Charles K. Kao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Kuen Kao
高錕
Charles K. Kao cropped 2.jpg
Fødd 4. november 1933 (84 år)
Shanghai i Kina[1]
Bustad Shanghai i Kina (1933–1948)
Hongkong
England (1952–1970)
USA
Nasjonalitet Amerikansk
Britisk[1]
Område Optikk
ElektroteknikkElektrofag
Yrke fysikar, ingeniør, forskar, oppfinnar, entrepenør
Institusjonar Chinese University of Hong Kong
ITT Corporation
Standard Telephones and Cables
Alma mater University College London
Woolwich Polytechnic
St. Joseph's College, Hongkong (1952)
Doktorgradsrettleiar Harold Barlow
Kjend for Fiberoptikk
Fiberoptisk kommunikasjon
Telekommunikasjon
Utmerkingar IEEE Morris N. Liebmann Memorial-prisen (1978)
IEEE Alexander Graham Bell-medaljen (1985)
Marconiprisen (1985)
Faradaymedaljen (1989)
Japanprisen (1996)
Nobelprisen i fysikk (2009)
Medlem Royal Society
Institute of Electrical and Electronics Engineers
Det europeiske akademiet for vitskap og kunst
Det kinesiske vitenskapsakademi
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Academia Sinica
National Academy of Engineering

Charles K. Kao (fødd 4. november 1933) er ein pioner innan utvikling og bruk av fiberoptikk innan telekommunikasjon. Kao blir allment rekna som grunnleggaren av fiberoptikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2009 på grunn av sin «banebrytande innsats vedrøyrende overføring av lyset innan optisk fiber for kommunikasjon».

Han fullførte vidaregåande opplæring i 1952 ved St. Joseph's College i Hongkong. Han gjorde studiane sine på lågare grad innan elektroteknikk ved University of Greenwich og tok bachelorgrad ved University of London.

Kao var visekanslar ved det kinesiske universitetet i Hongkong frå 1987 til 1996. Etter han slutta ved CUHK i 1996 tok Kao ein 6 månader lang pause ved Imperial College London Department of Electric and Electronic Engineering.

Kao jobba deretter som styreformann og administrerande direktør i Transtech Services Ltd, eit telekommunikasjon konsulentselskap i Hongkong. Han var òg grunnleggar, styreformann og administrerande direktør i ITX Services Limited. Frå 2003 til 2009 var Kao uavhengig styremedlem og medlem av Revisjonskomiteen av Neste Media.

Sidan 1991 har Kao vore uavhengig styremedlem og medlem av revisjonskomiteen i Varitronix International Limited som ligg i Hongkong. I 2000 grunnla Kao Independent Schools Foundation Academy (ISF), som ligg i Cyberport i Hongkong.

Kao vart diagnostisert med Alzheimers sykdom tidleg i 2004 og utvikla talevanskar. Kao og kona han ønskte å donere ein del av premiepengane han vart tildelt i samband med Nobelprisen til forsking på aldring og omsorg.

Kao vart i 2010 utnemnd til riddarkommandør av Order of the British Empire for fortenestene innan fiberoptikk og kommunikasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The Nobel Prize in Physics 2009 - Press Release. Nobel Foundation. 2009-10-06. Henta 23. feb 2012. 
  2. Queen's Birthday Honours List 2010, directgov.gov.uk,