David Bowie (1969)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå God Knows I'm Good)
Hopp til navigering Hopp til søk
Space Oddity
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 4. november 1969
Innspelt Trident Studios i London juni-september 1969
Sjanger Folkrock, progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 45:13
Selskap Philips (Europa)
Mercury (USA)
Produsent Tony Visconti
Gus Dudgeon på «Space Oddity».
David Bowie-kronologi
[[David Bowi

e av David Bowie|David Bowie]]
(1967)

Space Oddity The Man Who Sold the World
(1970)
Singlar frå David Bowie
  1. «Space Oddity»
    Utgjeve: 11. juli 1969
  2. «Memory of a Free Festival»
    Utgjeve: 12. juni 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Pitchfork Media(6.7/10)[3]

David Bowie er det andre studioalbumet til den britiske musikaren David Bowie, utgjeve frå 1969. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia av Philips som David Bowie og av Mercury i USA som Man of Words/Man of Music. Det kom ut på nytt i 1972 på RCA som Space Oddity (tittelen på opningssporet, som kom ut som singel i juli 1969 og nådde femteplassen på UK Singles Chart då. Space Oddity var òg namnet som vart nytta på CD-utgåvene frå 1984, 1990 og 1999, men då albumet kom ut i 2009, vart den opphavlege tittelen nytta, som òg er namnet på debutalbumet hans.

Plata er ei blanding av folkrock, balladar og progrock, og NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt om det at «noko av det høyrde til 1967, noko av det til 1972, men i 1969 verka det særs upassande. I hovudsak kan ein sjå på albumet i dag som alt Bowie hadde vore og litt av det han skulle bli, alt er rota i saman og kjempar om kontroll...»[4]

Albumet kom ut etter Bowie hadde gjennomført overgangen frå kabaret/avantgarde-inspirert musikk til ein hippie/vise-basert stil, slik at albumet vart eit stort vendepunkt frå debuten hans i 1967.

«Don't Sit Down» er ein unotert 40 sekundar jam som kjem etter slutten av den andre songen på albumet. Denne var oppført som eit sjølvstendig spor på CD-utgåve av albumet i 1990-åra, men på 2009-utgåva av albumet, var det igjen eit løynd spor.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Space Oddity[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Space Oddity.

Tittelsporet vert rekna som ein av Bowie sin mest kjende songar[5], og er hovudsakleg akustisk med skumle tonar laga på ein Stylophone, eit slags elektrisk lommeorgel. Tittelen og emnet i songen var inspirert av Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey og introduserte karakteren Major Tom. Songen er datert attende så tidleg som februar 1969. Han vart skriven for marknadsføringsfilmen Love You till Tuesday. Videoen var meint å marknadsføre Bowie for eit nytt plateselskap etter at han vart droppa av Deram Records i april 1968. Han vart beden av manageren sin Kenneth Pitt om må spele inn noko nytt, og slik kom «Space Oddity» til. Enkelte har sett på songen som ein metafor for heroinbruk, der nedteljinga i introen samsvarar heroinet som går gjennom nåla.[6] Hitten «Ashes to Ashes» frå 1980 erklærte at «We know Major Tom's a junkie» («me veit at Major Tom er narkoman»).

Unwashed and Somewhat Slightly Dazed[endre | endre wikiteksten]

«Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» verka sterkt påverka av Bob Dylan[7] med munnspel, skarp gitarlyd og snerrande vokal.

Seint i juli 1969, medan Bowie spelte på Maltese Song Festival på Malta, vart faren, Haywood «John» Jones, sjuk og døydde kort tid etter Bowie kom attende til Storbritannia. Jones hadde gjeve Bowie stabilitet i 1960-åra, både kjenslemessig og økonomisk, og dødsfallet hans skjedde samstundes med at Bowie var i ferd med å bryte samarbeide med den langvarige manageren sin, Ken Pitt, i tillegg til å kvitte seg med mange gamle vener. Bowie stod attende sint og tilbaketrekt og sa seinare til George Tremlett at «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» var eit forsøk på å fange den surrealistiske kjensla han hadde i vekene etter faren døydde.[8] Bowie sa til ein intervjuar seint i 1969 at inspirasjonen til tittelen kom frå dei «rare blikka» han fekk på gata, og musikkjournalistar som Nicholas Pegg meiner at songen igjen handlar om brotet med Hermione Farthingale. Familien hennar var frå ein høgare samfunnsklasse enn Bowie, og ho likte visstnok ikkje pop-tendensane hans.

