Pierre-Gilles de Gennes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pierre-Gilles de Gennes
Pierre-Gilles Rice University.jpg
Pierre-Gilles de Gennes
Fødd24. oktober 1932
Paris i Frankrike
Død18. mai 2007 (74 år)
Orsay i Frankrike
NasjonalitetFransk
OmrådeFaststofffysikk, mjuke materiale
YrkeFysikar
InstitusjonarESPCI
Collège de France
Paris-Sud 11 University
Alma materÉcole Normale Supérieure
DoktorgradsrettleiarCharles Kittel
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1991)
Lorentzmedaljen (1990)
Wolfprisen (1990)
BarnClaire Wyart
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Ukrainas nasjonale vitenskapsakademi
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Australian Academy of Science
Academia Brasileira de Ciências
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Pierre-Gilles de Gennes (24. oktober 1932 18. mai 2007 ) var ein fransk fysikar og nobelprismottakar i fysikk. Han arbeidde hovudsakleg med nøytronspreiing og magnetisme.

Han studerte ved École Normale Supérieure etter å ha fått heimeundervisning i 12 år. Etter studiene jobba han som forskingsingeniør ved Commissariat à l'Energie Atomique.

I 1959 vart han postdoktor ved University of California i Berkeley. Deretter var han dei neste 27 månadane i den franske marinen. I 1961 vart han amanuensis i Orsay. I 1968 byrja han å studere flytande krystall.

Han var direktør ved École Supérieure de Physique et de Chimie Industrielles de la Ville de Paris (ESPCI) frå 1976 til 2002. Han vart tildelt Lorentzmedaljen og Wolf-prisen i 1989. I 1991 fekk han Nobelprisen i fysikk for «å oppdaga at metodar som er utvikla for å studera andre fenomen i enkle system kan generaliserast til meir komplekse materieformer, særskilt til væske-krystallar og polymerar.».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]