Hannes Alfvén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hannes Olof Gösta Alfvén
YoungAlfven.jpg
Fødd 30. mai 1908
Norrköping i Sverige
Død 2. april 1995 (86 år)
Djursholm i Sverige
Institusjonar Uppsala universitet
Nobelinstituttet for fysikk
Kungliga Tekniska högskolan
University of California, San Diego
University of Maryland
University of Southern California
Alma mater Uppsala universitet
Kjend for Magnetohydrodynamikk
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1970)

Hannes Olof Gösta Alfvén (30. mai 19082. april 1995 ) var ein svensk fysikar. Han blei tildelt Nobelprisen i fysikk i 1970 for arbeid innan magnetohydrodynamikk. Han var opphavleg elektroingeniør og arbeidde innan kraftforsyning. Seinare gjekk han over til forsking, og han har medverka sterkt på fleire felt innan plasmafysikken: oppførselen til nordlyset, van Allen-belta, magnetiske stormar, jordas magnetosfære og plasmadynamikk i Mjølkevegen.

Alfvén fekk doktorgraden sin ved Uppsala universitet i 1934. Avhandlinga heitte «Investigations of the Ultra-short Electromagnetic Waves» (Undersøkingar om ultrakorte elektromagnetiske bølgjer). Etter å ha undervist både i Uppsala og Stockholm, fekk han i 1940 fast vitskapleg stilling i elektromagnetisk teori og elektriske målingar ved Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm. I 1945 blei han utnemnd til professor i elektronikk. Tittelen blei endra til professor i plasmafysikk i 1963.

I 1954-55 var Alfvén Fulbright-stipendiat ved University of Maryland, College Park. I 1967 flytta han - etter å tilbakt ein periode i Sovjetunionen - til USA der han arbeidde ved University of California, San Diego og University of Southern California. Han fortsette derimot å inneha professoratet i Sverige fram til han pensjonerte seg i 1991.

Alfvén hadde ein omfattende vitskaplege karriere. Han er mest kjend for å ha grunnlagt og utvikla magnetohydrodynamikken. Han påviste fleire fenomen, som har fått namn etter han :

Han lukkast på ein enkel måte å skildre korleis ionisert gass, plasma, oppfører seg. Han meinte at det var upraktisk å nytte Störmers baneteori til å berekne partikkelbanar, særleg i det energiområdet der nordlyset ligg. Dette førde til at han utvikla «guiding-center»-tilnærminga som eit verktøy for rørsla til ladde partiklar i eit elektromagnetisk felt.

Alfvén oppdaga vidare den første isentrope invarianten av rørsle hos ladde partiklar. Han var særs inspirerande for sine medarbeidarar. Han kunne lynraskt trekkje slutningar ut frå nye eksperimentelle data, og med usvikeleg intuisjon fastslo han kva for problem som stod for tur til å bli angripe. Derigjennom etablerte han magnetohydrodynamikken både som eit eige fagfelt og som ein ny ressurs for fysikken generelt. Det er vanskeleg i dag å førestille seg arbeid innan plasmafysikken som ikkje nyttar verktøy Alfvén utvikla.

Det var for desse «grundläggande insatser och upptäckter inom magnetohydrodynamiken med fruktbärande tillämpningar inom olika områden av plasmafysiken» at han vart tildelt nobelprisen i fysikk i 1970.

Alfvén engasjerte seg òg i andre fagfelt, som energiforsyning i kosmologi og samfunnsdebatt om dette. Han hadde eigne idear om kosmologi som han utvikla saman med Oskar Klein, og som i USA, som han tilbrakte sine siste forskerår i, førde til at Klein-Alfvéns kosmologi i hovudsak blir forbunde med Alfvéns nyord ambiplasma. I fellesskap utvikla dei idene som var alternative modellar til både Big Bang og steady state-teorien med antimaterie mot koinomaterie i ein «metagalakse».

Alfvén argumenterte sterkt mot bruk av kjernekraft, og dette reknast som ei sentral årsak til at Thorbjörn Fälldin i Centerpartiets statsministerkandidat ved valet i 1976, inntok same standpunkt.

Alfvénlaboratoriet ved Kungliga Tekniska högskolan vart grunnlagt i 1990, og er kalla opp etter Hannes Alfvén. Det samen er asteroiden 1778 Alfvén.

Han var far til forfattaren Inger Alfvén, nevø av komponisten Hugo Alfvén og fetter av skodespelaren Margita Alfvén.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]