Songen byrjar langsamt, og flyttar seg frå å vere kompleks til å bli enkel.[8] Han opnar med ein 12-strengs akustisk gitar, som går mellom akkordane Asus2 og D9. Den drøymande vokalen til Bowie og ei stundom klimpring frå ein elektrisk gitar indikerer at dette er enno ei vise, på liknande måte som «Letter to Hermione». Så kjem eit 20-taktar langt vers som destabiliserer songen fram til Bowie hentar fram ein Bo Diddley-rytme, med gitarriff og munnspel (spelt av Benny Marshall, frontmann i the Rats, der Bowie seinare henta fleire folk til Spiders from Mars).[8] Bowie roper ut linjer som «I’ve got eyes in my backside» og «my head’s full of murders!». Etter den siste tekstlinja let Bowie musikarane jamme vidare i to minuttar, der munnspelet akkompagnerer riffa og Tim Renwick og Keith Christmas speler elektriske gitarsoloar. I uttoninga dukkar det til og med opp eit horn.[8]

Songen vart spelt inn kring september 1969.

Don't Sit Down[endre | endre wikiteksten]

«Don’t Sit Down» er ein liten, 40 sekundar lang jam med Bowie som syng tittelen eit par gonger før han bryt ut i latter. Dette var ein del av den medvitne uformaliteten på platealbum seint i 1960-åra, som til dømes Jimi Hendrix som hostar i starten av «Rainy Day, Dream Away», Bob Dylan som mumlar «Is [the tape] rolling, Bob?» på Nashville Skyline eller The Beatles sitt White Album, som er full av mumling, kremting, lydar frå kontrollrommet og anna. Songen var opphavleg med som eit løynd spor på songen før, men på somme CD-utgåver i 1990-åra var han eit eige spor. RCA sletta songen då dei gav ut Space Oddity i 1972, men tok han inn att på Rykodisc-utgåva i 1990.

Letter to Hermione[endre | endre wikiteksten]

«Letter to Hermione» var ein farvelballade til den tidlegare kjærasten til Bowie, Hermione Farthingale, som òg er tema i «An Occasional Dream». [4], ei neddempa vise, som kunne vore på debutalbumet David Bowie. Farthingale forlet Bowie til fordel for ein amerikansk dansar ho møtte i Bergen, og dette skal Bowie i følge biografiane hans ha teke særs tungt.[9] Hermione Farthingale var ikkje det sanne namnet hennar (ingen veit eller vil avsløre det verkelege namnet). Bowie møtte ho gjennom Lindsay Kemp og dansa med ho i filmen The Pistol Shot. Dei to vart eit par sommaren 1968 og budde i lag i South Kensington, der dei danna ein visetrio.[9] Då dei to filma Love You Till Tuesday tidleg i 1969, var det over, og den siste dagen til Bowie og Farthingale i lag var på scenen då dei mima til «Sell Me a Coat» og «Ching-a-Ling» føre kamera.

I følgje Chris O'Leary er ikkje dette berre ein trist kjærleikssong, men ein særs tristkjærleikssong.[9]. Marc Spitz, ein annan Bowie-biograf, kalla songen «sørgjeleg og bokstavleg», Nicholas Pegg kalla han «smerteleg intim», og biografane reknar med at dette er den sanne Bowie som talar og at han her tok av maska si.[9]

Songen byrjar med ein akustisk gitarintro, som vert spegla i avslutninga, med tre vers imellom. Det første verset handlar om kor einsam songaren kjenner seg, det andre verset omhandlar rykte om korleis Hermione har det, og det tredje spekulerer i hennar nye kjæraste og lukka hennar. I midten av kvart vers føreslår Bowie at Hermione saknar han («You cry a little in the dark» - «Du gret litt i mørkret») som vert svara av ei kort linje («well so do I» - «vel, det gjer eg òg»).[9]

I demoversjonen av songen, kalla «I’m Not Quite», er kjensla av «røyndom» enno sterkare, med ein dårleg, skurrete lydkvalitet, ein dempa gitar og ei var og keitete røyst. Råheita i demoen vart reinska bort då Bowie spelte inn «Letter to Hermione» for albumet sitt fire månader seinare. Her syng han meir affektert, og vel ei forsiktig ulukkeleg og vemodig stemme.[9]

Demoversjonen vart spelt inn kring midten av april 1969, truleg i leilegheita til Bowie i Foxgrove Road i Beckenham, medan studioversjonen vart spelt inn i august 1969.

