Georges Charpak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georges Charpak
CHARPAK Georges-24x50-2005b.jpg
Georges Charpak i 2005
Fødd1. august 1923
Davrovica i noverande Ukraina, dåverande Polen
Død29. september 2010 (87 år)
Paris i Frankrike
NasjonalitetPolsk og Fransk
Områdepartikkelfysikk
Yrkefysikar, skribent, fransk motstandskjemper
InstitusjonarCERN
Alma materLycée Saint-Louis
École des mines de Paris
Kjend forTrådkammer
MedlemDet franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Det austerrikske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Académie nationale de médecine

Georges Charpak (1. august 1924 29. september 2010 ) er ein polsk-fransk fysikar.

Charpak vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1992 for oppfinninga hans og utviklinga av partikkeldetektorar, spesielt trådkammeret.

Oppfinninga til Charpak mogleggjorde oppdaginga av særs kortliva og sjeldne partiklar. Detektoren leverer data direkte til tilkopla datamaskiner som kan analysere store mengder data. Dette gjer det mogeleg å studere forløp med både større oppløysing og tettare tidsintervall enn det som tidlegare var mogeleg med for døme boblekammer.

Charpak tok doktorgrad i kjernefysikk ved Collège de France i Paris i 1954, og byrja å jobbe ved CERN i Geneve i 1959. I 1984 vart han Joliot-Curie professor ved École Supérieure de Physique eit Chimie i Paris, og i 1985 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georges Charpak