Jack Kilby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jack Kilby

Fødd8. november 1923
Jefferson City i Missouri i USA
Død20. juni 2005 (81 år)
Dallas i Texas i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk, elektroteknikk
Yrkeoppfinnar, universitetslærar, informatikar, fotograf, ingeniør, fysikar
InstitusjonarTexas Instruments
Alma materUniversity of Illinois i Urbana-Champaign
University of Wisconsin–Milwaukee
University of Wisconsin–Madison
Great Bend High School

Nobelprisen
Nobelprisen i fysikk
2000

Jack St. Clair Kilby (8. november 192320. juni 2005) var ein amerikansk fysikar og vinnar av Nobelprisen i fysikk i år 2000. Han vart tildelt prisen «for bidraget hans til oppfinninga av den integrerte kretsen» (mikrobrikka). Han vart tildelt halve prissummen, og den andre halvparten gjekk til tyske Herbert Kroemer og russiske Zjores Alfjorov «for utvikling av halvleiarheterostrukturar brukt i høgsnøggleiks- og optoelektronikk».

Kilby fekk ein bachelor of science frå University of Illinois at Urbana-Champaign der han er æresmedlem av Acacia Fraternity, og i 1947 fekk han ei grad i elektroteknikk. Han tok vidare ein mastar of science i elektroteknikk frå University of Wisconsin i Milwaukee samstundes som han jobba ved Centralab i Milwaukee.

Kilby var tilsett ved Texas Instruments sidan 1958 og professor ved Texas A&M University 1978-85.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]