Russisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russisk geografi
Rs-map.png
Plassering
Land Russland
Koordinatar 60°N 100°EKoordinatar: 60°N 100°E
Totale landegrenser 19 917 km
Grenseland Aserbajdsjan 284 km; Kviterussland 959 km; Kina (søraust) 3605 km, Kina (sør) 40 km; Estland 294 km; Finland 1313 km; Georgia 723 km; Kasakhstan 6846 km; Latvia 217 km; Mongolia 3441 km; Nord-Korea 19 km; Noreg 167 km; Ukraina 1576 km. Kaliningrad oblast grensar til Litauen (227 km) og Polen (206 km).
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

17 075 200 km²
16 995 800 km²
79 400 km²
Kystlinje 37 653 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Elbrus (5642 moh)
Kaspihavet (-28 m)
Lengste elv Jenisej (5539 km)
Største innsjø Kaspihavet
Maritime krav
Kontinentalsokkel 200 m djup eller til djup som kan utnyttast
Økonomisk sone 200 nautiske mil (370 km)
Territorialfarvatn 12 nautiske mil (22 km)
Arealbruk
Dyrkbar mark 8 %
Permanente beitemarker 4 %
Skogområde 46 %
Anna 42 %
Naturressursar
Store mengder fossile brensel. Særs mange forskjellige mineral. Tømmer. Vasskraft.
Naturfarar
Permafrost over det meste av Sibir er til stor hindring for utviling. Vulkansk aktivitet på Kurilane og vulkanar og jordskjelvKamtsjatkahalvøya.
Miljøproblem
Luftforrureining frå tungindustri, utslepp frå kolfyrte kraftverk og stor trafikk i storbyane. Diverse utslepp i elvar og langs kysten. Avskoging. Jorderosjon. Forgifting av jordsmonn ved uheldig bruk av sprøytemiddel. Radioaktiv forureining i spreidde område. Forgifta grunnavtn på grunn av giftig avfall.

Russland dekkjer det meste av dei nordlege områda av superkontinentet Eurasia. Sidan Russland dekkjer så store område er det både einsformig og mangfaldig. Både topografien, klimaet, vegetasjonen og jordsmonnet spenner over enorme avstandar.[1] Frå nord til sør er Den austeuropeiske sletta kledd med tundra lengst nord, så barskog (taiga), så blandings- og lauvskog, sletter (steppe) og halvørken (ved Kaspihavet) ettersom vegetasjonen endrar seg med klimaet. Sibir viser ein liknande inndeling. Landet inneheld 40 biosfærereservat definert av UNESCO[2].

Plassering og grenser[endre | endre wikiteksten]

Russland ligg på nordlege og mildare breiddegrader på den nordlege halvkula og er mykje nærare Nordpolen enn ekvator. Landet er enormt stort, t.d. nesten to gonger så stort som USA og meir enn 50 gonger så stort som Noreg, og dekkjer eit areal på 17,1 millionar kvadratkilometer. Det er ein åttandedel av dei busette landområda på jorda. Den europeiske delen, som dekkjer ein stor del av Europa, inneheld det meste av industri og jordbruk i Russland. Det var her, om lag midt mellom elva Dnepr og Uralfjella at Det russiske riket tok form.

Frå vest til aust strekkjer landet seg frå Kaliningrad (eksklaven som sidan 1991 har vore fråskild resten av landet av Litauen) til øya Ratmanov (ei av Diomedesøyane) i Beringsundet. Dette er om lag same avstand som frå Noreg og vestover til Alaska. Frå nord til sør strekkjer landet seg frå dei nordlegaste arktiske øyane i Frans Josefs land til sørenden av republikken Dagestan ved Kaspihavet, ein avstand på 4500 km med særs variert, og ofte ugjestmildt, terreng.

Russland har ein omkrins på 57 792 km og har den lengste landegrensa i verda, noko som var medverkande til stor uro for den nasjonale tryggleiken under Sovjetunionen. Langs den 19 917 km lange grensa ligg fjorten land. Åtte av desse eksiserte ikkje før tidleg i 1990-åra då Sovjetunionen braut saman. Desse «nye» nabolanda er Kasakhstan i Asia, og Estland, Latvia, Litauen, Kviterussland, Ukraina, Georgia (Abkhasia, Sør-Ossetia) og Aserbajdsjan i Europa. Dei andre grenselanda er Nord-Korea, Kina, Mongolia, Polen, Noreg og Finland. Lengst nordaust går det berre 86 km lange Beringsundet mellom Russland og USA.

