Max Planck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Planck

Max Karl Ernst Ludwig Planck ((23. april 18584. oktober 1947) var ein tysk fysikar. Han er rekna som grunnleggjaren av kvantemekanikken, og fekk Nobelprisen i fysikk for dette i 1918.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Planck var fødd i Kiel i ein intellektuell familie av teologar og juristar. Han hadde talent for musikk, men valde å studera fysikk, først ved Ludwig-Maximilians-Universität München i München og deretter ved Humboldt-Universität zu Berlin i Berlin.

Familie[endre | endre wikiteksten]

I mars 1887 gifta han seg med Marie Merck (1861-1909), søster av ein skulekamerat. Dei busette seg i Kiel og fekk fire barn saman: Karl (1888-1916), tvillingane Emma (1889-1919) og Grete (1889-1917) og Erwin (1893-1945). Sidan flytta dei til ein villa i Berlin-Grunewald, der fleire vitskapsfolk møttest, til dømes Lise Meitner, Otto Hahn og Albert Einstein. Teologen Adolf von Harnack, som budde i nabolaget, blei ein nær venn.

Marie døydde i 1909, kanskje av tuberkulose. I mars 1911 gifta Planck seg på nytt med Marga von Hoesslin (1882-1948), og same året fekk dei sonen Hermann. Sonen Karl fall under første verdskrigen, medan Erwin blei teken i krigsfangenskap av franskmennene. Dei to døtrene døydde i barsel med få års mellomrom. I 1944 mista Planck heimen og alt sitt vitskaplege arbeid i eit bombeåtak. Året etter blei sonen Erwin arrestert av Gestapo og avretta for medverking i 20. juli-attentatet mot Hitler. Planck tok dette siste tapet tungt. Han flytta med kona og den gjenlevande sonen til Göttingen, der han døydde to år seinare.

Verk[endre | endre wikiteksten]

I 1899 fann Planck ein ny grunnleggjande konstant, kjend som Plancks konstant. Dette er ein naturkonstant og gjev mellom annan energien til eit foton. Konstanten blei innført ved utrekninga av energispekteret til termisk stråling, Plancks strålingslov. Han er også opphav til omgrepet Planck-tid, som er den minste tidseininga som gjev mening.

Planck blei rektor ved Humboldt-Universität zu Berlin i 1930. Frå 1930 til 1937 var han leiar for Kaiser-Wilhelm-Gesellschaft zur Förderung der Wissenschaften (KWG).

Etter at Planck døydde i 1947 blei KWG døypt om til Max-Planck-Gesellschaft zur Förderung der Wissenschaften (MPG).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Max Planck
Spire Denne fysikkartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.