An Occasional Dream[endre | endre wikiteksten]

Den andre «Hermione»-songen Bowie skreiv tidleg i 1969 var «An Occasional Dream», der hjartesorga og intimiteten i «Letter to Hermione» er byta ut med ei meir stoisk innstilling.[10] Bowie vart sterkt inspirert av Jacques Brel og viseduoen hans Feathers spelte ofte Brel sin «Amsterdam», som Bowie seinare spelte inn. «An Occasional Dream» har eit forsøk på ei fransk kjensle der eit dødt kjærleiksforhold vert utforska, festa til eit kort og lagt i ein kasse. Songaren verkar like mykje å sørgje over at den vakre ungdomstida hans er over som at kjærasten forlet han.[10]

Demoversjonen av songen vart spelt inn med John Hutchinson kring midten av april 1969. Hutchinson syng linjer ein takt etter Bowie, eller gjev korvokal, og stundom førstevokal. Studioversjonen har fløyteakkompagnement der Bowie stundom syng i eit særs lyst toneleie. Denne vart spelt inn juli-august 1969. Bowie spelte ein gong «An Occasional Dream» for BBC den 5. februar 1970, før han slutta å spele songen.

God Knows I'm Good[endre | endre wikiteksten]

«God Knows I'm Good» er ein song som omhdlar ei stakkar, gammal kvinne på ein moderne supermarknad. Ho stel ein boks med stuing, men vert stoppa før ho går ut i døra. Ho roper ut «Gud veit eg er god!» (tittelen på songen) og fell til bakken.[4]

Keith Christmas, ein av gitaristane på albumet, har fortalt at Bowie skal ha grine ukontrollert då han lytta på opptaket av denne songen.[11]

Songen vart spelt inn kring august-september 1969.

Cygnet Committee[endre | endre wikiteksten]

And we can force you to be free
And we can force you to believe

David Bowie (1969)

«Cygnet Committee» har vorte kalla det første meisterverket til Bowie[12] og er songen som kanskje mest peikar framover mot dei framtidige platene til Bowie. Hovudkarakteren i songen er ein som «bryt ned barrièrar for sine unge tilhengjarar, men finn ut at han berre gav dei ein mogelegheit til å avvise og øydeleggje han».[13] Bowie sjølv skildra songen som noko ein hippie kunne ha laga, som var klar til å følgje kva for karismatisk leiar som helst. [12]

Bowie var ikkje den einaste som kjende på eit mørke i hjartet av motkulturen. Pete Townshend hadde nettopp skrive ein rockeopera om falske messiaer, popkultisme og flokk-filosofi. For Bowie er «Cygnet Committee» inngangsporten til det han vart mest oppteken av i 1970-åra - overmenn, glam-fascisime, glam-vald, personlegdomskultar og forskjellige dystopiar.[14] Somme av desse figurane er til stades i denne songen der dei skjer over strupar, drep barn og sviktar vener. Sjølv om Bowie endar songen med ei bøn om kjærleik og fridom, står ein att med linja «I want to live», det enklaste, mest audmjuke ynsket eit menneske kan ha.[14]

Songen verkar å vere sett saman av tre-fire forskjellige songar.[14] Minst ein av dei har ein føregjengar: det andre og femte verset og starten av det tredje og sjette verset er nytta om att frå ein Bowie-song kalla «Lover to the Dawn», som han hadde spelt inn ein demoversjon av i lag med John Hutchinson tidlegare i 1969.[14] To forholdsvis konsise, fire linjer lange vers, sungen med akustisk gitar, ei flytande basslinje og ein legato elektrisk gitar) vert etterfølgd av eit 13 linjer og 48 taktar langt vers, som byrjar det enkle 4/4-takts rockeakkompagnementet der teksten blir langt lausare og nesten fri form. Mønsteret gjentek seg og denne gongen tar det lange verset over og strekkjer seg i over fem minuttar til slutten av songen.[14]

Songen er spelt inn kring august-september 1969.

