Igor Tamm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Igor Tamm
Игорь Евгеньевич Тамм

Igor Tamm
Fødd8. juli 1895
Vladivostok i Det russiske keisardømet
Død12. april 1971 (75 år)
Moskva i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk i Sovjetunionen
NasjonalitetSovjetisk
Områdeteoretisk fysikk
Yrketeoretisk fysikar, oppfinnar, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarMoskvas institutt for fysikk og teknologi
Statsuniversitetet i Moskva
Alma materStatsuniversitetet i Moskva
DoktorgradsrettleiarLeonid Mandelstam
Kjend forTsjerenkoveffekten
Tamm–Dancoff-tilnærminga
EktefelleNataliya Shuyskaya
BarnJevgeni Igorevitj Tamm
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det russiske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det polske vitenskapsakademi

Nobelprisen
Nobelprisen i fysikk
1958

Igor Tamm som motiv på russisk frimerke frå 2000.

Igor Jevgenjevitsj Tamm[a] (8. juli 189512. april 1971) var ein sovjetisk fysikar, kjend for arbeid innan kvantefysikk, strålingsteori, plasmafysikk og kjernefysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov og Ilja M. Frank for oppdaginga og tolkinga av Tsjerenkoveffekten.[1]

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Tamm vart fødd i Vladivostok i Russland i 1895. Bestefaren, Teodor Tamm, hadde emigrert frå Thüringen i Tyskland til Russland.[2], og fleire kjelder oppgjev at han var jøde.[3][4][5][6][7] Foreldra heitte Olga og Evengij og faren var sivilingeniør.[8] Han studerte fysikk på gymnaset i Elisavetgrad (nå Kropyvnytskyj) i Ukraina.[8] Åra 1913-14 studerte han ved universitetet i Edinburgh.[2][8]

Under fyrste verdskrig deltok han som frivillig i saniteten i den raude hæren. Han tok aktivt del i revolusjonsrørsla i 1917 som krigsmotstandar og under marsrevolusjonen var han med i fleire revolusjonskomitéar. Sidan fullførte han fysikkstudia ved statsuniversitetet i Moskva i 1918.[2]

Tamm gifta seg med Natalija Sjujskaja i september 1917; dei fikk to barn, Irina (1921-2009) som vart kjemikar, og Evengij (1926-2008), som vart fysikar og fjellklatrar. Evengij leia den sovjetiske ekspedisjonen til toppen av Mount Everest i 1982.[9]

I 1919 var han lærer ved i fysikk i SimferopolKrim, og seinare ved det polytekniske institutt i Odessa.[2]

1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt, Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.[10] På denne tida var han oppslukt av fysikk, han skreiv i eit av breva sine at fysikk var alt han tenkte på, i tillegg roste han Albert Einstein for relativitetsteorien.[2] I 1928 var han eit par månader med Paul Ehrenfest ved Universitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet ved Lebedev-instituttet.

Under andre verdskrigen var han fysikar for staten og utvikla teorien om atomkjernen og elementærpartiklane, i samband med utviklinga av hydrogenbomba. Mellom 1949 og 1953 budde han i «den hemmelege byen» Sarov som leiar av ei gruppe som skulle utvikle ei hydrogenbombe, men han slutta arbeidet der kort tid etter den fyrste hydrogenbomba var detonert,[2][11] og for attende til Lebedev-instituttet i Moskva.

I 1934 foreslo Tamm og Semjon Altsjuller at nøytron har ei magnetisk rørsle som ikkje er lik null.[12][13] Ideen vart møtt med skepsis, sidan nøytronet skulle vera ein elementærpartikkel utan ladning, og difor ikkje kunne han noko magnetisk rørsle. Same år la Tamm fram ideen om at proton-nøytron-interaksjonar kunne forklarast med ei utveksling av energi via ein då ukjent, men stor partikkel.[14][15] Denne ideen vart seinare utvikla vidare av Hideki Yukawa til teorien om mesonkrefter.[14][15]

Han var ateist.[16][17]

Tamm døydde 12. april 1971 og vart gravlagt på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.[18]

Krateret Tammmånen han namn etter han.[19]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Игорь Евгеньевич Тамм

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.nobelprize.org. «The Nobel Prize in Physics 1958» (på engelsk). Henta 5. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 http://www.peoples.ru. «Биография Игорь Тамм» (på russisk). Henta 5. oktober 2015. 
  3. Marshall Sklare (1982). Understanding American Jewry. s. 108. ISBN 978-0-87855-454-6. 
  4. Joan Comay; Lavinia Cohn-Sherbok (2002). Who's who in Jewish history: after the period of the Old Testament. Routledge. s. 362. ISBN 978-0-415-26030-5. 
  5. Bernard S. Schlessinger (1996). The who's who of Nobel Prize winners, 1901–1995. Oryx Press. s. 201. 
  6. Ioan Mackenzie James (2009). Driven to innovate: a century of Jewish mathematicians and physicists. Peter Lang Publishers. s. 262. ISBN 978-1-906165-22-2. 
  7. Wentzel Van Huyssteen (2003). Encyclopedia of Science and Religion, Volume 2. MacMillan Reference USA. s. 493. 
  8. 8,0 8,1 8,2 http://n-t.ru (24. juli 1999). «ТАММ, Игорь Евгеньевич» (på russisk). Henta 5. oktober 2015. 
  9. «Mountaineering, climbing. January - February 2008 news» (på engelsk). www.russianclimb.com. Henta 5. oktober 2015. 
  10. Evgenij Lʹvovitsj Feinberg, Reminiscences about I. E. Tamm (1987)
  11. Andrei Sakharov. Memoirs. Hutchinson. ISBN 0091746361. 
  12. Tamm, Igor Jevgenjevitsj og Alshuler, Semjon, Magnetic moment of a neutron, Reports of the Academy of Science USSR, s. 1, 8, 455 (1934) (russisk)
  13. Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Nuclear Magnetic Moments and the Properties of the Neutron». Nature 134 (3384): 380. doi:10.1038/134380b0.  (engelsk)
  14. 14,0 14,1 Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Exchange Forces between Neutrons and Protons, and Fermi's Theory». Nature 133 (3374): 981. doi:10.1038/133981a0.  (engelsk)
  15. 15,0 15,1 Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Interaction of Neutrons and Protons». Nature 134 (3400): 1010. doi:10.1038/1341010c0.  (engelsk)
  16. V. L. Ginzburg (2005). About Science, Myself and Others. CRC Press. s. 253. ISBN 9780750309929. 
  17. E. L. Feinberg (2011). Physicists: Epoch and Personalities (2 edition). World Scientific. s. 86. ISBN 9789812834164. 
  18. nd.m-necropol.ru. «Новодевичье кладбище. Тамм Игорь Евгеньевич (1895-1971)» (på russisk). Henta 5. oktober 2015. 
  19. «Planetary Names: Crater, craters: Tamm on Moon». planetarynames.wr.usgs.gov. Henta 4. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]