Fuglar endemiske for Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Område med konsentrasjon av endemiske fugleartar i Colombia:
██ Magdalena ██ Nechi regnskog ██ Perijan montane ██ Santa Marta ██ Guajiran ██ Choco regnskog
basert på Cracraft, J. (1985)[1]

Cracraft analyserte utbreiingsområde for takson av fuglar på ei blanding av artsnivå og underartsnivå, og fann eit mønster som illustrert i figuren. Kunnskapen om fuglefaunaen har utvikla seg monaleg etter 1985. Ein ser oppsamling av artstakson av fuglar som er endemiske til Sierra Nevada de Sana Marta, og til dels til øvre Magdalena.

Trass i at Colombia med sine 1887 fugleartar[note 1] toppar lista over land med flest registrerte fugleartar, ligg landet likevel eit stykke frå toppen med omsyn på talet av artar som er endemiske til landet. Til dømes har Brasil meir enn 250 endemiske fugleartar,[2] mot ca. 85-90[note 2] endemiske til Colombia.

Fuglefaunaen i landet er prega av diversitet, ikkje berre stadfesta av det høge artstalet, men òg av talet på representerte høgare taksa. Her er representantar for 89 av verdas 235 familiar og for 27 av verdas 39-40 ordenar. Diversiteten ein finn i fuglefaunaen i Colombia er ein del av den totale biodiversiteten i den neotropiske regionen, ein av regionane i verda med mest biodiversitet.[3] Dei endemiske fugleartane i Colombia er først og fremst funne blant sporvefuglar, innanfor 13 av familiane der, men òg blant 8 andre ordenar.[2][4]

Utvikling av endemisme i Colombia[endre | endre wikiteksten]

Forsking har lagt fram ulike hypotesar og forklaringsmodellar for situasjonen med dei mange fugleartane som berre er kjente frå nordvestre Sør-Amerika og ofte innanfor små avgrensa område i Colombia. Somme har meint at endemismen er eit resultat av mange periodar med skiftande klima gjennom pleistocen og post-pleistocen meir enn av orogeniske fjelldanningar.[1] Andre har vist til geologiske hendingar slik som landheving av Andes. I ein nyare publikasjon er det konkludert med at utbreiinga av eit avgrensa sett av takson i Andes, både har vore påverka av klimaendringar og av den tektoniske historia.[5] Truleg er årsakene til endemisme i Colombia samansette.

Oversyn endemiske familiar og artar[endre | endre wikiteksten]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Artslista i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015.[4] Utvalet av endemiske artar er gjort etter Avibase - Bird Checklists of the World - Colombia.

Orden Galliformes - Hønsefuglar
Colombiahokko, Ortalis columbiana, er ein medlem av hokkofamilien. Han er ein av dei mest karismatiske artar som er endemiske til Colombia, der han held til skogane i nordlege, sentrale og vestlege delar av landet, alltid vest for Andes. Bilete frå Dapa, Valle del Cauca, ca. 1700 moh.
Foto: Matthew Gable
Orden Gruiformes - Tranefuglar
Orden Columbiformes - Duefuglar
  • Tolimadue, Leptotila conoveri, Tolima Dove, EN
Orden Caprimulgiformes - Seglarfuglar
  • Kvitbrystseglar, Cypseloides lemosi, White-chested Swift, LC, (kan òg treffast i sør om grensa til Ecuador)
Okerskjegghjelmkolibri, Oxypogon stubelii, lever i høgder over 3500 moh. i eit avgrensa område i den sentrale fjellkjeda i Andes i Colombia
Foto: Juan José Arango
Orden Trogoniformes - Trogonar
  • Kvitaugetrogon, Trogon comptus, Blue-tailed Trogon, LC, (lever òg i nordvestlege Ecuador)
Orden Galbuliformes - Jakamarar og dovenfuglar
Orden Piciformes - Spettefuglar
  • Colombiapikulett, Picumnus granadensis, Grayish Piculet, LC
  • Praktspett, Melanerpes pulcher, Beautiful Woodpecker, LC
  • Chocospett, Veniliornis chocoensis, Choco Woodpecker, NT, (lever òg i nordvestlege Ecuador)
Orden Psittaciformes - Papegøyefuglar
Orden Passeriformes - Sporvefuglar
Den endemiske urraomaurpittaen (Grallaria urraoensis eller Grallaria fenwickorum) i maurpittafamilien vart første gongen vart skildra i 2010
Foto: Nigel Voaden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Cracraft, J. (1985)
  2. 2,0 2,1 Avibase - Bird Checklists of the World 2015
  3. Valentí Rull, On the origin of present Neotropical biodiversity: a preliminary meta-analysis about speciation timing using molecular phylogenies Orsis 22, 2007 105-119
  4. 4,0 4,1 Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. oktober 2015 
  5. Rivero, 2011
Notar
  1. San Andrés ikkje medrekna
  2. Etter Avibase - Bird Checklists of the World finst det 90 fugleartar som er stadeigne til Colombia per 2015, men somme av desse har utbreiingsområde litt utover landegrensa inn i eit naboland