Janine[endre | endre wikiteksten]

Då frilansjournalisten George Tremleg intervjua Bowie seint i 1969, snakka Bowie hjarteleg om alle songane på albumet, men nemnte ikkje «Janine» i det heile, noko som fekk Tremlett til å spekulere i om Bowie rekna songen som dårleg og angra på at han tok han med på albumet. Dette verkar derimot ikkje å vere tilfelle, sidan Bowie faktisk tenkte på å bruke «Janine» som ein oppfølgjarsingel til «Space Oddity», og spelte songen på somme BBC-innspelingar i 1970. Songen er ein av dei meir livlege songane, på eit elles seriøst og inneslutta album. Tony Visconti likte denne songen best av alle på dette albumet, og songen er kanskje den som mest liknar på songane Marc Bolan skreiv på denne tida, som «King of the Rumbling Spires». Visconti var òg produsent for Marc Bolan og bandet hans T. Rex.

Det er ein song som peikar framover mot tema Bowie kom attende til 1970-åra, i dette tilfellet personlegdomsbrot, med til dømes tekstlinja «But if you took an axe to me, you’d kill another man not me at all».[15]

Demoversjonen vart spelt inn i midten av april 1969 med John Hutchinson. Bowie hevdar i introduksjonen at songen handlar om kjærasten til George Underwood «som lagar særs fine plateomslag». Studioversjonen vart spelt inn ein gong mellom juli og september 1969.

Wild Eyed Boy from Freecloud[endre | endre wikiteksten]

«Wild Eyed Boy from Freecloud» er ein annan av Bowie sine tibetanske songar, ein syklus som byrja med «Silly Boy Blue» og fortsette med «Karma Man». Føregjengaren til «Freecloud» er eit pantomimestykke kalla «Yet San and the Eagle», der soga er ein tibetansk gut som lever under kinesisk, kommunistisk undertrykking og «Freecloud» verkar å ha vore meint til å akkompagnere rørslene til skodespelarane, medan teksten stundom skildrar det som skjer på scenen (the hangman «folds the rope into its bag» eller «so the village dreadful yawns»).[16] Men den ville guten (wild eyed boy) i Freecloud er ikkje berre ein tibetansk munk, men òg ein uforderva ungdom, som berre ved å eksistere støyter innbyggjarane som bur i landsbyen nedanfor. Bowie skildra denne soga i eit intervju i oktober 1969 med Disc & Music Echo: guten «bur på eit fjell og har utvikla ein vakker levemåte...på ein måte er han vel ein slags profet. Landsbybuarane mislikar det han seier og dei vel å henge han.»[16] Guten overgjev seg til døden, men oppdagar så til sin store skrekk at fjellet tar hemn for han. «Så alt guten seier blir faktisk oppfatta galt, både av dei som fryktar han, og dei som elskar han.»[16]

Bowie blandar fleire av sine inspirasjonskjelder inn i songen med Anthony Newley og Jacques Brel blanda med Fairport Convention. At songen er sett til kvelden før ei henging er som henta frå Child-balladane, ei kjensle av guddommeleg hemn på ein fordømd by er frå Brecht/Weill sin Pirate Jenny og den høgtsvevande teksten som skildrar fjella (t.d. «where the eagle dare not fly») har litt av Tolkien i seg.[16] «Freecloud» var til dømes favoritten til Marc Bolan av Bowie sine songar og han var ein stor Tolkien-fan.[16]

«Freecloud» opnar med Bowie som spelar variasjonar på D-akkorden på 12-strengs akustisk gitar. D til Dmaj7 til D7 til D6. Mønsteret går att gjennom heile songen. Det opnar versa og sirklar tre gongar gjennom dei. Gitarintroen har og det andre store motivet i songen, ei brå endring til akkorden C, som Bowie seinare nyttar til å ende versa på dramatisk vis og starte refrenget. Songen er bygd som ein omvendt pyramide og opnar med to lange, skildrande vers, som begge er 11 linjer lange, utan rytme eller verkeleg takt. Mønsteret vert broten då Bowie går over i mellomspelet, som har ein fast rytme med fleire lange tonar. Songen går nedover i ein spiral, raskare og raskare, først med eit slags refrengt, så eit par turbulent vers som omhandlar øydelegginga av landsbyen. Han endar med eit roleg 10 taktar langt coda, der guten er fri mellom ruinane av landsbyen, medan gitarmønsteret frå introen kjem attende. Dette indikerer ein syklus som vil starte på ny.[16]

