Charles Thomson Rees Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Thomson Rees Wilson

Fødd14. februar 1869
Glencorse
Død15. november 1959
Carlops
NasjonalitetStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefysikk, meteorologi
Yrkefysikar, meteorolog, universitetslærar, kjemikar, reisende lærd
InstitusjonarCavendish Laboratory
University of Cambridge
Alma materUniversity of Manchester
University of Cambridge
Sidney Sussex College
Bradford Grammar School
DoktorgradsrettleiarJ.J. Thomson
EktefelleJessie Fraser
MedlemRoyal Society

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1927

Charles Thomson Rees Wilson (14. februar 186915. november 1959) var ein skotsk fysikar og kjemikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 for metoden hans å gjere banane til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp. Han delte prisen med Arthur Holly Compton som fekk prisen for oppdaginga av comptoneffekten.

Etter at faren hans døydde i 1873, flytta familien til Manchester. Wilson vart utdanna ved Owen's College der han studerte biologi for å bli lege. Han flytta så til Sidney Sussex College i Cambridge, der han vart interessert i fysikk og kjemi. Etter dette vart Wilson spesielt interessert i meteorologi, og i 1893 byrja han å studere skyer og eigenskapane deira. For ei tid jobba han ved observatoriumet ved Ben Nevis, der han utførte observasjonar av skyformasjonar. Han freista så å reprodusere desse effektane i ein mindre skala ved å utvide fuktig luft i ein forsegla behaldar ved laboratoriet i Cambridge. Seinare eksperimenterte han med å skape spor av skyer årsaka av ion og stråling. For oppfinninga av tåkekammeret vart han tildelt Nobelprisen i 1927.

I 1908 gifta Wilson seg med Jessie Frasar i 1908, dotter av ein prest frå Glasgow, og paret hadde fire born. Han døydde i nærleiken av Edinburgh, omgjeven av familien sin.

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]