Bertram Brockhouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bertram Neville Brockhouse
Bertram Brockhouse.jpg
Fødd15. juli 1918
Lethbridge i Alberta
Død13. oktober 2003 (85 år)
Hamilton i Ontario
NasjonalitetFlag of Canada.svg Canada Kanadisk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarMcMaster University
Alma materUniversity of British Columbia
University of Toronto
Kjend forForsking på nøytron
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Royal Society of Canada
American Physical Society

Bertram Neville Brockhouse (15. juli 191813. oktober 2003) var ein fysikar frå Canada som fekk Nobelprisen i fysikk i 1994 saman med amerikanaren Clifford Shull, for forskinga si på nøytron.

Han tok Bachelor of Arts ved University of British Columbia i 1947, og ved University of Toronto tok han Master of Arts i 1948 og dr.philos. i 1950. Arbeidet som førte til Nobelprisen vart utført mellom 1950 og 1962 då han arbeidde ved Chalk River Nuclear Laboratory, som drives av Atomic Energy of Canada. Han var professor ved McMaster University i Ontario i Canada frå 1962 til 1984.

Han har fått to gater kalla opp etter seg, «Brockhouse Way» på McMaster University i 2005, og «Brockhouse Way» i Deep River i Ontario. Han har òg fått ein medalje kalla opp etter seg; «Brockhouse Medal», som vert gjeve ut kvart år av Canadian Association of Physicists.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]