James Franck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Franck
James Franck.jpg
Fødd 26. august 1882
Hamburg i Det tyske keisarriket
Død 21. mai 1964 (81 år)
Göttingen i Vest-Tyskland
Nasjonalitet Tyskland, USA
Yrke fysikar, universitetslærar
Institusjonar Johns Hopkins University
Universitetet i Göttingen
University of Chicago
Alma mater University of Heidelberg
Universitetet i Berlin
Doktorgradsrettleiar Emil Warburg
Kjend for Franck-Condon-prinsippet
Franck-Hertz-eksperimentet
Medlem Royal Society
Akademie der Wissenschaften der DDR
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Göttingen Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

James Franck (26. august 188221. mai 1964) var ein tysk-fødd fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med Gustav Hertz «for oppdaginga deira av lovene som regulerer verknaden av eit elektron på eit atom».[1] Høyreapparatet representerte eit praktisk bruksområde av dei forskingsresultata Franck fekk Nobelprisen for.

Franck studerte i Heidelberg og Berlin (under Paul Drude og Heinrich Rubens) og vart løna med ein doktorgrad i 1906. I 1911 vart han dosent i fysikk i Berlin, i 1981 medlem av Kaiser-Wilhelms-Institut für physikalische Chemie og i 1920 professor i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Göttingen. Etter at nazistane tok over makta flytta han til USA etter eitt års opphald hos Niels Bohr i København, og vart der ein del av Manhattanprosjektet.

Francks mange arbeid innan atomfysikken omfatta mellom anna undersøkingar rundt dei spenningane som må til for ioniseringa av hydrogenmolekylet, saman med Gustav Hertz i 1913. Dei omfatta òg dei atoma som gjennom elektronstøyt framkalla modifikasjonene som syner seg gjennom fluorescensspektrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1925 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.