Donald A. Glaser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Donald Arthur Glaser
Donald Glaser.jpg
Donald A. Glaser
FøddDonald Arthur Glaser
21. september 1926 (93 år)
Cleveland i Ohio
Død28. februar 2013
Berkeley
NasjonalitetUSA
OmrådeFysikkfysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarUniversity of Michigan
University of California at Berkeley
Alma materCase Western Reserve University i California Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarCarl David Anderson
Kjend forBoblekammer
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1960)
Elliott Cresson-medaljen (1961)
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

Donald Arthur Glaser (21. september 192628. februar 2013) var ein amerikansk fysikar og nevrobiolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1960 «for oppfinninga av boblekammeret».

Glaser fullførte sin Bachelor of science i fysikk og matematikk ved Case Western Reserve University i 1946, og fullførte sin filosofiske doktorgrad i fysikk ved California Institute of Technology i 1949. Han godtok ei stilling som instruktør ved University of Michigan og vart forfremma til professor i 1957. Videre vart han ein del av fakultetet ved University of California, Berkeley som professor i fysikk i 1959. Under denne tida omfatta forskinga hans kortliva elementærpartiklar. Boblekammeret tillet han å observere mønstra og levetida for partiklane.

Frå 1962 endra Glaser forskingsfelt til molekylærbiologi og han starta med eit prosjekt om kreft indusert av ultrafiolett stråling. I 1964 vart han gjeven tilleggstittelen professor i molekylærbiologi. Frå 1989 var Glaser professor i fysikk og nevrobiologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]