Om lag 2/3 av Russland grensar til vatn. Så godt som heile nordkysten ligg godt nord for polarsirkelen. Det meste av kysten er låst i isen store delar av året, bortsett frå området rundt hamnebyen Murmansk der effekten av Golfstraumen framleis gjer seg gjeldande. Tretten randhav og delar av verdshava Nordishavet, Atlanterhavet og Stillehavet krinsar landet.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei administrative områda frå Sovjetunionen, bortsett frå eit par unntak, vart ståande uendra i Russland. I 2006 var det 88 administrative område kalla føderasjonssubjekt. Av desse er 21 republikkar, sju er krajar (territorium), 48 er oblastar (provinsar), eit autonomt oblast og ni autonome okrugar. Byane Moskva og St. Petersburg har òg føderal status.

Republikkane inkluderer mange forskjellige folkeslag, inkludert nordeuropearar, tatarar, kaukasusfolk og innfødde sibirfolk. Dei største føderasjonssubjekta ligg i Sibir. Aust i sentrale område av Sibir ligg Sakha (Jakutsk) som er det største føderasjonssubjektet i landet og den største nasjonale underinndelinga i verda. Det nest største er Krasnojarsk kraj som ligg sørvest for Sakha i Sibir. Kaliningrad oblast er det minste oblastet og den einaste eksklaven til Russland. Dei to mest folkerike subjekta, Moskva oblast (med byen Moskva) og Krasnodar kraj, ligg begge i den europeiske delen av Russland.

Topografi og drenasje[endre | endre wikiteksten]

Geografar har tradisjonelt delt inn dei enorme områda i Russland i fem naturlege soner: tundrasonen, taiga- eller skogssonen, steppe- eller slettesonen, den halvtørre sonen og fjellsonen. Det meste av Russland består av to sletter (Den austeuropeiske sletta og Den vestsibirske sletta), to lågland (det nordsibirske låglandet og Kolymalåglandet lengst nordaust i Sibir), to platå (Det sentralsibirske platået og Lenaplatået i aust) og ei rekkje fjellområde som hovudsakleg ligg lengst nordaust eller langs grensa i sør.

Økoregionar[endre | endre wikiteksten]

The wider area of the Urals, showing the transition of temperate forest, taiga, steppe og semi-desert.
Russia vegetation.png

     polarørken      tundra      alpin tundra      taiga      fjellskog
     temperert lauvskog      temperert steppe      tørr steppe

Den austeuropeiske sletta[endre | endre wikiteksten]

Den austeuropeiske sletta utgjer det meste av Europeisk Russland. Den vestsibirske sletta, som er den største i verda, strekkjer seg austover frå Uralfjella til elva Jenisej. Sidan terrenget og vegetasjonen er relativt einsarta i kvar av dei naturlege sonene er Russland tilsynelatande eit einsformig land. Likevel inneheld dei russiske landområda alle dei store vegetasjonssonene i verda bortsett frå tropisk regnskog.

Tundra[endre | endre wikiteksten]

Kart over arktisk tundra
Kart over det russiske Arktis.
For meir om dette emnet, sjå Arktis.

Det russiske Arktis strekkjer seg nesten 7000 km frå vest til aust, frå Karelia og Kolahalvøya til Nenetsia, Obbukta, Tajmyrhalvøya og Tsjuktsjarhalvøya (Kolyma, Anadyr, Kapp Dezjnjov). Av dei russiske øyane og øygruppene i Nordishavet finn ein Novaja Zemlja, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane.

Om lag 11 % av Russland er tundra, ei trelaus, myrlendt slette. Tundraen er den nordlegaste sonen i Russland, og strekkjer seg frå finskegrensa i vest til Beringsundet i aust, og går så sørover langs stillehavskysten til nordlege område av Kamtsjatkahalvøya. Sonen er mest kjend for dei store reinsdyrflokkane, for midnattssol og mørketid og det harde klimaet. Dei lange, harde vintrane og mangelen på sollys gjer at berre mose, lav, musøre og små buskar klarar å gro i den ufruktbare permafrosten. Frostforvitring er den viktigaste fysiske prosessen her som gradvis formar landskapet som vart kraftig endra av isbreane under den siste istida. Mindre enn 1 % av innbyggjarane i Russland lever i denne sonen. Fiske- og hamneindustrien nordvest på Kolahalvøya og dei store olje- og gassfelta nordvest i Sibir er dei største næringane i tundraen. Med 180 000 innbyggjarar er Norilsk den nest største byen nord for polarsirkelen i Russland etter Murmansk.