«Freecloud» vart først spelt inn 20. juni 1969 som B-sida til singelen «Space Oddity» og ein ny versjon vart spelt inn for albumet ein månad seinare. Den opphavlege versjonen er produsert av Gus Dudgeon og har eit langt enklare arrangement enn albumversjonen. Albumversjonen er produsert av Visconti som skal ha høyrt «eit wagnersk orkeste i hovudet sitt»[16]. Dudgeon nytta åttespor på med eit fåtal strykarar og blåsarar ,medan Visconti nytta 16 spor og eit 50 mann stort orkester, inkludert harpe og pauker. Dette var òg første gong Mick Ronson spelte gitar på ei Bowie-plate, sjølv om han ikkje er omtalt for dette på omslaget. [17]

Bowie spelte songen på konsertane sine under Ziggy Stardust-turneen i 1973, og eit konsertopptak, der han glir fint inn i «All the Young Dudes», er gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture.

Memory of a Free Festival[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Memory of a Free Festival.

«Memory of a Free Festival» var Bowie sine minner om ein kunstfestival han organiserte i august 1969. Den lange slutten på songen («The Sun Machine is coming down / And we're gonna have a party») vart samanlikna med The Beatles sin «Hey Jude».[18] Songen er òg tolka som ein hånleg kommentar til motkulturen han tilsynelatande lovprisa.[19] Korvokalen i slutten av songen var mellom annan sungen av Bob Harris, kona Sue, Tony Woollcott og Marc Bolan.[20] I 1970 delte Bowie songen i to og gav dei ut som a- og b-side til ein meir rocka versjon av songen, spelt inn av bandet han hadde med seg på The Man Who Sold the World som kom seinare på året: Mick Ronson, Tony Visconti og Mick Woodmansey - ei tidleg utgåve av bandet Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Produksjon og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vert ofte rekna for det første skikkelege Bowie-albumet[15], og det første som plateselskapa tykte det var verdt å gje ut att på nytt. Fleire kjende musikarar spelte på albumet, inkludert studiomusikarane Herbie Flowers, Tim Renwick, Terry Cox og Rick Wakeman, i tillegg til cellisten Paul Buckmaster, multiinstrumentalist og plateprodusent Tony Visconti og John Lodge (må ikkje forvekslast med Moody Blues-bassist John Lodge). Før resten av albumet vart spelt inn, var allereie songen «Space Oddity» gjeven ut på singel.[21] Tony Visconti såg på singelen som ei useriøs, og lèt Gus Dudgeon ta seg av produseringa.[15] Visconti produserte derfor resten av songane på albumet, bortsett frå det som seinare vart tittelsporet på plata. Tim Renwick, John 'Honk' Lodge, Mick Wayne og John Cambridge – alle frå bandet Junior's Eyes - spelte på albumet og var ei kort stund bandet til Bowie for somme konsertar og i oktober 1969 på BBC Radio.[22][23][24]

Sjølv om tittelsporet hadde gått heilt til femteplass i Storbritannia tidlegare på året, vart det lite på plata som elles minna om denne songen, og albumet selde dårleg, trass i forholdsvis god kritikk.[18] Etter at Bowie slo igjennom med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972, klatra derimot albumet til 17. plass i Storbritannia, og 16. plass i USA.

