Chen Ning Yang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chen Ning Franklin Yang
楊振寧
CNYang.jpg
Chen Ning Yang
Fødd 1. oktober 1922
Hefei i Anhui i Kina
Bustad Kina
Nasjonalitet Amerikansk (1964–)
Område Fysikk
Institusjonar Institute for Advanced Study
Stony Brook University
Chinese University of Hong Kong
Tsinghuauniversitetet
University of Chicago
Alma mater National Southwestern Associated University
Tsinghuauniversitetet
University of Chicago
Doktorgradsrettleiar Edward Teller
Doktorgradsstudentar Bill Sutherland,
Alexander Wu Chao,
C.K. Lai
Kjend for Paritet
Yang-Mills-teorien
Yang-Baxter-ligningen
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1957)
Rumfordmedaljen (1980)
National Medal of Science (1986)
Albert Einstein-medaljen (1995)

Chen Ning Franklin Yang (楊振寧 pinyin: Yáng Zhènníng) (fødd 1. oktober 1922 ) er ein kinesisk-amerikansk fysikar.

Yang er kjend for teoretiske undersøkingar av symmetriprinsipp og for arbeid innan statistisk mekanikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1957 saman med Tsung-Dao Lee for teoriane deira om at den svake vekselverknaden ikkje hadde paritetssymmetri (speglsymmetri). Chien-Shiung Wu stadfesta teorien eksperimentelt.

Han tok utdanninga si i Kunming. Frå 1946 studerte han hos E. Fermi ved University of Chicago, og vart i 1949 knytt til Institute for Advanced Study ved Princeton. Frå 1955 til 1965 var han professor same stad, og sidan 1966 Albert Einstein-professor ved State University of New York i Stony Brook.

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]