Wolfgang Ketterle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Ketterle
Ketterle.jpg
Wolfgang Ketterle
Fødd21. oktober 1957 (60 år)
Heidelberg i Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Alma materHeidelberg
TUM
LMU
Max Planck Institute of Quantum Optics
DoktorgradsrettleiarHerbert Walther
Hartmut Figger
Kjend forBose-Einstein-kondensasjon
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Physical Society

Wolfgang Ketterle (fødd 21. oktober 1957) er ein tysk fysikar.

Ketterle vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2001, saman med amerikanarane Carl Wieman og Eric Allin Cornell, for oppnåinga av Bose-Einstein-kondensasjon i fortynna gassar av alkaliatom og for tidlege fundamentale studiar av eigenskapane til kondensat.

I 1924 gjorde den indiske fysikaren Bose viktige teoretiske berekningar på lyspartiklar. Han sendte resultata til Einstein, som utvida teorien til ein viss type atom. Einstein føresåg at dersom ein kjøler ned ein gass av slike atom ved særs låge temperaturar, ville alle atoma brått samlast i lågast mogeleg energitilstand. Prosessen liknar den når væskedråpar dannast frå ein gass, og kallast derfor kondensasjon (Bose-Einstein-kondensasjon). Først i 1995 lukkast Cornell og hans medarbeide å oppnå denne ekstreme materietilstanden. Cornell og Wiemann fekk deretter fram eit rent kondensat på rundt 2 000 rubidiumatom ved 20–nK (nanokelvin), dvs 0,000 000 02 grader over det absolutte nullpunktet.

Ketterle tok doktorgrad i fysikk i 1986, ved Ludwig-Maximilians-Universität München og Max-Planck-Institut for kvanteoptikk i Garching. Han er no professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]