Theodor Hänsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Theodor W. Hänsch)
Hopp til navigering Hopp til søk
Theodor Hänsch

Theodor Wolfgang Hänsch (fødd 30. oktober 1941) er ein tysk fysikar som er tildelt Nobelprisen i fysikk for 2005.

Hänsch er fødd i Heidelberg i Tyskland, der han tok doktorgrada i fysikk. Frå 1972 til 1986 var han tilsett ved Stanford-universitetet i California. Deretter vende han tilbake til Tyskland for å leia Max Planck-instituttet for kvanteoptikk, ei stilling han framleis har. Han er òg tilsett som professor for eksperimentell fysikk og laser-spektrografi ved Ludwig-Maximilians-universitetet i München.

Hänsch blei heidra med Gottfried Wilhelm Leibniz-prisen, den høgast hengande tyske vitskapsprisen, i 1989. I 2005 fekk han Otto Hahn-prisen, og same året delte han halve Nobelprisen i fysikk med John L. Hall, medan Roy Glauber fekk den andre halvparten.

Ein student av Hänsch, Carl E. Wieman, vann prisen i 2001.