Toshihide Maskawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
益川 敏英
Toshihide Maskawa

Fødd7. februar 1940 (84 år)
Nagoya i Japan
Død23. juli 2021
BustadJapan
NasjonalitetJapansk
Områdepartikkelfysikk
Yrketeoretisk fysikar, professor, fysikar
InstitusjonarUniversitetet i Tokyo
Kyoto Sangyo University
Universitetet i Nagoya
Universitetet i Kyoto
Kobayashi-Maskawa Institute for the Origin of Particles and the Universe
Alma materUniversitetet i Nagoya
DoktorgradsrettleiarShoichi Sakata
Kjend forOppdaginga av symetribrotet som føreseier at naturen må ha minst tre kvarkefamiliar
MedlemDet japanske akademi
Science Council of Japan

Toshihide Maskawa (fødd 7. februar 1940 ) er ein japansk fysikar som er mest kjend for arbeidet sitt med CP-brot og for at han vart tildelt ein fjerdedel av Nobelprisen i fysikk i 2008 på grunn av oppdaginga hans av «opphavet til broten symmetri som indikerer eksistensen av minst tre familier av kvarkar i naturen».

Han vart uteksaminert frå Nagoya University i 1962 og vart tildelt ein doktorgrad i partikkelfysikk frå same universitet i 1967. Ved universitetet i Kyoto på byrjinga av 1970-talet samarbeidde han tett saman med Makoto Kobayashi med å forklare broten symmetri – òg kjend som CP brudd – i standardmodellen for partikkelfysikk. Maskawa og Kobayashis teori krevde at der var minst tre generasjoner av kvarkar, ein føreseiing som vart stadfesta eksperimentelt fire år seinare med oppdaginga av botnkvarken.

Maskawa var direktør for Yukawa Institutt i for teoretisk fysikk i Japan mellom 1997 og 2003. Han er òg professor emeritus ved Kyoto University og professor ved Kyoto Sangyo University.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]