Brian P. Schmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brian P. Schmidt
Brian Schmidt portrait 1.jpg
Fødd24. februar 1967
Missoula
NasjonalitetUSA, Australia
Områdeastrofysikk
Yrkeastronom, professor, forskar, fysikar
InstitusjonarMount Stromlo-observatoriet
Australian National University
Australian National University
Alma materHarvard University
University of Arizona
DoktorgradsrettleiarRobert Kirshner
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Australian Academy of Science

Brian P. Schmidt (fødd 24. februar 1967) er ein australsk astrofysikar ved Mount Stromlo Observatory i Australia, kjend for forskinga si innan ekspansjonen til universet med hjelp av supernovaer. I 2011 vart Schmidt tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[1] Schmidt delte halvparten av prisen med Adam G. Riess, medan Saul Perlmutter vart tildelt den andre halvparten.

Brian Schmidt tar imot Shawprisen i astronomi 2006 saman med Adam Riess og Saul Perlmutter.

Saman med Adam Riess leia Schmidt High-z Supernova Search Team, den eine av de to forskargrupper som i 1998 samstundes oppdaga at ekspansjonen til universet akselererer.[2] Den oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi og oppdaginga vart utnemnd til «Breakthrough of the Year» av tidsskriftet Science 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html
  2. {{Kjelde artikkel |forfattar = Adam G. Riess et al. ([[Supernova Search Team|}}|utgivelsesdato = 1998|tittel = Observational evidence from supernovae for an accelerating universe and a cosmological constant|publikasjon = Astronomical J.|nummer= 116|side = 1009–38|url = http://www.arxiv.org/abs/astro-ph/9805201%7Cdoi = 10.1086/300499}}