Taiga[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det sentralsibirske platået.
Taiga dekkjer dei høge breiddegradene mellom tundraen og steppene.

Taigaen, som er det største skogområde i verda, består hovudsakleg av bartre som gran, edelgran, furu og lerketre. Dette er den største natursonen i Russland, eit område om lag like stort som heile USA. I den nordaustlege delen i dette beltet finst dei kaldaste busette områda i verda. Taigasonen strekkjer seg i eit breitt belte langs midlare breiddegrader frå grensa til Finland i vest til Verkhojanskfjella i det nordaustlege Sibir og heilt sør til sørkysten av Bajkalsjøen. Isolerte område med taiga eksisterer òg langs fjellkjedene som dei sørlege områda av Uralfjella og i Amurdalen ved grensa til Kina. Om lag 33 % av innbyggjarane i Russland lever i denne sonen, som i lag med eit belte av blandingsskog i sør inkluderer det meste av den europeiske delen av Russland og dei gamle landområda til dei første slavarane.

Blandings- og lauvskog[endre | endre wikiteksten]

Blandings- og lauvskogsonen er eit trekanta område som er breiast i vest og vert smalare og smalare mot Uralfjella. Dei mest talrike tresortane er eik og gran, men mange andre vokster finst òg som ask, osp, bjørk, agnbøk, lønn og furu. Mellom taigaen og den skogkledde steppa er eit smalt belte med bjørk og osp aust for Uralfjella heilt til Altajfjella. Mykje av skogssonen her er hogd ned for at området kan nyttast til jordbruk, særleg i den europeiske delen. Som følgje av dette har dyrelivet vorte tynt, men framleis er rådyr, ulv, rev og ekorn vanlege.

Steppe[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den eurasiatiske steppa og Den pontisk-kaspiske steppa.

Steppa har lenge vorte rekna som eit typisk russisk landskap. Det er eit breitt band av trelause, graskledde sletter avbroten av fjellkjeder som strekkjer seg frå Ungarn gjennom Ukraina, Sør-Russland og Kasakhstan til Mandsjuria. Det meste av steppesonen i Sovjetunionen låg i Ukraina og Kasakhstan og den mykje mindre russiske steppa ligg hovudsakleg mellom desse to nasjonane, sørover til Svartehavet og Kaspihavet før dei glir over i den gradvis tørrare republikken Kalmykia. I eit land av ekstremar gjev steppesonen dei mest gunstige tilhøva for menneskelege busetnader og jordbruk på grunn av dei moderate temperaturane og tilstrekkelege mengder solskin og fukt. Sjølv her vert derimot jordbruket stundom råka av uføreseielege nedbørsmønster og stundom katastrofale tørkeperiodar.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste fjellkjedene i Russland ligg hovudsakleg langs kontinentalskilje (Uralfjella), langs den sørvestlege grensa (Kaukasus), langs grensa til Mongolia (dei austlege og vestlege Sajanfjella og den vestlegaste delen av Altajfjella) og i Aust-Sibir (fjellkjedene på Kamtsjatkahalvøya og mindre fjell som strekkjer seg langs Okhotskhavet og Japanhavet). Russland har ni store fjellkjeder. Generelt er den austlege delen av landet meir fjellendt enn den vestlege halvdelen, medan dei indre områda er dominert av låge sletter. Den tradisjonelle delelinja mellom aust og vest er Jenisejdalen. Jenisej renn mellom Det sentralsibirske platået i aust og Den vestsibirske sletta frå områda nær grensa til Mongolia og nordover til Nordishavet vest for Tajmyrhalvøya.

