Albert Abraham Michelson
Nobelprisen i fysikk
1907
Albert Abraham Michelson (19. desember 1852–9. mai 1931) var ein amerikansk fysikar fødd i dåverande Strelno i Preussen (no Strzelno i Polen)
Han vart utdanna i marinen og var instruktør ved US Naval Academy før han vart tilknytt Nautical Almanac Office til 1883. Tidleg i 1880-åra studerte han ved universiteta i Berlin, Heidelberg og Paris og vart professor i fysikk i Cleveland i Ohio i 1883, i Worcester i Massachusetts i 1890 og ved det nye Chicago University frå 1892. I 1925 slutta han som professor for å arbeide ved Mount Wilson Observatory i Pasadena. Medan han var i Berlin klarte Michelson å måle lyssnøggleiken særs nøyaktig. I 1881 fann han opp eit interferometer og nytta dette i eit forsøk der han viste at lyssnøggleiken målt i forhold til jorda var uavhengig av snøggleiken til jorda.
Han fekk i oppdrag av Den internasjonale komiteen for mål og vekt i å avgjere lengda av den internasonale meterprototypen i Paris i forhold til bølgjelengda av lys frå kadmium. I 1920 fann han ved hjelp av instrumenta sine diameteren til stjerna Betelgeuse, noko han var den første til å klare nøyaktig.
I 1907 fekk han Nobelprisen i fysikk for dei optiske presisjonsinstrumenta sine og dei meteorologiske undersøkingane som vart utført ved hjelp av desse. I 1911 vart han aresdoktor ved Universitetet i Oslo.
Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Albert Abraham Michelson». Store norske leksikon. 17. februar 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1852
- Døde i 1931
- USA-amerikanske fysikarar
- Nobelprisen i fysikk
- Jødiske nobelprisvinnarar
- Folk frå San Francisco
- Eksperimentelle fysikarar
- Optiske fysikarar
- Copleymedaljen
- USA-amerikanske marineoffiserar
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje
- Jødiske vitskapsfolk
- Medlemmar av Royal Society
- Fysikarar på 1800-talet
- Fysikarar på 1900-talet