Hugh David Politzer
Utsjånad
(Omdirigert frå H. David Politzer)
| Hugh David Politzer | |||
| | |||
| Fødd | 31. august 1949 New York by | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Amerikansk | ||
| Område | Fysikk | ||
| Yrke | fysikar, kjernefysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar | ||
| Institusjonar | California Institute of Technology | ||
| Alma mater | The Bronx High School of Science University of Michigan Harvard University | ||
| Doktorgradsrettleiar | Sidney Coleman | ||
| Kjend for | Kvantekromodynamikk Asymptotisk frihet | ||
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (2004) | ||
| Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Physical Society | ||
Hugh David Politzer (fødd 31. august 1949) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyter protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.
Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Politzer» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettside ved Caltech Arkivert 2019-08-27 ved Wayback Machine.
- Hugh David Politzer ved The Internet Movie Database (IMDb)