Eric Allin Cornell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eric Allin Cornell
Cornell crop.jpg
Eric Cornell
Fødd 19. desember 1961 (52 år)
Palo Alto i California i USA
Bustad Boulder i Colorado i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar University of Colorado
National Institute of Standards and Technology
Alma mater Massachusetts Institute of Technology (MIT)
Stanford University
Kjend for Bose-Einstein-kondensasjon
Utmerkingar Lorentzmedaljen (1998)
Nobelprisen i fysikk (2001)

Eric Allin Cornell (fødd 19. desember 1961) er ein amerikansk fysikar.

Cornell vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2001, saman med tyskaren Wolfgang Ketterle og landsmannen Carl E. Wieman, for oppnåinga av Bose-Einstein-kondensasjon i fortynna gassar av alkaliatom og for tidlege fundamentale studiar av eigenskapane til kondensat.

I 1924 gjorde den indiske fysikaren Bose viktige teoretiske berekningar på lyspartiklar. Han sendte resultata til Einstein, som utvida teorien til ein viss type atom. Einstein føresåg at dersom ein kjøler ned ein gass av slike atom ved særs låge temperaturar, ville alle atoma brått samlast i lågast mogeleg energitilstand. Prosessen liknar den når væskedråpar dannast frå ein gass, og kallast derfor kondensasjon (Bose-Einstein-kondensasjon).

Først i 1995 lukkast Cornell og hans medarbeidarar å oppnå denne ekstreme materietilstanden. Cornell og Wiemann fekk deretter fram eit rent kondensat på rundt 2 000 rubidiumatom ved 20–nK (nanokelvin), dvs 0,000 000 02 grader over det absolutte nullpunktet.

Uavhengig av Cornell og Wiemans arbeid, gjorde Ketterle tilsvarande eksperiment på natriumatom. Kondensatet som han lukkast i å framstille inneheldt fleire atom og kunne derfor brukast til å undersøke fenomenet nærmare. Ved hjelp av to separate kondensatorar, som fekk ekspandere inn i kvarandre, kunne ein få fram særs tydelege interferensmønster. Dette eksperimentet viste altså at kondensaten inneheldt koordinerte atom.

Cornell tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1990. Han var forskar ved National Institute of Standards and Technology (NIST) og seinare professor ved University of Colorado.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]