Patrick M.S. Blackett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Patrick Blackett
Blackett-large.jpg
Patrick Blackett, ca. 1950
Fødd 18. november 1897
London i England
Død 13. juli 1974 (76 år)
London i England
Nasjonalitet Britisk
Institusjonar University of Cambridge
University of London
University of Manchester
Imperial College London
Alma mater Osborne Naval College
Cambridge University
Doktorgradsrettleiar Ernest Rutherford
Doktorgradsstudentar Edward Bullard
Kjend for Tåkekammer
Kosmisk stråling
Paleomagnetisme
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1948)

Patrick Maynard Stuart Blackett, baron Blackett (18. november 189713. juli 1974) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1948 «for utviklinga hans av wilsonkammermetoden, og hans etterfølgjande oppdagingar innan kjernefysisk og kosmisk stråling».[1]

Han var elev av Lord Rutherford og C. T. R. Wilson og var professor ved Birkbeck College i London frå 1933 til 1937. Han etterfølgde L. Bragg som professor i Manchester frå 1937 og frå 1953 var han professor ved Imperial College i London. Frå 1955 til 1963 var han leiar for Physics Department der, og frå 1965 president for The Royal Society of London. Blackett er kjent for vidareutviklinga av tåkekammeret til Wilson og for å bruke dette til undersøkingar av kosmisk stråling. For desse arbeida fekk han i 1948 Nobelprisen i fysikk. Han gjorde òg omfattande undersøkingar av magnetfeltet til jorda.

Under den første verdskrigen var Blackett marineoffiser og deltok mellom anna i slaget ved Jylland. Han var særs brukt som rådgjevar for den britiske regjeringa både i militære og vitskaplege spurnader. Han leia under den andre verdskrigen ein komité som arbeidde med anti-ubåtkrig, luftforsvar og utviklinga av radar.

Etter krigen var Blackett sterkt oppteke av fredsarbeid. Han skreiv mellom anna Atomic Weapons and East–West Relations (1956) og Studies of War (1962). Han vart adla i 1969.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Fear, War, and the Bomb: The Military and Political Consequences of Atomic Energy (1948)
  • Atomic Weapons and East-West Relations (1956)

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1948 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.