The New York Times skreiv om albumet over eitt år etter det kom ut og hylla det. Dei skreiv «ein komplett, samanhengande og glimrande visjon».[25] På den andre sida rekna Village Voice-kritikaren Robert Christgau albumet, som debuten, som «overanstrengde utflukter».[26] Albumutgåva som kom ut i november 1972 etter gjennombrotet til Bowie med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars og med eit nyare foto av Ziggy på omslaget. Albumet gjekk då inn på 17. plassen på den britiske albumlista og 16. plassen i USA.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Det originale britiske plateomslaget til David Bowie synte eit portrett av Bowie over eit kunstverk av kunstnaren Victor Vasarely med blå og rosa prikkar på ein grøn bakgrunn.[27] Det same portrettet vart nytta på den amerikanske Mercury-utgåva av Man of Words/Man of Music, men med ein enkel, blå bakgrunn. Då albumet kom ut som Space Oddity i 1972 på RCA, vart det nytta eit nyare bilete frå Ziggy Stardust-tida på omslaget.[28] For 1999-utgåva på CD vart det opphavlege britiske omslaget nytta på ny, men den nye tittelen vart nytta under portrettet for å unngå forvirring. 40-årsjubileumsutgåva som kom i 2009 nytta det originale britiske omslaget, men nytta den opphavlege grønfargen og tittelen David Bowie.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Space Oddity»   5:15
2. «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed»   6:12
3. «(Don't Sit Down(Stundom ein del av «Unwashed And Somewhat Slightly Dazed».) 0:42
4. «Letter to Hermione»   2:36
5. «Cygnet Committee»   9:35
Side to
# Tittel Lengd
6. «Janine»   3:25
7. «An Occasional Dream»   3:01
8. «Wild Eyed Boy from Freecloud»   4:52
9. «God Knows I'm Good»   3:21
10. «Memory of a Free Festival»   7:09

7" lydbandutgåve[endre | endre wikiteksten]

Det var berre ei utgjeving av Space Oddity på ope lydband, i 1972 av Magtec. Dette var eit høgsnøggleiks 7,5 ips 4-spors stereoutgjeving. RCA er det einaste kjende selskapet Bowie har vore på som gav ut albuma hans på dette formatet, og berre i USA. I andre område måtte lydbandet importerast.

CD-utgåver[endre | endre wikiteksten]

Space Oddity vart først gjeve ut på CD på RCA i 1985. Som på RCA-utgåva på vinyl frå 1972, mangla «Don't Sit Down». Den tyske (for den europeiske marknaden) og japanske (for det amerikanske marknaden) masteren vart laga frå forskjellige lydband og er ikkje identiske for kvar region.

I 1990 vart albumet gjeve ut på Rykodisc/EMI med «Don't Sit Down» som ein sjølvstendig song og tre bonusspor: «Conversation Piece», ei B-side frå mars 1970 spelt inn under innspelinga av David Bowie i 1969 og opphavleg meint for albumet, og ei nyinnspeling av «Memory of a Free Festival» i to delar våren 1970, gjeven ut på singel i juni det året.

Bonusspor frå 1990-utgåva[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
11. «Conversation Piece» (B-side til singelen «The Prettiest Star») 3:05
12. «Memory of a Free Festival Part 1» (Singel A-side frå 1970) 3:59
13. «Memory of a Free Festival Part 2» (B-side til singelen frå 1970) 3:31

«Don't Sit Down» vart tatt bort frå utgåva av Space Oddity som kom i 1972

1999 re-master[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut på ny i 1999 av EMI/Virgin, utan bonusspor, men ny 24-bit digital lyd og igen med «Don't Sit Down». Den japanske mini-LP-utgåva etterlikna det originale LP-omslaget til Philips.

Spesialutgåva frå 2009[endre | endre wikiteksten]

I 2009 vart albumet gjeve ut som ei dobbel spesialutgåve på EMI/Virgin som David Bowie med det originale plateomslaget. Den første plata inneheldt dei originale ni spora og den andre plata var ei samling av uutgjevne demoar, stereoversjonar og tidlegare utgjevne B-sider og BBC-opptak. «Don't Sit Down» var no igjen eit løynd spor.

Innhald på 2009-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, med mindre andre er nemnde. 

