Let's Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Let's Dance
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side «Cat People (Putting Out Fire)»
Utgjeve 17. mars 1983
Innspelt Power Station, New York, desember 1982
Sjanger Dance-rock
Lengd 7:37 (album)
4:10 (singel)
Selskap EMI America Records - EA152
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi
«Peace on Earth/Little Drummer Boy»
(1982)
Let's Dance «China Girl»
(1983)

«Let's Dance» er tittelsporet på David Bowie sitt Let's Dance frå 1983. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albuemt og vart ein av dei mestseljande singlane hans nokon gong.

Singelen var ein av dei raskaste seljande Bowie-singlane nokon gong, og gjekk til 5. plass i Storbritannia den første veka, og heilt til topps to veker seinare, der han vart liggande i tre veker. Kort tid etter toppa singelen Billboard Hot 100 i USA, den einaste singelen til Bowie som har nådd toppen på begge sider av Atlanteren. Songen nådde òg toppen av lista i Noreg. Let's Dance var den fjerde mestseljande singelen i 1983 i Storbritannia, med over 500 000 eksemplar.

«Let's Dance» introduserte Bowie for eit nytt, yngre publikum, som ikkje kjende til karrieren hans i 1970-åra. Songen var fast på Serious Moonlight-turneen (som fekk namn frå teksten i «Let's Dance»), Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990, og vart igjen omarbeidd for turneen i 2000.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen var kraftig påverka av produsent Nile Rodgers sitt arbeid med bandet sitt Chic og har ei tung basslinje og var utan tvil den mest kommersielle songen til Bowie til då. Med tekstar som tilsynelatane som ein typisk danselåt, er det òg tekstlinjer som «Let’s dance, for fear tonight is all». Den 7:38 lange albumversjonen vart kraftig korta ned for singelutgåva, sjølv om 12"-singelen hadde same lengd.

Denne einsemda og desperasjonen siv inn i musikkvideoen til David Mallet. Videoen var filma i Australia, inkludert Coonabarabran og Warrumbungle nasjonalpark i New South Wales, samt i Sydney Harbour, der Bowie ser upåverka på eit innfødd australsk par som kjempar mot metaforar for den vestlege kulturimperialismen. Nokre raude høghæla sko går òg igjen i videoen, og viser til songteksten «Put on your red shoes and dance the blues».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"[endre | endre wikiteksten]

  1. «Let's Dance» (singelversjon) (Bowie) – 4:07
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

12"[endre | endre wikiteksten]

  1. «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]