Uralfjella[endre | endre wikiteksten]

Uralfjella er den mest kjende av fjellkjedene i landet fordi dei dannar ei naturleg grense mellom Europa og Asia. Fjellkjeda strekkjer seg 2100 km frå Nordishavet til dei nordlege områda av Kaskhastan. Uralfjella er derimot ikkje særleg høge og dannar ikkje ein stor naturleg barriere. Fleire låge fjellovergangar gjer at dei fleste store transportårene austover frå Europa går gjennom fjella. Den høgaste toppen, Narodnaja, er berre 1894 meter over havet. Uralfjella inneheld derimot mange verdifulle mineral.

Den vestsibirske sletta[endre | endre wikiteksten]

Aust for Uralfjella ligg Den vestsibirske sletta, som dekkjer eit område på meir enn 2,5 millionar kvadratkilometer, og strekkjer seg om lag 1900 km frå vest til aust og om lag 2400 km frå nord til sør. Meir enn halvparten av området ligg under 500 meter over havet og sletta inneheld nokre av dei største myrområda og elveslettene i verda. Dei fleste innbyggjarane på sletta bur i den tørrare delen sør for 55 ºN.

Det sentralsibirske platået[endre | endre wikiteksten]

Regionen like aust for Den vestsibirske sletta er Det sentralsibirske platået, som strekkjer seg austover frå Jenisejdalen til Lenadalen. Regionen er delt inn i fleire platå med høgder mellom 320 og 740 meter over havet. Det høgaste punktet er om lag 1800 meter over havet nord i Putoranfjella. Sletta grenser i sør til Bajkalfjella og i nord til Det nordsibirske låglandet, ei fortsetjing av Den vestsibirske sletta som strekkjer seg inn på Tajmyrhalvøya i Nordishavet.

Sajan- og Stanovojfjella[endre | endre wikiteksten]

I fjellsystemet vest for Bajkalsjøen sør i sentrale område av Sibir er dei høgaste områda på 3300 meter i dei vestlege Sajanfjella, 3200 meter over havet i dei austlege Sajanfjella og 4500 meter over havet ved Belukha i Altajfjella. Dei austlege Sajanfjella strekkjer seg nesten til sørsida av Bajkalsjøen. Ved innsjøen er det ein høgdeskilnad på meir enn 4500 meter frå det næraste fjellet på 2480 meter over havet til den djupaste delen av innsjøen, som er 1700 meter under vassflata. Fjellsystemet aust for Bajkalsjøen er lågare og dannar eit system med mange mindre fjellkjeder og dalar som går frå innsjøen til stillehavskysten. Dei høgaste fjella i Stanovojfjella, som går frå vest til aust frå nordsida av Bajkalsjøen til Okhotskhavet, er 2550 meter over havet. Sør for denne fjellkjeda ligg dei søraustlege områda av Sibir, med fjell på opp til 800 meter. På andre sida av Tartarsundet ligg øya Sakhalin med høgder opp til 1700 meter over havet.

Kaukasus[endre | endre wikiteksten]

Alpint terreng finn ein i dei sørlege fjellkjedene. Mellom Svartehavet og Kaspihavet ligg Kaukasusfjella med særs høge fjell. Dei dannar grensa mellom Europa og Asia. Ein av toppane, Elbrus, er det høgaste punktet i Europa med 5642 meter over havet. Den geologiske strukturen til Kaukasus strekkjer seg nordvestover som Krimhalvøya og Karpatane, og søraustover i Sentral-Asia som Tian Shan og Pamir. Kaukasus dannar ei naturleg grense mellom Russland og nabolanda i sørvest, Georgia og Aserbajdsjan.

Nordaust-Sibir og Kamtsjatka[endre | endre wikiteksten]

Nordaust-Sibir, nord for Stanovojfjella, er eit særs fjelldominert område. Den lange Kamtsjatkahalvøya, som strekkjer seg sørover i Okhotskhavet, inneheld mange vulkanar, og mange er framleis aktive. Den høgaste er Kljutsjevskaja Sopka på 4750 meter over havet, det høgaste punktet i Russiske Fjerne Austen. Vulkankjeda held fram frå sørenden av Kamtsjatka gjennom Kurilane og Japan. Kamtsjatka er òg eit av to seismisk aktive område i Russland, i lag med Kaukasus. I 1995 øydela eit stort jordskjelv oljebyen Neftegorsk. Her ligg òg det særs store Bejentsjime-Salaatin-krateret.

