Islandsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Island frå januar 2004.
Kart over Island som viser større stader og geografiske trekk.
Iceland Mid-Atlantic Ridge Fig16.gif
Ryggen mellom jordskorpeplatene til Eurasia og Nord-Amerika
Island er rik på førekomst av svovel.

Island er den nest største [øy]a i Europa. Ho ligg aust for Grønland og like sør for Polarsirkelen over grensesona på Den midtatlantiske ryggen i Nord-Atlanteren. Ho ligg om lag 830 km frå Skottland.

Island har omfattande vulkansk og geotermisk aktivitet. Sprekka i samband med Den midtatlantiske ryggen, der den eurasiatiske og den nordamerikanske plata dreg frå kvarandre, går langs heile Island frå sørvest til nordaust. Dette kan ein tydleg sjå i nasjonalparken Þingvellir, der høgdedraga dannar eit uvanleg naturleg amfiteater. Her låg det første tinget på Island, Alþing, som kom saman først gong i 930.

Om lag halvparten av arealet til Island, som hovudsakleg har vulkansk opphav, består av kuperte ørkenar av lava og andre audemarker. 11 % av landet er dekt av dei tre store isbrean:

og fleire mindre:

20 % av landet vert nytta til beite og berre 1% er dyrka. Det pågår fortida eit ambisiøst skogplantingsprosjekt. Ein reknar med at før menneske kom til Island på 900-talet var 30-40 % av Island dekt av skog. I dag er det berre dei små bjørkeskogane Hallormstaðarskógur og Vaglaskógur att.

Dei busette områda ligg langs kysten, særleg i sørvest. Det sentrale høglandet er totalt aude.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestmannaeyjar like sørvest for Island er kanskje den mest vindfulle staden i Europa. Vêrstasjonen på denne øya utgjer ein av to stasjonar brukte for å indikere NAO-indeksen.

Klimaet på Island er maritimt, sterkt påverka av den varme Golfstraumen og lågtrykka som nesten alltid passerer nær Island. Lågtrykka gjer Island til ein vindfull og skya stad, og Reykjavik har i snitt over 40 dagar med sterk kuling eller meir. Snittemperaturen i Reykjavík er 11 °C i juli og -1 °C i januar, og er den hovudstaden med lågast middeltemperatur om sommaren (om ein ser bort i frå NuukGrønland).

Somrane er litt tørrare enn vintrane, med regn eller regnbyger eit par gonger i veka. Dei vulkanske ørkenane nordaust på Island ligg i regnskuggen av dei store breane og får mindre enn halvparten av nedbørsmengda som Reykjavik får. Reykjavík har om lag same årsnedbør som Oslo, 779 mm, men like mange dagar med regn som Bergen, heile 213 dagar.

Ingen stader på Island får særleg varmt vêr, og berre i dei nordaustlege områda er det vanleg med temperaturar over 20 °C om sommaren. Den nordlege kysten har ofte det mildaste vêret på grunn av sørleg vind som gjev ein fønvindeffekt over dei sentrale fjellområda.

Det meste av Island er dekt av snø frå november til april, men periodar med mildvêr og regn kan minke eller fjerne snødekket i sørlege og austlege område i korte periodar. Kraftige vinterstormar kan føre til snøstorm, som gjer det vanskeleg å ferdast utanfor Reykjavik.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Islandsk geografi
Geografiske koordinatar: 65°00′N 18°00′WKoordinatar: 65°00′N 18°00′W
Areal:  
  totalt: 103 125 km²
  land: 100 329 km²
  vatn: 2 796 km²
Landegrenser, totalt: 0 km
Kystlinje: 4 988 km
Maritime krav:
  Kontinental sokkel: 200 nautiske mil (370 km)
  Økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
  Territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)
Klima: temperert, moderert av den nordatlantiske straumen; Milde og vindfulle vintrar, kjølige somrar, fuktig i sør og vest.
Terreng: Hovudsakleg platå med fjelltoppar og isbrear og ein kyst med mange bukter og fjordar
Høgder:  
  lågaste punkt: Jölkulsárlónlagunen -146 m, Atlanterhavet 0 m.
  høgaste punkt: Hvannadalshnúkur 2 110 m
Naturressursar: Fisk, vasskraft, geotermisk kraft
Arealbruk:  
  dyrkbark mark: 0,07%
  permanente avlingar: 0%
  permanent beite: 23%
  skogområde: 1%
  anna: 76% (1993 est.)
Irrigert land: Ingen
Naturfarar: Jordskjelv, vulkansk aktivitet, snøras og jökulhlaup.
Miljøproblem: Vassforureining på grunn av avrenning frå gjødsla mark. Utilstrekkeleg avfallshansaming.
Internasjonale miljøavtalar:  
  delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, forbod mot atomprøvespreningar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde, kvalfangst
  signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff. Miljømodifisering. Bevaring av marint liv.

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]