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Space Oddity» (Demo version)  5:10
2. «An Occasional Dream» (Demo version)  2:49
3. «Wild Eyed Boy from Freecloud» (B-sida til «Space Oddity», 1969)  4:56
4. «Brian Matthew interviews David/Let Me Sleep Beside You » (BBC Radio session D.L.T. (Dave Lee Travis Show), 1969)  4:45
5. «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» (BBC Radio session D.L.T. Show, 1969)  3:54
6. «Janine» (BBC Radio session D.L.T. Show, 1969)  3:02
7. «London Bye Ta-Ta» (Stereo version)  3:12
8. «The Prettiest Star » (Stereo version)  3:12
9. «Conversation Piece» (Stereo version)  3:06
10. «Memory of a Free Festival (Part 1)» (Singel A-side)  4:01
11. «Memory of a Free Festival (Part 2)» (Singel B-side)  3:30
12. «Wild Eyed Boy from Freecloud» (Alternate album mix)  4:45
13. «Memory of a Free Festival» (Alternate album mix)  9:22
14. «London Bye Ta-Ta» (Alternate stereo mix)  2:34
15. «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» (Bowie (musikk), Ivan Mogul (tekst) - Full-length stereo version)  5:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Posisjon
1972 UK Albums chart 17
1972 Australian Kent Report Albums Chart 21
Finland 27
1973 Kanadiske RPM 100 13[29]
1973 US Billboard Pop Albums 16

Singlar

År Singel Liste Plassering
1969 «Space Oddity» UK Singles Chart 5
1969 «Space Oddity» US Billboard Pop Singles 124
1973 «Space Oddity» US Billboard Pop Singles 15
1973 «Space Oddity» Canadian RPM 100 Top Singles Chart 16[30]
1975 «Space Oddity» UK Singles Chart 1

Andre songar i perioden 1969-1970[endre | endre wikiteksten]

Love Song og Life is a Circus[endre | endre wikiteksten]

Då Bowie og Hermione Farthingale gjekk frå kvarandre, fortsette Bowie med Feather ssom ein viseduo i lag med John Hutchinson, og skreiv songar med to-parts harmoni, liknande Simon and Garfunkel, der Hutch song låg stemme og Bowie spelte ei ny rolle som ein pratesjuk musikar som klarte å få publikum til å le mellom songane. Mellom songane Feathers spelte på konsertane sine i februar-april 1969 var Bowie-songane «When I’m Five», «Space Oddity», «Sell Me a Coat» og «Ching-a-Ling», i lag med fleire coversongar, som Jacques Brel sin «Amsterdam» og «Au Suivant» (begge covra av Scott Walker, sistnemnde som «Next»), Leonard Cohen sin «Lady Midnight» og Victor Young sin «A Hundred Years from Today».[31]

Då Hutchinson og Bowie lagde demolydbandet, som gjorde at Bowie fekk kontrakt med Philips/Mercury, i april, spelte dei hovudsakleg nyare Bowie-songar som «Janine». Men det var òg nokre coverversjonar her, som indikerer at Bowie kan ha tenkt på å ta dei med på eit komande album.[31] Dei to songane var «Love Song» og «Life is a Circus».

«Love Song» var skriven av Lesley Duncan og seinare spelt inn av Elton John på albumet hans Tumbleweed Connection i 1970. Duncan hadde hatt ein liknande karriere som Bowie. Ho hadde spelt inn ei rekkje mislykka singlar i 1960-åra, før ho til slutt fekk gjennombrotet sitt på slutten av tiåret då John gav ut «Love Song». Hutchinson syng førstevokal på songen.

Den andre songen, «Life is a Circus» var ein song av den obskure visegruppa Djinn frå Storbritannia (dei står ofte oppført som ei amerikansk visegruppe i Bowie-referansar), leia av Roger Bunn.

Hutchinson hadde kone og barn han måtte fø og forstod kort tid etter at han ikkje kunne leve på å spele dårleg besøkte visekonsertar. Så han forlet Bowie og byrja å arbeide som teknisk teiknar.

Begge songane finst på piratkopiplater som The Beckenham Oddity.

Conversation Piece[endre | endre wikiteksten]

«Converation Piece» handlar om ein mann som bur over ein austerriksk kjøpmann. På teppet hans ligg mange sider med upubliserte essay og han går mykje rundt i gatene og klagar over livet sitt. Han kastar seg mogelegeins utfor ei bru i slutten av songen.[32]

«Conversation Piece» var den siste songen Bowie hadde skrive då han laga demolydbandet sitt i april 1969. Songen skil seg frå dei fleste andre han skreiv på denne tida, som anten var kjærleiksballadar eller mytiske sjølvgranskingar, og er meir lik skildringane av rare personar som ein finn på debutalbumet David Bowie, som «Little Bombardier» eller «She’s Got Medals».[32]

Tittelen på songen «conversation» eller «samtale» er berre ein vond spøk og samtalen føregår berre i hovudet på songaren, og handlar slik om einsemda ein kan kjenne når ein bur i ein storby, omgjeve av mange folk, men likevel aleine.[32] Songen har ein enkel struktur med tre vers, tre åtte taktar lange refreng. I det siste verset nyttar Bowie modulasjon og endrar tonearten opp eit steg.

