Owen Chamberlain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Owen Chamberlain
Owen Chamberlain.jpg
Owen Chamberlain.
Fødd10. juli 1920
San Francisco i California i USA
Død28. februar 2006 (85 år)
Berkeley i California i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
University of California, Berkeley
Alma materDartmouth College
University of California, Berkeley
University of Chicago
DoktorgradsrettleiarEnrico Fermi
Kjend forPartikkelfysikk
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Owen Chamberlain (10. juli 192028. februar 2006) var ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1959 saman med italieneren Emilio Segrè «for oppdaginga deira av antiproton».

Han studerte fysikk ved Dartmouth College der han var medlem av Theta Chi Fraternity og ved University of California, Berkeley. Han vart verande på skulen fram til starten av andre verdskrigen og vart ein del av Manhattanprosjektet i 1942 der han jobba med Segrè, både ved Berkeley og ved Los Alamos i New Mexico. Han gifta seg med Beatrice Babette Copper (d. 1988) i 1943 og dei fekk fire barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]