Drenasje[endre | endre wikiteksten]

Bajkalsjøen tatt frå SeaWiFS
Elvane Tjusovaja (sideelv) og Kama (hovudelva) nær byen Perm. Uralfjella til høgre

Russland er eit vassrikt land. Dei første busetnadane i landet sprang opp langs elvane, der ein framleis finn dei fleste innbyggjarane i dag. Volga, den lengste elva i Europa, er den klart viktigaste vassvegen i Russland. Fire av dei tretten største byane i landet ligg langs denne elva: Nizjny Novgorod, Samara, Kazan og Volgograd. Kama, som renn vestover frå dei sørlege Uralfjella og ut i Volga i republikken Tatarstan, er ei anna viktig transportåre med tett folkesette elvebreidder.

Russland har tusenvis av elvar og innsjøar og er eit av landa i verda med størst vassressursar. Dei fleste elvane i Russland høyrer derimot til nedslagsfeltet til Arktis, og mange ligg i Sibir. 84 % av overflatevatnet i Russland ligg aust for Uralfjella i elvar som renn gjennom tynt folkesette område og ut i Nordishavet eller Stillehavet. Områda med flest innbyggjarar og derfor størst behov for vatn ligg i områda med varmast klima og høgast fordamping. Som følgje av dette har tett folkesette område, som rundt elvane Don og Kuban, berre akkurat nok (eller stundom for få) vassressursar.

Førti av elvane til Russland som er lenger 1000 km ligg aust for Uralfjella, inkludert dei tre store elvane som drenerer Sibir på veg nordover mot Nordishavet: Irtysj-Ob-systemet (totalt 5380 km), Jenisej (4000 km) og Lena (3630 km). Nedslagsfeltet til desse elvane dekkjer om lag åtte millionar kvadratkilometer og har ei samla vassføring på nesten 50 000 kubikkmeter i sekundet ut i Nordishavet. Sidan elvane renn nordover tiner dei sørlege kjeldeområda før områda lenger nedstraums, og dette har skapt enorme myrområde, som den 48 000 km² store Vasiuganmyra sentralt på Den vestsibirske sletta. Det same gjeld andre elvesystem, som Petsjora og Nordre Dvina i Europa og Kolyma og Indigirka i Sibir. Om lag 10 % av Russland er klassifisert som myrområde.

Mange andre elvar drenerer Sibir frå dei austlege fjellkjedene og ut i Stillehavet. Amur og Ussuri, den største sideelva hennar, utgjer ein lang del av landegrensa mellom Russland og Kina. Amursystemet drenerer det meste av det søraustlege Sibir. Tre nedbørsfelt drenerer den europeiske delen av Russland. Dnepr, som hovudsakleg renn gjennom Kviterussland og Ukraina, har kjeldene sine i åsane vest for Moskva. Den 1860 km lange Don spring ut frå Det sentralrussiske høglandet sør for Moskva og munnar ut i Azovhavet og Svartehavet ved Rostov-na-Don. Volga er den tredje og klart største av elvane i Europa, og spring ut frå Valdajhøgdene vest for Moskva. Ho buktar seg søraustover i 3510 km før ho munnar ut i Kaspihavet. Alt i alt drenerer Volga eit område på 1,4 millionar kvadratkilometer. Fleire kanalar knyt elvane i europeisk Russland saman til eit viktig transportsystem. Volgasystemet står framleis for 2/3 av den innanlandske vasstrafikken i Russland.

Dei store innsjøane i Russland er hovudsakleg skapt av isbredanning. I europeisk Russland er dei største innsjøane Ladoga og Onega nordaust for St. Petersburg, Peipus på grensa til Estland og Rybinskreservoaret nord for Moskva. Mindre menneskeskapte reservoar, med lengder på 160 til 320 km, ligg i Don, Kama og Volga. Mange store reserovar er òg bygd i dei sibirske elvane, som Bratskreservoaret nordvest for Bajkalsjøen, som er det største i verda.

Den største ferskvassjøen i Russland er Bajkalsjøen, som er den djupaste i verda og den innsjøen i verda med størst volum. Bajkalsjøen aleine står for 85 % av ferskvatnet i Russland og 20 % av det frittflytande ferskvatnet i heile verda. Han er 632 km lang og 50 km brei på det breiaste. På det djupaste er han 1713 meter. Fleire mindre innsjøar dekkjer dei nordlege områda av dei europeiske og sibirske slettene. Dei største av desse er Belozero, Topozero, Vygozero og Ilmen nordvest i Europa og Tsjany sørvest i Sibir.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Klima i Russland.
Bajkalsjøen. Isen byrjar å legge seg i nordenden av innsjøen og ei bukt midt på.

Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebyene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.

Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Russland har derimot hatt varmare vintrar dei siste tiåra, noko som vert sett på som eit teikn på global oppvarming. Særleg i den europeiske delen av landet har ein ikkje hatt kuldebølgjer like ofte som tidlegare, og dei har heller ikkje vore like intense.

Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer. Noko overraskande får Russland mesteparten av nedbøren sin i form av regn, og ikkje som snø. Sommaren varer derimot ikkje lenge, og alt i september kan dei første snøflaka falle i Sibir når kaldlufta startar å byggje seg opp att.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Russland har nokre av dei største mineralressursane i heile verda. Sjølv om det er mykje av dei ligg dei i fjerntliggande strøk med ekstreme klima, noko som gjer dei vanskeleg å utvinne. Landet er òg rikt på fossile brensel og kan innehalde så mykje som halvparten av kolreservane i verda, og enno større mengder petroleum. Kolførekomstane er spreidd gjennom heile landet, men dei største områda finn ein sentralt og aust i Sibir. Dei mest utvikla felta ligg vest i Sibir, i den nordaustlege delen av Europa, i området rundt Moskva og i Uralfjella. Dei største petroleumsførekomstane ligg i vestlege område av Sibir og i dei sørlege Uralfjella. Mindre førekomstar finn ein gjennom heile landet. Om lag 40 % av dei kjende naturgassreservane i verda finst i Russland, mellom anna langs kysten av Arktis, i Nord-Kaukasus og nordvest i Russland. Store jernmalmførekomstar ligg sør for Moskva, nær grensa til Ukraina i magnetanomalien i Kursk. Dette området inneheld enorme mengder jernmalm som har skapt eit avvik i magnetfeltet til jorda. Det er òg mindre førekomstar i andre delar av landet. I Uralfjella er det små førekomstar av mangan. Nikkel, wolfram, kobolt, molybden og andre jernlegeringar finst i tilstrekkelege mengder.

Russland har òg store mengder av ikkje-jernhaldige metall. Aluminiummalm ligg spreidd og hovudsakleg rundt Uralfjella, nordvest i Europeisk Russland og sør i sentrale område av Sibir. Kopar er det meir av og store reservar finst i Uralfjella, Norilsk-området nær munningen av Jenisej aust i Sibir og på Kolahalvøya. Andre store førekomstar ligg aust for Bajkalsjøen og utvinninga av desse starta først då Bajkal-Amur-linja stod ferdig i 1989.

Nord-Kaukasus, områda i Fjerne Austen og dei vestlege områda av Kuznetskbekkenet sør i Sibir inneheld store mengder av bly- og sinkmalm. I tillegg finst kopar, gull, sølv og store mengder andre sjeldne metall. Landet har ein av dei største gullreservane i verda, hovudsakleg i Sibir og Uralfjella. Kvikksølvførekomstar finn ein sentralt og sør i Uralfjella og sør i det sentrale Sibir.

Landet er rikt på råmateriale som kalium og magnesiumsalt i Kama-regionen vest i Uralfjella. Ein av dei største førekomstane av kalsiumfosfat i verda ligg sentralt på Kolahalvøya. Saltgruver finst sørvest i Uralfjella og sørvest for Bajkalsjøen. Overflatesalt finn ein ved saltsjøane langs den nedre Volgadalen. Svovel finst i Uralfjella og halvvegs opp i Volgadalen.

Miljøvernsavtalar[endre | endre wikiteksten]

Russland er delaktige i avtalar som omfattar

Luftforureining (nitrogenoksid, svovel-85), Antarktiskprotokollen, Antarktisktraktaten, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer-83, våtmarksområde, kvalfangst.

Signert, men ikkje ratifisert

Luftforureining-svovel 94, Kyotoavtalen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russland::Climate og vegetation. Encyclopædia Britannica. Vitja 3. november 2008.
  2. The World Network of Biosphere Reserves - UNESCO. Russisk Federation. Vitja 3. november 2008.