James Rainwater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leo James Rainwater

Fødd9. desember 1917
Council i Idaho
Død31. mai 1986 (68 år)
New York by
NasjonalitetUSA
Områdeatomfysikk
Yrkefysikar, kjernefysiker, universitetslærar
InstitusjonarColumbia University
Alma materColumbia University
California Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarJohn R. Dunning
MedlemAmerican Physical Society
National Academy of Sciences
American Association for the Advancement of Science

Leo James Rainwater (9. desember 1917 31. mai 1986) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar.

Saman med Aage Niels Bohr og Ben Mottelson vart han tildelt Nobelprisen i fysikk i 1975 for oppdaginga av sambandet mellom kollektive rørsler og partikkelrørsler i atomkjerner, samt den derpå baserte utviklinga av teorien for strukturen ti atomkjernen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rainwater vart fødd i Council i Idaho, men flytta etter faren døydde i 1918 til Hanford i California. Han tok kandidateksamen i fysikk ved California Institute of Technology i 1939 og fortsette studiene ved Columbia University, der han doktorerte i 1946. Under andre verdskrigen arbeidet han på atombombeprosjektet. I 1949 byrja han å utarbeide teorien om at ikkje alle atomkjerner, i motsetnad til den allmenne oppfatninga, var sfæriske. Ideane hans vart seinare testa og stadfesta av eksperimenta til Bohr og Mottelson.

Rainwater medverka òg til den vitskaplege forståinga av røntgenstråling og deltok i prosjekt frå United States Atomic Energy Commission m.m. Han slutta seg til fysikkfakultetet ved Columbia i 1946 og vart professor same stad i 1952. I 1963 vart Rainwater tildelt Ernest Orlando Lawrence Award. Han vart utnemnd til Pupin Professor of Physics i 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]