Dansk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Danmark

Danmark er det minste og sørlegaste av dei nordiske landa, like nord for sitt einaste naboland, Tyskland, sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark vert rekna som eit skandinavisk land, sjølv om det ikkje høyrer til den skandinaviske halvøya. Vest for Danmark ligg Nordsjøen, medan Austersjøen ligg i søraust. Mellom Danmark og Sverige ligg Øresund og Kattegat, medan Skagerrak skil Danmark frå Noreg.

Geografiske koordinatar
56°00′N 10°00′E

Danmark består av halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. Av desse er 76 øyar busett og dei største er Sjælland, Vendsyssel-Thy og Fyn. Øya Bornholm ligg aust for resten av landet i Austersjøen. Mange av dei større øyane er forbunde med bruer. Øresundbrua knyter Sjælland til Sverige, Storebæltbrua knyter Fyn til Sjælland, og Lillebæltbrua knyter Fyn til Jylland. Ferjer og småfly knyter saman dei mindre øyane. Dei største byane i Danmark er København (på Sjælland), Århus, Aalborg og Esbjerg (på Jylland) og Odense (på Fyn). I lag med Ekvatorial Guinea er Danmark det einaste landet forbunde til eit kontinent der hovudstaden ligg på ei øy.

Det nordlegaste punktet i Danmark er Skagen og Grenen, medan det sørlegaste punktet er Gedser (den sørlege spissen av øya Falster). Det vestlegaste punktet er Blåvandshuk, og det austlegaste er Østerskær, som er ein del av Ertholmane 18 km nordaust for Bornholm. Avstanden frå aust til vest er 452 km, og frå nord til sør 368 km.

Danmark er eit flatt land med lite høgdevariasjon. Middelhøgda til landet er berre 31 meter over havet, og det høgaste naturlege punktet er Møllehøj, med 170,86 meter. Andre åsar i same området sørvest for Århus er Yding Skovhøj på 170,77 meter og Ejer Bavnehøj med 170,35 meter. Det lågaste punktet er Lammefjord som ligg 7 meter under havoverflata.

Dei mange øyane i Danmark gjer at landet har ei lang kystlinje, 7 314 km. Ein perfekt sirkel som dekkja heile Danmark ville berre hatt ein omkrets på 742 km. Nesten alle område av Danmark ligg nær kysten, og ingen område er meir enn 52 km frå havet. Den eksakte storleiken til Danmark er vanskeleg å avgjere fordi havet konstant eroderer kystlinja, samtidig som innbyggjarane gjer mottiltak. På sørvestsida av Jylland varierer tidvatnet med mellom 1 og 2 meter, og kystlinja flyttar seg innover og utover med 10 km kvar dag.

Danmark sett frå verdsrommet

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimatisk kan ein nesten sjå på Danmark som ei øy med vatn på alle kantar. Ein kan rekne med litt nedbør med nokre dagars mellomrom, men sjeldan er det snakk om dei store mengdene. Lågtrykk går inn i Nordsjøen og gjev innimellom kraftig vind på vestkysten av Jylland om hausten og vinteren, og innimellom kan iskald luft frå Arktis eller Sibir gje minusgrader i heile landet sjølv på dagtid. Danmark har ikkje dei store landmassane rundt seg som nabolanda i sør har, og får derfor sjeldan like høge temperaturar på sommarstid som desse landa. Så sjølv klåre og fine sommardagar byr på fine temperaturar utan at det vert ubehageleg varmt. Dei kraftigaste regnbygene kan ein vente seg seint på sommaren og tidleg på hausten, og torevêr er ikkje heilt uvanleg på denne tida. Frå slutten av oktober byrjar det å bli skya og mørkt.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal
  • Totalt: 43 094 km²
  • Land: 42 394 km²
  • Vatn: 700 km²
Merk: Inkluderer øya Bornholm i Austersjøen og resten av fastlandet, men ikkje Færøyane og Grønland
Landegrenser
  • Totalt: 68 km
  • Grenseland: Tyskland 68 km
Kystlinje
7 314 km
Maritime krav
  • Tilgrensande sone: 24 nautiske mil (44 km)
  • Kontinentalsokkel: Til 200 meters djup eller til djup som kan utnyttast.
  • Eksklusiv økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
  • Territorial farvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Miljø og naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar
Petroleum, naturgass, fisk, salt, kalkstein, stein, grus og sand
Arealbruk
  • Dyrkande jord: 60 %
  • Permanente avlingar: 0 %
  • Permanente jorde: 5 %
  • Skogområde: 10 %
  • Anna: 25 % (1993 est.)
Irrigert land
4 350 km² (1993 est.)
Naturfarar
Flaum trugar enkelte område av landet, som delar av Jylland og sørkysten av Lolland, som er verna av diker.
Miljøproblem
Luftforureining, hovudsakleg frå bilar og kraftverk. Nitrogen- og fosforforureining av Nordsjøen. Drikke- og overflatevatn har vorte forureina av avfall frå dyrehald og sprøytemiddel.
Miljøvernsavtalar
  • Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktis-avtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspredning, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping av avfall til havs, bevaring av marint liv, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde, kvalfangst.
  • Signert, men ikkje stadfesta: Luftforureining frå vedvarande organiske stoff, Miljøvernsavtale for Antarktis, Kyoto-avtalen

Internasjonale forhold[endre | endre wikiteksten]

  • Krangel med Island om kor midtlinja for fiske mellom Island og Færøyane går.
  • Island, Storbritannia og Irland er imot Danmark sitt krav om at kontinentalsokkelen rundt Færøyane skal vere 200 nautiske mil eller om lag 370 km.
  • Færøyane held fram med å arbeide mot fullstendig sjølvstende.
  • Uomtvista suverenitetsttivst med Canada om Hans Øy i Kennedykanalen mellom Ellesmereøya og Grønland.
  • Danmark og Polen har ikkje vorte einige om kor grensa mellom dei to landa til havs går.
  • Danmark utforskar omfanget av kontinentalsokkelen på Grønland i håp om at den økonomiske sona kan utvidast. Eit av områda som er utforska er den geografiske Nordpolen.