Studioversjonen av songen vart spelt inn under innspelinga av David Bowie/Space Oddity mellom juli og september 1969 og vart etter kvart gjeven ut som B-sida til «The Prettiest Star» i mars 1970. Det er uklårt kvifor «Conversation Piece» ikkje kom med på Space Oddity-albumet.

Bowie henta fram att «Conversation Piece» i 2000 for det planlagde albumet Toy, som aldri vart noko av, og denne versjonen kom etter kvart ut på ei bonusplate som følgde albumet Heathen i 2002. Han syng songen i eit lågare register utan mykje kjensle.[32] I 2010 vart ein stereomiks av den originale innspelinga gjeven ut på bonusplata som følgde 40-årsjubileumsutgåva av David Bowie-albumet.

The Prettiest Star[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Prettiest Star.

«The Prettiest Star» vart gjeven ut på singel i 1970, som oppfølgjaren til «Space Oddity». Songen vart seinare spelt inn for ny på albumet Aladdin Sane i 1973.

Buzz the Fuzz[endre | endre wikiteksten]

«Buzz the Fuzz» er ein song av Paul «Biff» Rose frå albumet The Thorn in Mrs. Rose's Side i 1968. Biff Rose skreiv òg «Fill Your Heart» som Bowie gav ut på Hunky Dory i 1971. Bowie hadde ein hang for eksentriske artistar, gjerne dei som var lenger ute enn han sjølv, og Biff Rose, ein banjospelande komikar frå New Orleans. Songen vart først spelt av Bowie for BBC den 5. februar 1970, og fortsette å spele songen på konsertane sine fram til 1972, men han spelte aldri inn songen i studio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Space Oddity». AllMusic. 
  2. "David Bowie", rollingstone.com (henta 17. januar 2016).
  3. «David Bowie». Pitchfork. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.28–29
  5. Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.197
  6. Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.198
  7. Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.227
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Chris O’Leary. «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Chris O’Leary. «Letter to Hermione». Pushing Ahead of the Dame. Henta 17. januar 2016. 
  10. 10,0 10,1 Chris O’Leary. «An Occasional Dream». Pushing Ahead of the Dame. Henta 15. januar 2016. 
  11. Chris O’Leary. «God Knows I'm Good». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  12. 12,0 12,1 Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.57
  13. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: s.29
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Chris O’Leary. «Cygnet Committee». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  15. 15,0 15,1 15,2 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.36–79
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 Chris O’Leary. «Wild Eyed Boy From Freecloud». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  17. David Buckley (1999). Ibid: s.79
  18. 18,0 18,1 Christopher Sandford (1996, 1997). Loving the Alien: s.60
  19. Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.141-2
  20. Kevin Cann (2009). Space Oddity tekst i plateomslaget 2009.
  21. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.257
  22. Junior's Eyes discography at Discogs.com
  23. David Bowie and Junior's Eyes BBC recording session at The Illustrated db Discography
  24. Battersea Power Station (Junior's Eyes) Liner Notes, David Wells (2000)
  25. http://timesmachine.nytimes.com/timesmachine/1971/07/11/91304467.html?pageNumber=142
  26. http://robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie
  27. Poulsen, Jan (2007) [2006]. David Bowie – Station til station (på dansk) (2nd utg.). Gyldendal. s. 47. ISBN 978-87-02-06313-4. Henta 17. januar 2016. 
  28. Poulsen (2007), p. 91
  29. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27 July 2011. 
  30. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27 July 2011. 
  31. 31,0 31,1 Chris O’Leary. «The “Bowie & Hutch” Covers». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 Chris O’Leary. «Conversation Piece». Pushing Ahead of the Dame. Henta 18. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]