Raymond Davis jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raymond Davis, Jr.
Raymond Davis, Jr 2001.jpg
Davis ved Brookhaven National Laboratory i 1978
Fødd14. oktober 1914
Washington, D.C. i USA
Død31. mai 2006 (91 år)[1][2]
Blue Point i New York i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdekjemi
Yrkefysikar, kjemikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Pennsylvania
Alma materUniversity of Maryland
Yale University
Kjend forNøytrinoar
BarnAndrew M. Davis
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Raymond Davis jr. (14. oktober 191431. mai 2006) var ein amerikansk kjemikar. Han tok doktorgrad i kjemi ved Yale University i Connecticut i 1942, og var professor ved Department of Physics and Astronomy ved University of Pennsylvania.

Davis jr. vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2002 «for banebrytande innsats innan astrofysikken, spesielt for deteksjon av kosmiske nøytrinoar». Han delte halvparten av prispengane med japanaren Masatoshi Koshiba, medan den andre halvparten vart tildelt amerikanaren Riccardo Giacconi.

Raymond Davis jr. konstruerte ein nøytrinodetektor som bestod av ein stor tank med 600 tonn væske, plassert djupt nede i ei gruve. I løpet av tretti år lukkast han i å fange totalt 2 000 nøytrinoar frå sola og kunne dermed bevise at solenergien kjem frå fusjon. I ein annan gigantisk detektor, kalla Kamiokande, kunne ei gruppe forskarar leia av Masatoshi Koshiba stadfestet resultatet til Davis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kenneth Chang (2 June 2006). «Raymond Davis Jr., Nobelist Who Caught Neutrinos, Dies at 91». The New York Times. Henta 10. oktober 2007. 
  2. David B. Caruso (2 June 2006). «Raymond Davis, who detected elusive solar particles, dies at 91». The Boston Globe. Henta 23. februar 2012.