaste sommartemperatuane og svært tørre klima som gjer at det kjem lite snø og derfor tidleg snøsmelting. Den korte vekstsesongen og permafrosten under det aktive laget gjev likevel nok fukt til planter som dvergbjørk, molte, svalbardvalmue og blåklokke.

Eit varmare klima vil presse vegetasjonesonene mykje lenger nord og oppover i høgda. [18].

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Petroleum, kopar, naturgass, svovelkis, nikkel, jernmalm, sink, bly, fisk, tømmer, vasskraft

Arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Kornåkrar ved 64°N i Verdal.
Lyngheier på Utsira

Dyrkbar mark: 3,3 % (i bruk, enkelte marginale område er ikkje i bruk eller vert nytta som enger.)
permanente avlingar: 0 %
permanente enger: 0 %
skogområde: 37%, der 23% er produktiv skog[19]; dette aukar sidan mange enger i høgareliggainde område og i enkelte kystområde ikkje lenger vert nytta eller planta med skog og samt varmare somrar.
anna: 60% (fjell og vidder 47 %, myr og våtmark 6,3%, innsjøar og elvar 5,3%, urbane område 1,1%)

Irrigert land: 970 km² (1993 est.)

Naturfarar:

  • Vinterstormar med vind av orkan styrke langs kysten og i fjellet er ikkje uvanleg. I fleire hundreår mista ein av fire menn i kystsamfunna livet på havet.
  • Snøras i bratte skårningar, særleg i nordlege delar av landet og i fjellområda. 16 norske soldatar på øving mista livet i eit snøras i Vassdalen i Narvik 5. mars 1986.
  • Jordras har stundom teke livet av folk, hovudsakleg i område med jordsmonn rikt på leire, som i lågtliggande område rundt Trondheimsfjorden.
  • Tsunamiar har teke livet av menneske, vanlegvis skapt av steinras som har falle ned i fjordar og innsjøar. Dette skjedde i 1905 i Loen i Stryn då delar av Ramnefjellet fall ned i Lovatnet og skapte ein 40 meter høg tsunami som tok livet av 61 menneske. Det same skjedde same stad i 1936 og denne gongen mista 73 menneske livet. 40 personar mista livet i Tafjord i Norddal i 1934.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Noverande miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Av miljøvernssaker i Noreg finn ein korleis ein skal redusere drivhusgassutslepp, forrureining av luft og vatn, tap av habitat, skade på kaldvasskorallrev frå trålarar og oppdrettslaks som truer villaksen frå å gyte i elvane og på den måten vatne ut den lokale bestanden. Sur nedbør har øydelagd innsjøar, elvar og skogar, særleg i den sørlege delen av landet, og det meste av villaksbestanden på Sørlandet har forsvunne. På grunn av lågare utslepp i Europa har den sure nedbøren i Noreg minka med 40 % frå 1980 til 2003.[20]. Ei annan sak er ein mogeleg auke av ekstremvêr. Klimamodellar har synt auka nedbør, særleg i område som i dag alt får mykje nedbør, og varslar òg episodar med kraftigare nedbør i løpet av kortare tidsrom[21], og dette kan skape større fare for jordras og lokal flaum. Vintrane har vorte og vil verte langt mildare og sjøisdekket i Nordishavet kan smelte heilt bort om sommaren. Dette truer isbjørnen på Svalbard. Dyre- og planteartar både på land og i havet er venta å flytte seg lenger nordover, og dette er alt noko ein observerer hos enkelte artar. Trekkfuglane kjem tidlegare, lauvet sprett ut tidlegare, makrell vert vanlegare om sommaren utanfor kysten av Nord-Noreg. Det totalte talet på artar i Noreg er venta å auke på grunn av at nye artar kjem til [22]. Nordmenn er statistisk sett eitt av folkeslaga i verda som er mest uroa for global oppvarming[23], sjølv om Noreg er av landa som har minst negativ effekt på den globale oppvarminga.[24].

Internasjonale avtalar[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå Danmark og nokre urbane område, er folketettleiken i Norden låg, særleg i nord.

delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining (nitrogenoksid, persistente organiske stoff, svovel-85, svovel-94, flyktige organiske stoff), Antarktisk miljøvernsprotokoll, Antarktisavtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenpreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer 83, tropisk tømmer 94, våtmarksområde, kvalfangst og Kyotoavtalen.

Store byar[endre | endre wikiteksten]

Byane er sortert etter storleik

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Svartisen er den nest største isbreen på det norske fastlandet. Dei største breane ligg på Svalbard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tollefsrud, J.; Tjørve, E.; Hermansen, P.: Perler i Norsk Natur - En Veiviser. Aschehoug, 1991. ISBN 82-03-16663-6
  • Gjærevoll, Olav. "Plantegeografi". Tapir, 1992. ISBN 82-519-1104-4
  • Moen, A. 1998. Nasjonalatlas for Norge: Vegetasjon. Statens Kartverk, Hønefoss. ISBN 82-90408-26-9
  • Meteorologisk institutt ([3]).
  • Bjørbæk, G. 2003. Norsk vær i 110 år. N.W. DAMM & Sønn. ISBN 82-04-08695-4
  • Førland, E.. Variasjoner i vekst og fyringsforhold i Nordisk Arktis. Regclim/Cicerone 6/2004.
  • University of Oslo. Almanakk for Norge Gyldendal fakta. ISBN 82-05-35494-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]